Siste helga i mars var heile kontoret på konferanse i København, og dette med følgje. Så i tillegg til mykje messer og foredrag, ny kunnskap og oppfrisking av gamal, så var det mykje sosialt og litt fri til å vandre i sentrum og nye byen! Og FOR en by!!
(Hotellet)
Dette var ei langhelg, der vi skulle reise med fly torsdag, og oppatt søndag. Men med min agorafobi, og med Rune sin flyskrekk, så måtte vi reise onsdagsmorgen og oppatt tirsdagskveld. Ja, litt tungvint, men sånn er det berre! Eg og Rune starta med å køyre til Strømmen, der vi parkerte bilen og blei køyrt til DFDS-kaia av kompisen vår. (Stopp på veg nedover "Dala")
Har alltid vore frista til å ta en sparketur med trollet! Endeleg!
Tok så danskebåten over til København slik vi var der torsdagsmorgen.

The Rotevatns på tur. Skal om bord i DFDS
Torsdag brukte vi dagen på å gjere oss kjent i gatene i byen, og fann fram til butikker som selte brukt vinyl. Dette var Rune sitt ønske.
Og eg gjekk på Strøget og kikka i butikkar.
På kvelden kom resten av folka på kontoret, og vi spiste middag på Mash. Der var det kjøtt og atter kjøtt. Så "kjøttete" at eg nesten vart vegetarianar.
Vi frå kontoret sat i eit eige rom, faktisk i vinkjellaren!
Kjempekoseleg var det, med gode vinar og pommes frites! Resten synes eg ikkje noko om. Men for dei som likar rå biff, og haugevis med spekeskinke så er dette plassen for dei! (Kan no hende eg var litt vêl uheldig også da)
Fredag var det opning av konferansen kl 11.00, og då gjekk det slag i slag med leverandørmesse heile dagen.
Om kvelden gjekk heile gjengen (350 stk) eit par kvartal til ein plass for å spise middag. Det var ein gamal bank faktisk.
Der var det fantastisk mat! Meeeeget godt! Og det aller beste var desserten!
Sjokoladefondant med bringebærsorbet! Og heldige meg har ein mann som ikkje likar dessert, så eg fekk sorbet'en hans også! Her var det prisutdelingar, og firmaet vårt vann heile 2 prisar! På scena var eg også! Jøjje meg då! Men det var stas!
Underhaldninga var "Elvis", og han fortsette kvelden utan kostyme og var meir som ein karaokesyngar. Så vi to trekte oss unna dansen og gjekk på pub! Kjempekoseleg!
Og der fann eg meg ein "prinsessestol" sånn for seg sjølv. Måtte no berre!!
Laurdag slapp dama på kontoret å vere med på messa som starta 8.30, så eg stod opp til konferanse til kl 11.00. Utpå dagen var det fritid igjen, og medan Rune bladde i vinyl (kvar dag) så rusla eg i gatene, fann Køpmannsgata, og kjøpte meg verdens beste milkshake!
Proteinshake kalla dei den, og det treng ein når det er lange dagar og kveldar. Og bortsett frå torsdagen, så var det sol og blå himmel, med varme opp til 12-13 grader. Så det var nydeleg å rusle i byen i helga.
På kvelden var det stormiddag på hotellet. Så det var berre å pønte seg så godt det let seg gjere og gjere seg klar til eit festmåltid med underhaldning.
Bordet vårt
(Gustav Nilsen, her som Helstrøm)
Her var det underhaldning med stand-up-mann som konfransier. Eg trur vi flira fra første ord før forrett, til siste ord før bandet begynte å spele!
Natta varte og rakk, og vi var glade for at vi hadde ein dag ekstra i byen før vi skulle ta danskebåten heimatt! Søndag tilbragte eg og Rune aleine i byen. Lunsj i parken, med grilla kyllingspyd, brus og kvar si Carlsberg. (Pilsa kjøpt på 7-11 på ein søndag! Just sayin')
Vi rusla oss nedover gatene og fann Nyhamn. Det er på ein måte Oslos Aker Brygge. Der var det rekkevis med koselege resturanter langs hamna. Sola varma og vi sat ute til kl 20.00.
Tok taxi heim til hotellet, og så gjekk vi på konsert i 21-tida. Rune fann ein plass med rock-punk-band som spelte. Genialt! Så vi to har fått med oss veldig mykje på denne turen.
Og apropos tur og ferie, så har ikkje vi vore på ferie på fleire år, så dette gjorde godt! Vi blir litt bundne når vi ikkje tek fly eller buss... Det må vi gjere noko med. Som å kjøpe ny bil!
Ellers er vi godt nøgd med turen, og takkar for i år! Og København!!! Vi sjåast snart igjen!!