mandag 13. april 2015

Tette rør

Opplevde noko merkeleg her ein dag...
Takrenna på huset vårt har vore tett i faktisk fleire år no. Det vil seie at drensrøret frå takrenneutløpet ved bakken og nedover markane har vore tett.
Rune har gravd for hand eit stykke, men ikkje funne ein ytre skade. Håplaust prosjekt.
Så til no har takvatnet runne rett i grunnen, heldigvis med god drens i sjølve bakken så det ikkje har trekt inn vatn i kjellaren.
Men no har vi tatt spada i eigne hender, tok ein sjanse og saga av drensrøret. Akkurat der det vart saga var det potte tett av mold og lauv. Det var berre å grave ut og sjå kor langt det var tett. Men
akkurat 20 cm inn fann vi grunnen til at drensrøret var tett:

Ei ØLFLASKE!!!!???
Kva i all verden gjer den i eit drensrør? Og under bakken? Kvar har den kome ifrå?
Det er meir enn underleg at det skal gå an!
Det er ei gamaldags ølflaske. Vi mistenker at det kan vere ein unge som har putta den nedi når drensrøret vart kopla frå takrenna. Men på ei anna side er også denne teorien litt rar, sidan det var nettopp fordi at drensrøret var tett at vi kopla det i frå i utgangspunktet!! Det var altså kopla i frå og vart ståande ope ETTER det var tett.

Folk får som regel lauv og kvist nedi der, men nei da! The Rotevatns har visst fått ei ølflaske!
Uansett... No er flaska kasta, og røra er opne, og vatnet kan renne fritt frå taket og ned i drensrøret og bort!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar