torsdag 27. februar 2014

Forfrisking

Friske smoothies er så godt!!
Dette er bringebærsmoothies, og det smaker berre heilt fantastisk.
Eg har tatt i bruk min nye blender, som faktisk klare å knuse frosne bananar og bær! (Den gamle var så gamal og sløv)
Så no har eg fått litt dilla igjen!
Eg brukar frosne bananar, frosne bær og mild/lett vaniljeyoghurt. Veldig godt til frukost, kveldsmat eller berre til ei forfrisking innimellom!

Dette er blåbærsmoothie. Her brukte eg ingen frosne ting, for eg hadde dårleg tid. Så det vart ein halv banan, litt yoghurt og blåbærsylte. Men god vart den!


Eg har prøvd meg på å laga banansoftis også. Då brukte eg frosne bananbitar, frosne bringebær, og melis. Den fekk same konsistens som softis, og det var utruleg godt.  
 
Skal nok prøve å ekspreimentere litt til, med havregryn oppi og litt variantar uten melkeprodukt også.
Uante mange oppskrifter på smoothies!
Learning by doing!

mandag 17. februar 2014

Fjelltur

Det var ein gong eg var rastlaus, og fann ut at eg skulle til fjells!
Ikkje kvar dag det, men denne søndagen merka eg at sofaen åt meg opp, og eg måtte berre UT og få frisk luft. Det var nydeleg vêr, så kvifor eg ikkje gjekk tidlegare veit eg ikkje. Men når klokka vart 15.30 så kom eg meg avgårde. Det var ikkje lenge til det vart mørkt.
Skulle eigentleg berre rusle ein tur, men kom inn til golfbana i Vassbotnen og gjekk litt framover vegen. Der ser eg vegen opp til Botnasetra, og den vegen heiter Huldresvingane (Himmelvegen) og eg vart frista til å prøve meg oppover. Har vore 1/3 på veg opp tidlegare, men då snudde vi fordi det var lengre enn vi trudde og det vart mørkt.
Kanskje eg skulle rekke dette denne gongen? 
 
 
Eg gjekk kanskje 200 meter, og då byrja bakkane og svingane med ein gong. Og jammen er der bratt!! Følte eg gjekk med 45*vinkel i ryggen av og til.
 
Denne drikkeplassen er plassert ca halvvegs, og eg merka at tørsten kom. Synd at alle bekkar var gjenfrosne, og det var like før eg sette meg ned og slikka isen! Så tørst var eg. 

Når eg nærma meg toppen, var eg ikkje nærme likevel. Slik er det med desse svingane. Du trur du er oppe, men så kjem der ein sving til, og ein til... Men eit stykke oppi lida så fekk eg utsikta over Volda og merka kor langt opp eg eigentleg var komen. Det var motivasjon nok til å fortsette!

Eg skulle kanskje visst på førehand kor langt det var, men i ettertid kanskje det er greitt at eg ikkje visste det.

Vanskeleg å illustrere på bilete dei bratte bakkane, men her er eit bratt parti mot toppen.
 
Endeleg var eg oppe! Trass varme dagar med vårtemperatur så beit den kalde vinden her oppe, og eg fekk duppe joggeskoa i snø!
Og for ei utsikt!! Eg rakk dagslyset, og fekk nyte synet. Sprang rundt på sætra for å ta bilete og danne meg eit inntrykk før eg måtte ned att før det mørkna.

Ein fin rasteplass på toppen. Eg såg på biletet, når eg kom ned att, den grøne boksen på bordet. Det er jo her ein skal skrive seg inn!! Shitt! Tenk å gå glipp av det!! No har eg ikkje bevist at eg har vore der!
Men eg veit det sjølv, og det er jo det som gjeld :) hehe!



 
På veg nedatt starta eg lett til beins! Rumpe, leggar og lår hadde fått jobba hardt oppover, og no skulle eg berre rulle meg nedatt. Trudde eg! Det er jo nedatt som er låkast! Knea skalv og eg såg ut som Olivia i Skipper'n! Men med musesteg ned det brattaste og jogging dei slakkaste bakkane, så kom eg meg ned rett etter gatelysa kom på.

Vel heime etter ein flott tur!
Botnasætra ligg 480 moh, og vegen opp dit er ca 5.3 km. Eg starta frå trappa heime, så det vart litt lenger for min del. Såpass må eg no legge til.
Eg brukte 1 time frå trappa mi til toppen, og det med litt pauser for å puste og halde meg i live, og til å ta bilete. (Det var ikkje sooo gale altså, men litt annleis tur enn eg hadde tenkt denne ettermiddagen)
Ein fin trimtur som gav meg ei fin gangsperre, og ein flott tur for den som likar utsikt og koselege rasteplassar. Hit skal eg fleire gongar!

onsdag 12. februar 2014

Konsert!

Lissie konsert i Volda!
Dette er ei lita jente med ei stor stemmer og stor og god personlegheit!
Eg har alltid likt musikken hennar, men ho overraska meg positivt under konserten i Volda.
Ho syng så "enkelt" og uanstrengt, har utruleg bra kontakt med publikum, og virker veldig jordnær og snill. Ho både rockar og syng balladar med beste innleving.
Det var ei superfin oppleving, og eg er glad eg rakk det sjølv om eg var sjåfør denne kvelden.
Rune kunne ikkje vere med fordi han spelte sjølv på Maxibar i Ørsta.
Men når Lissie sa at ho kom ut etter konserten for å signere cd'ar osv og prate med publikum, så greip eg sjansen. Eg kjøpte ei vinylplate til Rune! Dette var den siste som var att, så eg hadde veldig flaks.
Så stod eg godt plassert i køa og fekk ho til å signere plata då ho kom ut i lokalet til publikum!
OG eg fekk tatt eit bilete av ho med den i hendene. 
Rune som elskar vinyl var kjempeoverraska og veldig glad for denne gåva frå meg!
Og eg er glad eg også, for denne plata er berre kjempebra!
 
Elisabeth fekk også signert CD-plata ho kjøpte. Og eg tok eit bilete av ho og Lissie!  

Kult når dei store stjernene tek seg tida og snakke med oss små, vanlege folka.
Og så viser det seg at somme av dei er like vanlege som oss!

mandag 10. februar 2014

"Riktige" val i kvardagen, eit lettare liv?

På nyåret så har eg sett i gang med trening igjen, og tenkjer at eg må begynne tidleg om eg skal klare å gå ned eit par kilo til sommaren. Slik tenkjer eg kvart år, og kvart år går det gale.
Eg klarer ikkje velje riktig og fornuftig! Men blir det eit lettare liv om eg klarer dette?

Slik som etter jul fekk vi på kontoret ei kake frå Litauen med to arbeidarar.
 
Dette var ei kjempespesiell og artig kake!
Men så gjeld det å heller ete lunsjen sin. Havregraut og vatn!!
Kjempelett val!!!
Nei... Det er det ikkje. Så eg måtte likevel smake på kaka. Som faktisk smaka krumkake!
Eg har ikkje sjølvkontroll på slike ting!
Eg meiner at livet skal nytast, så får det berre ta lengre tid å gå ned nokre kg. For godsaker og søtsaker MÅ eg berre ha.
Men ein slik frukost, DET er godt det!
 
Så er det trening da! Det er også vanskeleg å prioritere for meg. Eg må trene rett etter jobb, ellers så limer rumpa seg fast i sofaen heime. Så eg har prøvd å trene 3 gongar i veka, der eg joggar/går på tredemølle i 60 min, med styrketrening etterpå. Så får vi no sjå da... Har ikkje hjelpt stort enno, men eg har ein seig kropp som trivst med trivselsvekta SI. Og der VIL den vere... Og det er ikkje trivselsvekta MI...
Men med dårlege skuldrar med brusk og trange slimposar, så begrensar det seg med visse typar styrketrening. Som overarmar/skuldre. Prøvar å legge på vekter, men då verker det i skuldrane. Så det går ikkje så bra.
Og det er lite flaut å sete å trene styrke på minste vekta, dvs at eg ikkje har i "pinnen" ein gong på vektene. 9 kg!! Haha!

Så då prøver eg å bli fort ferdig med desse øvingane, for dette er litt flaut!

Generelt så prøver eg å spise sunt og fornuftig. Middagane våre er vanlege middagar med mykje grønsaker og salat. Og i vekedagane går det på rugsprø knekkebrød eller havregraut til frukost og lunsj. Men kveldane er verst. Då er det så lett å ty til deilege smørbrød, sjokolade frå skapet, eller potetgull som berre MÅ etast før dei går ut på dato! (!) Å begrense seg til 1 godteridag i veka har vi no innført. Men det er også vanskeleg å ha halde seg. For om eg er på besøk og dei set fram ei potetgullskål, eller ei kake eller noko, så forsyner eg meg av dette! Det er jo uhøffleg å la vere??
Men igjen, livet skal nytast, og eg har ingen intensjonar å pine meg gjennom dagane med minimalt med mat og berre tørre, fiberrike knekkebrød og pålegg utan smak. Men så kan det gå an å begrense seg då!
Og når det gjeld trening så har eg ikkje lyst å trene kvar dag! Eg har også lyst å kose meg. Det vil seie at eg har lyst å reise rett heim etter ein lang dag på jobb. Spise middag og sysle litt i heimen i god tid før det blir mørkt ute, gjere ærede, sitte i sofaen og sjå tv, besøke venninner, vere ilag med hr. Rotevatn, før klokka er så mykje og dagen er omme.
Av og til trengs det ei god økt på trening for å få slappe godt av etterpå. Trening er som medisin! Både for kropp og sjel! Så det vil eg aldri slutte med. Men eg er bedageleg anlagt, så det blir ingen livsstil med trening kvar dag med det første.
Livet skal nytast, og då blir vala mine slik at eg et god mat, om det er sunt eller usunt, men begrenser det litt med å ikkje ete godteri kvar dag. Og eg vel å trene, men heller ikkje det kvar dag.

Så får livet bli som det blir! Eg har i alle fall hatt det godt!
Om dog ikkje med bikinikropp!