Eg har ei gammal Singer symaskin som eg arva etter mi kjære mormor! Den er eg sååå glad i.
Rune meiner eg burde sy litt med den, og leita dermed fram heile 4 (!) dongeribukser som trengs reparasjon! Jo da, dette skulle no gå bra, tenkte eg.
TENKTE eg!! Det var ikkje så enkelt som det såg ut som...
Eg er, som skildra i eit tidlegare innlegg, inga sydame... Og alt må lærast frå skrætsj!
Men når eg drog maskina fram på bordkanten, tørka støv av den, plugga den i og såg at den var klar med tråd både på underspolen og "overspolen" så drøymde eg meg vekk og tenkte at eg måtte no ha eit overtrekk til maskina, slik den ikkje støva sånn ned mellom kvar gong eg skal bruke den! For det er ein reell fare for at den gjer nemleg det.
Så i staden for å gjere noko veldig fornuftig, så eksperimenterte eg meg ein duk. Dette er ein juleduk, ein løpar, som eg berre "kveila" rundt maskina og klipte av den overflødige lengden. Så sydde eg den saman. Då kom englane på framsida. På baksida så står det Christmas Greetings, men der er det ingen som ser. Så måtte eg no sy saman toppen, og skråe inn litt i hjørna. Rett-fram-sting, litt og litt, så var den ferdig.
Ingen botn i dette overtrekket. Tenkte at eit OVERTREKK ikkje treng botn. Maskina står på bordet til vanleg, og skal ikkje transporterast nokon stad.
Vart det ikkje bra fint?! I alle fall for ein amatør som eg er!
Buksene ligg der fortsatt, klare for lapping. Men eg rakk å gjere ferdig ei av dei da, før underspolen var tom og eg ikkje hugsar korleis få tråd spola ned på den. Det får vere neste prosjekt...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar