onsdag 24. september 2014

Ein fin dag

Hei, her bur eg!!
Dette var 17. september, og ein av dei siste, varme sommardagane. Etter ein liten snublings, (ikkje bokstavleg altså) så "reiste eg meg opp" og fekk betre dagar med positive framsteg og impulsar.
Ja men, sola skin, og eg har ein snill mann som lagar piknik til meg på stranda! Kva meir kan ein ønske seg?!
Arma mi heng no rett ned, men i andre bar eg to deilege baguettar med heimelaga eggesalat som Rune "heiv i hop"!

Han planta meg på ein campingstol i sanden, og eg berre nytte livet! 
Snille mannen som vartar meg opp! 

Og sjekk her! Denne kreasjonen på hovudet laga eg til heilt sjølv!
Med 1 arm og goooood tålmod og god tid! Det ser kanskje meir avansert ut enn det er. I grunnen berre tre stk fletter ned på ei side, eit hårband, og så fletta eg i hop dei tre flettene til ei, og festa den bak med ei klemme.
Ja, for eg klarer å lage ei flette på sida no! Hurra!
Eg var iallefall blid!
 
Det er ikkje så mykje ein kan drive med heime heller når ein går slik. Men Rune henta dei ca 10 eplene vi fekk i treet vårt i år, og skar dei opp til meg. Desse laga eg eplekake av!

Det er berre å hive i mikseren og tømme ned i forma med eplebiter oppi. Til og med EG klarer det, med mine husmorevner og mitt noverande handicap!
 
Slik vart resultatet rett frå ovnen: 
Eg tok med meg halve kaka til gutta på jobben dagen etter, og fraus ned resten. Nam nam!
Eg jobba i heile 3 timar medan eg var innom kontoret, noko eg angra på natta og dagen etter, men det er no det... Det er visst noko i det som fysioterapeuten og kirurgen sei, at 3 veker sjukmelding er ikkje nok. Men etter eit par dagar med tilbakesteg, så er eg på full fart framover igjen!
To steg fram og eit tilbake, så lenge det går framover!

Smerter

Det er ei utfordring å møte seg sjølv i døra, eller gå på ein vegg, eller berre rett og slett få kaka rett i fleisen!
Slik har eg hatt det no etter operasjonen. Eg visste jo vêl godt at det kom til å bli vondt etter ein slik operasjon i skuldra, men etter å ha googla så fann eg dei beste historiene der folk vart gode att etter 3 veker, og klarte det meste utanom å trene styrke etter berre eit par månader.
Vel, etter ca 3 veker fekk eg ein dett, der eg trudde eg aldri kom til å bli betre, eller at noko var øydelagt, og at eg kom til å bruke altfor lang tid på rehabiliteringa.
Etter nokre få fine dagar, så kom smerta igjen så intenst. 
Eg som trudde eg skulle begynne på arbeid igjen no så smått...

Ikkje klarte eg å løfte arma 1 cm når eg låg på rygg, og etter den minste aktivitet så kom smertene. Og må heile tida passe på så eg ikkje beveger arma slik den ikkje skal. Det blir ein del søvnlause netter og tidlege morgonar med smerter. Og pga 2,5 veker med sterke smertelindrande tablettar fekk eg smerter i magen også, og måtte kutte ned på coctailen eg tok.

Ein blir ikkje berre fysisk dårleg av slikt, det går jo også på psyka laust! Det å ikkje kunne køyre bil, vere avhengig av andre, sjå på ting i heimen som skulle vore gjort men som ein ikkje får til. Å ikkje kunne ordne seg skikkeleg på håret, og må spørje om hjelp til den minste ting. Å ikkje kunne kose seg på fjelltur, men må sete heime og sjå på fjella i staden.
Og det er kjedeleg å ikkje kunne gå på jobb også. Prøver å jobbe litt heimefrå, men pc er berre ok i korte stunder.
Eg veit sjølvsagt at eg ikkje har det so verst, at dette skal vere forbigåande og at andre har det 100 gongar verre enn meg, og er plaga kronisk resten av sitt liv. Men midt oppi det, så tillet eg meg sjølv til å syte litt også...

