fredag 17. april 2015

Hurra for Rune

Mr. Rotevatn har hatt bursdag!
13. april hadde Rune bursdag!
Det var ingen rund dag, men han er verdt å feire likevel!
Snille, gode, kjekke, pene mannen min!

Han likar ikkje å feire bursdagar, så det vart ingen feiring med selskap.
Men han stod opp til ballongar og flagg på bordet, godteri på spiseplassen sin til frukost, og fru Rotevatn drista seg til å henge ut balkongflagget i tillegg!

Eg var på jobb, så når han stod opp var han heime åleine.
Då tenkte eg at han måtte jo ha det koseleg der til eg kom heim!

Når eg kom heim så spiste vi først middag, og så fekk han heimelaga vaniljepudding til dessert litt seinare.
Han likar ikkje kaker og søte desserter, men vaniljepudding og vaniljesaus går ned på høgkant!
Så då måtte fru Rotevatn ta på seg husmormaska og lage god, gamaldags pudding heilt fra botnen! Og den vart sååå god!

Seinare fekk han pakkar og bursdagskort, og vi spiste både pottis og godteri!

Slik var bursdagen til Rune, heilt etter hans eige ønske.
Sjølve festinga tok vi helga som var før bursdagen!

Gratulerer med bursdagen, kjekke mannen min!
Uendeleg glad i deg!



mandag 13. april 2015

Tette rør

Opplevde noko merkeleg her ein dag...
Takrenna på huset vårt har vore tett i faktisk fleire år no. Det vil seie at drensrøret frå takrenneutløpet ved bakken og nedover markane har vore tett.
Rune har gravd for hand eit stykke, men ikkje funne ein ytre skade. Håplaust prosjekt.
Så til no har takvatnet runne rett i grunnen, heldigvis med god drens i sjølve bakken så det ikkje har trekt inn vatn i kjellaren.
Men no har vi tatt spada i eigne hender, tok ein sjanse og saga av drensrøret. Akkurat der det vart saga var det potte tett av mold og lauv. Det var berre å grave ut og sjå kor langt det var tett. Men
akkurat 20 cm inn fann vi grunnen til at drensrøret var tett:

Ei ØLFLASKE!!!!???
Kva i all verden gjer den i eit drensrør? Og under bakken? Kvar har den kome ifrå?
Det er meir enn underleg at det skal gå an!
Det er ei gamaldags ølflaske. Vi mistenker at det kan vere ein unge som har putta den nedi når drensrøret vart kopla frå takrenna. Men på ei anna side er også denne teorien litt rar, sidan det var nettopp fordi at drensrøret var tett at vi kopla det i frå i utgangspunktet!! Det var altså kopla i frå og vart ståande ope ETTER det var tett.

Folk får som regel lauv og kvist nedi der, men nei da! The Rotevatns har visst fått ei ølflaske!
Uansett... No er flaska kasta, og røra er opne, og vatnet kan renne fritt frå taket og ned i drensrøret og bort!

onsdag 8. april 2015

Gla'påske

Hei hei! Da er påska vel overstått, og det lille av påskepynt må vel pakkast ned.
Alltid litt vemodig å pakke vekk Eggbert!
Fann ein så tøff plass til han i år, så synes eigentleg han berre kan få sitje der.

Påskeferien i år har vore lang, sidan eg faktisk har teke ferie i dagane mellom palmesøndag og skjærtorsdag. Og det har vore godt det.
Dagane har starta med ein god og lang frukost, og sola har skint med jamne mellomrom også. Så det vart rett så påskete av og og til.  

Vi har derimot ikkje vore på skitur. Det har vore for lite snø til det, der The Rotevatns brukar å gå. Vi held oss i "lavlandet" og i skogen, og det er sikkert tryggast både for oss sjølv og andre.
Det var likevel mykje folk i både skitrekk og i skiløyper elles. Men eg likar ikkje å "gå på ski i kø"...

 
Eg var derimot ein tur på Vatne og i Brattvåg, og besøkte min gode familie!
Og no MÅ eg få med fotokamera snart, for eg gløymer jo heilt å ta bilete når eg er på tur! Har eg det med så tek det plass, og då kjem eg på det også!
Men eit "selfie" frå Snapchat fekk eg no sjølvsagt med!
Eg tok faktisk BUSS heilt fra Volda til Brattvåg. Det er ikkje noko pes det, for "normale" folk, men for meg er det verkeleg ei bragd, utan å gå nærmare inn på det akkurat no.
Eg kom meg i alle fall heilt fram! OG tilbake!
Og det var kjempekjekt å treffe alle igjen!
 
*********************
Eg fann ein artig ting på nettet, der ein kunne lage påskeegg-pynt med serviettar. (Eg og dei serviettane!) Det er meininga å blåse ut innhaldet i eit rått egg, pynte dei og henge dei opp.
Men eg synes det var unødvendig med "henge-egg-pynt" så eg ville prøve å pynte kokte egg i staden. Tenkte det kunne vere litt koseleg for Rune å få pynta egg til frukost 
Dette er det du treng. Ja, i tillegg til kokte, avkjølte egg.
Klipper berre ut det motivet ein vil ha, og tek av kun det ytterste laget på servietten.
Så bruker ein eggekvite av 1 egg til å feste det på egget.
Ein legg serviettmotivet på egget, og så bruke ein pensel til å klisje eggekvite over. Då set det fast!
Eg brukte berre fingrane, sidan eg ikkje hadde pensel. Gikk bra det også!

Vart no litt koseleg dette!? Veldig enkelt!
Rune trudde det var kjøpt påskeegg som berre var pynteting. Det var no eit godt skusmål!
Var no litt artig å ete dei slik! Nesten litt synd, men det var jo meininga at dei skulle etast!

Har ingen naturfoto av påska, det var det nok av på facebook. ;)