Dette biletet tok eg når eg gjekk ein liten rusletur framover setervegen. Det var etter ei totalt søvnlaus natt, der eg endeleg sovna sitjande i sofaen i stova kl 8 om morgonen, til kl 12. (Ref. første biletet, der kl var 05 på natta og eg trøsta meg med kakao) 

Når ein går på ein smell, har mange tanker og negative forstyrringar i hovudet og synes synd på seg sjølv, så kan ein ta ein slik dunete blome, hald den opp, tenk at på denne står alle dumme, negative tanker, og så bles du dei vekk!!  

Eg veit ikkje om eg er veldig overtruisk eller om eg hadde rein og skjer flaks, men dagen etter så "glapp" den kroniske smerta i skuldra!!
Døra opna seg, veggen var i god avstand,  og eg hadde berre kakerestar att i fleisen.
Øvingane mine hos fysioterapi og heime gjekk også mykje betre etter denne dagen. Eit nytt håp er tent og eg ser positivt på rehabiliteringa framover no! :)

tirsdag 16. september 2014

Første gåtur etter operasjonen

Onsdag, nesten 2 veker etter operasjonen, var eg ute på min første "lange" gåtur. Då gjekk eg heilt ned til Botnasanden og oppatt. Det er vel kanskje omlag 3 km.
Men eg var stolt likevel! Beina er det jo ikkje noko galt med, men det ristar og bevegar seg i skuldra når eg går likevel. Eg har jo ingen fatle.
Her står eg på brua og filosoferar for meg sjølv.

Det gjekk lang tid å gå, for det var jammen ikkje ein treningstur. Men det var godt for både kropp og sjel å få kome seg ut i frisk luft og berre nyte naturen og sjå på kor fint vi eigentleg har det her!

Idyllisk eller? Ja, det er det!
Fine hestane som beiter, Rotsethornet i bakgrunnen, litt haustfargar som bryt seg fram mellom alt det elles så fine, frodige og grøne!

Det er berre å sette nasa i været og kjenne på den gode seinsommardufta og nyte livet!
Slike dagar er gull verdt! 

Botnasanden. 
Langgrundt og flott! 


Og eit "selfie" som bevis på at eg faktisk kom meg heilt til Botnasanden! 

torsdag 11. september 2014

Tid for rehab

Det har gått 2 veker sidan operasjonen, og eg finns fortsatt!
Eg fann ut at dei første 2-3 dagane var eigentleg heilt fine, i forhold til korleis det ville bli. Frå den 4. dagen gjekk nemlet kortisonen dei hadde sprøyta inni skuldra mi ut, og bedøvinga slutta altså å virke. DET var meget merkbart... Det har verka kronisk nokre dagar, og vore heilt ok andre dagar. Men uansett kva dag eg har hatt så går det ikkje an å rett arma fram eller ut til sida eller bak. Dette er det eg skal gjere øvingar for, og gå til fysioterapeut for.
Her er eit bilete eg sendte på snap ein dårleg morgon, mest for å få sympati tilbake. For det har eg av og til trengt! Hehe...
 
Men eg kan melde om at eg tok stinga mine heilt sjølv, og det gjekk strålandes! Det vil seie at såra ser fine ut, og eg fekk dei ut heile. Det skal innrømmast at det var litt vanskeleg med ei hand. Men med ein mann som nesten svimer av og blir superuvel ved synet av ein skalpell, tråd gjennom hud, nål eller sprøyte, så berre prøvde eg sjølv, og seira!
Æsj, dette er når eg tok av bandasjen for første gong. No er det reint, flatt, og viser berre nokre prikkar og strekar på storleik som ein stift frå stiftemaskin. Så det blir nok bra.
 
Eg har forresten passa ein liten dverg chihuahua i helga, og DET var medisin for ei "synes-synd-på-seg-sjølv-sjel"
Dette er bittelille Princess!!  
Og slik var ho nesten heile tida. Søv på fanget mitt heile dagane.
Og dilta etter meg uansett kvar eg gjekk. Før eg hadde fått rumpa på sofaen så var ho i fanget mitt.  
 
Lille ekornet!! Såå nusselig da!  
 
 
Det var så lite arbeid med ho, at eg fint kunne passe ho med ei arm.
Hundar er medisin!
Eg vakna så tidleg om morgonen for tida, og då var ho klar for luftetur. Det var litt av eit syn når eg gjekk ute i hagen med håret til alle kantar (i mangel på "frisør" som kunne hjelpe meg så tidleg om morgonen), med joggebukse og morgenkåpe på. Men det gjekk bra.
Og etter litt morgenstell av meg sjølv, tablettar på meg og fôring av ho, så koste vi oss i sofaen inne, eller på kjøkkenbenk-sofaen, eller ute i sofaen på verandaen i sola. Vi var litt av nokon sofagrisar begge to!
Så i helga har eg kosa meg med bøker og liten kosebamse, og nydeleg og varm sol.
Og med sterke tablettar...
 
Rune måtte smelte litt han også for dette lille nurket... 
Han likar jo helst HUNDAR, ikkje små rotte-hundar... Men dyr er dyr, og då er vi frelst uansett!
 
Laurdagskvelden sovna både eg og Princess på same pute, og Rune tok eit par bilete i smug. Dei fekk eg sjå i dag, og måtte berre le. Sovehjerter på puta!

Trur vi har hatt det veldig bra begge to "prinsessene" i helga.
Rune er så hjelpsam no når eg er så handicappa, så han vartar meg opp. Så eg har i grunnen levd som ei prinsesse altså! Sånn sett kan eg ikkje klage!
 
Men no er eg i gang med fysioterapi, så no håper eg på betre dagar i vente.
Har ikkje fått massasje enno, noko eg saknar, men driv med slynger og slikt. Men eg har ikkje håp om å hente i turnringar enno...
 
 
 
 
 

tirsdag 2. september 2014

Skulderoperasjon

Dei som kjenner meg godt veit at eg har vore plaga med skuldrane mine i lang tid, og spesielt dei siste 3 åra. Eg har generelt "spaghettiarmar", det som eg kallar muskellause og forhaldsvis tynne armar og skuldre. Men når eg har prøvd å trene dei opp, eller bruker dei mykje, så får eg smerter og betennelse veldig lett.
Utløysande faktor for eit par år sidan var når eg malte taka på heile stova og kjøkkenet med pensel, for hand. 3 strøk. Etter det vart smertene verre, og blei aldri bra att sjølv om eg tok det roleg nokre veker.
Min dumme avgjersle; MALE taket...

(Heimelaga slyngetrening for eit par år sidan)

Dette sette i gang prosessen med legebesøk og fysioterapi med slyngetrening utan at det hjalp, grein meg nesten til antibiotika og MR undersøking, og fekk konstatert impingement syndrom.
"Kroniske smerter i skulderen lokalisert til det subacromielle rommet kan være forårsaket av betennelsesreaksjoner i rotatormuskulaturen eller som bivirkning av seneavrivning i en eller flere av rotattorcuffens sener. Hevelse i denne muskelkappen kan forårsake inneklemming(impingement) mellom overarmsknokkelen og et fremspring på skulderbladet (acromion). Dette fører gjerne til smerte, svakhet og nedsatt bevegelighet og funksjon i skulderen. Smerterne er lokalisert høyt på overarmen og forverres ofte ved løft av armen fremover og ut fra kroppen" ref www.Aleris.no 

Det vart ikkje gjort noko meir med skuldrane mine, for legen ville unngå operasjon. Så eg lærte meg å leve med den slik den var, med varierande smerter, nedsett røyrsle og generelt håplaus situasjon.
 
Så fekk eg i februar problem med hofta mi. (Ja, eg har kome i reperasjonsalderen... Og med mykje gikt, artrose og leddtransplantasjonar i familien, så føler eg at eg måtte følge dette opp litt) Eg reiste rett til kiropraktor utan å besøke legen først. Låst bekken, stive scener, og moglegeins betennelse i hofta. Han knakk på meg 6 gongar, og i samme rennet tok han skuldrane mine. Fekk litt meir røyrsle rett etter knekket, men stivna til att med ein gong. Akupunkturbehandling virka litt, men hjalp ikkje likevel. Så kraup eg til korset og besøkte legen. Han sette kortisonsprøyte i hofta, og bomma. Så då henviste han meg til Medi3.
 
Der vart hoftene mine vurdert, og der var betennelse ja! Og han meinte på ny kortisonsprøyte på riktig plass ville hjelpe. Ellers var det to kirurgiske moglegheiter som kunne hjelpe. Der er knepping i hofteledda, og det kan tyde på ei skade/slitasje på hofteleddsleppene. Den operasjonen er "open" og eg vil unngå den. Så vi utsette behandling. Men han hengte seg opp i historikken min om skuldrane, og tok ei vurdering sjølv om eg ikkje hadde henvisning på dei. Takk!!!
For etter 1 minutt med løfting av arm, strekk og bøy, så sa han berre "Oi, denne er meget stiv, og det vil aldri hjelpe med fysioterapi på denne."
Så eg var til vurdering av hofta mi og kom ut att med time til operasjon av skuldra.
 
Torsdag 28. august var dagen...
Onsdag etter jobb reiste vi til Ålesund, og bodde med svigermor denne natta.
Det var mykje nervar denne natta som herja i kroppen.
 
Rune var snill og følgde meg heilt inn, heilt til døra på operasjonsrommet.  
Her er skuldra mi før operasjonen. Uff, stakkars skulder. Her er eg litt sløv i blikket pga dei blå pillane, som eg vart godt kjent med etterkvart.
(Bildet er ikkje av meg, det er henta frå metodebok-ortopedi.ihelse.net )
(speglvendt bilete)
Dette vart ein kikholsoperasjon, og glad er eg for det.
Eg var litt engstelig for narkosa, og sjølve oppvakninga. Men alt var så enkelt og fint der. Eg gjekk med veska mi inn på eit rom. Sette frå meg veska, drog ned stroppa på singletten, og sette meg i ein slags "tannlegestol". Hadde eigne kle til og med. Fekk ei nål i arma, og GOD NATT!
Vakna ca 40 min seinare av at "I'm a Passanger" av Iggy Pop ljoma ut av høgtalarane, og at sovedoktoren rista i meg og sa at "Frøken Rotevatn ("FRØKEN!!") du er på Medi3 og du er ferdig med operasjonen"
"NO? Au, har dåkke hatt eit rør i halsen min? *host* Jaja. Oi, eg lovde meg sjølv å ikkje snakke etter eg vakna, for eg sei så mykje rart!"
Dei løfta meg etter den friske arma og eg gjekk to rare, signe steg bort i ein stol, og der satt eg. Litt fortumla. "Husk å puste!" sa dei, og eg kom på at det prikka litt i leppene, og at eg ikkje hadde pusta på ei stund. "GISP! Ja, det er kanskje litt lurt!!" (Eg som ikkje skulle snakke...)
Uansett, operasjonen gikk veldig bra sa dei. Dei har høvla veldig mykje av noko styr inni leddet, og frest av mykje av eit bein. Der var visst nok å ta av...

Rune tura med meg ned i bilen, og der sat eg blid og fornøgd heile vegen inn til Volda. Lite smerter og i ein god "blå-pille-rus" 
Følte meg såpass frisk at eg sette meg rett ut i solstolen og nytte sommardagen.
Eg merka godt at bedøvelsen gjekk ut av skuldra etter 1. dagen. For på 2. dagen kom smertene og eg måtte til med noko medbragt tabletter. Det som var dumt med desse var at eg vart så innmari sløva. Eg sette meg i sofaen, begynte å døse vekk, og bråvakna av at eg ikkje pusta! Så dei tok eg berre når eg var våken og kunne komme på å puste sjølv.
 
Dag 3, laurdag, var ein strålande dag! Med tabletter innabords, så gjekk eg meg ein tur heilt ut i hagen. Det bugnar av plommer, og eg skulle ta et "selfie" av at "sjå fine plommene, og her plukkar eg ei" Men fann ut at sjølv om den hang rett framfor nasa, så nådde eg ikkje opp!!! 
Ikkje samtidig som eit bilete skulle takast iallefall.
 
Nettene var lange, med lite søvn. Å ha ekstra dyne i ryggen for å sitte-ligge er ikkje noko kjekt. Smerter og lite søvn har gjort at eg kjem meg fort opp om morgonane...
Søndag var dusjedag. Då skifta eg ein blodig bandasje, og fekk rensa og vaska såra.  
Her ser ein best det største "holet". Dei to små er på kvar si side av dette, og er ganske flate og fine. Men dette i midten er stort, og det er snurpa saman så innmari.
Eg er uansett veldig glad det var ein kikholsoperasjon, og ikkje ein open operasjon.
 
Så no er eg sjukmeldt nokre veker, og skal starte på fysikalsk handsaming på torsdag.
Inntil då så driv eg med enkle pendleøvingar heime.
 
Kvardagsrutinene går tregt. Nokre ting som har blitt vanskelege er mellom anna; 
* Å stå opp om morgonen. Å løfte av seg dyna!
* Å kle på seg. Det er beste å stige oppi ein singlet og drage den oppover og på plass. "Tversover-bh" er ein smart ting. Strømpene bør vere slakke, og joggebukse er eit must. Jakker over der igjen, og for all del hugse rett arm inni først.
* Hår. Rune vaskar håret mitt medan eg står framoverbøyd inn i dusjen. Han har aldri vaska håret mitt før, og fekk sjokk over kor tungt det var. Hehe. Børste det klarer eg sjølv, men han må lage hestehale. Etter 6 dagar med hestehalelaging så har han begynt å bli flink.
 Første dagen...
* Dusje går greit. Dusjen set eg på lavaste høgde, og brukar god tid. Så går det bra.
Men for eksempel å ta på deodorant når eg ikkje får arma UT kan no bli litt klønete.
* Bere ting er vanskeleg, sjølv om det er berre noko lite. Så lommer er bra!
* Pc skriving, det gjerast med venstrehanda og ein finger på høgre. Men det går berre i ca 30 min før skuldra sei stopp. 
* Sminking er berre å glømme. Litt maskara går greit. Men eg har ikkje vore utfor dør sidan torsdag så eg har ikkje prøvd så mykje på det.
* Å ete kan vere ei utfordring. Rune skrellar potetene mine, og deler opp evt kjøttstykker. Eg bruker venstre handa, og evt bøyer meg ned på tallerkenen for å putte mat i munnen med den andre.
 
Så det er er litt av eit skue for tida her hos The Rotevatns. Mykje latter av rare situasjonar, og ein god del hyling når arma beveger seg bittelitt feil. Men stort sett går det bra så langt.
Arma fungerer som ei dinosaur-arm. Dei fleste veit at dei er små og korte, og dinosauren når ikkje dit han vil. Arma mi er lang, men eg får den ikkje opp og ut i det heile tatt.
Så det er slik som på biletet under: 
 
Då har eg brukt nesten ein dag til saman på dette innlegget, og melder meg herved ut for idag.
Legg meg på eit vis i sofaen, ropar på Rune og ber om eit glas brus!
Litt luksus må ein unne seg i desse dagar.