torsdag 28. november 2013

Konfektlaging


Jaggu starta eg ikkje med litt konfektbaking i går!
Fekk litt aleinetid, vart prega av redsel for stormen som herja, og sette på høg musikk for å overdøyve knirk og blæst, og starta "prosjekt baileyskuler"!
Og måtte sjølvsagt smake på baileysen!

Desse kulene lagar eg av marsipan (Odense) og hakka mandlar. Blandar dette ilag med nokre spiseskeier med baileys (valfritt mengd, men eg brukte 3-4 ss.)
Så trilla eg dei i små kuler og då er det klart for sjokoladetrekket.
Då smeltar eg 100 gram melkesjokolade med litt delfiafett, dupper kulene i dette og rullar dei i O'boy og legg på eit fat. Set dei på avkjøling, og voilà, klar til servering.
Her er dei klar til avkjøling.
Desse skal eg lage fleire av, mamma! :) Veit du likar desse!

Eg prøvde meg på noko nytt også, Sara Bernard!
Desse vart eg ikkje heilt ferdig med i går, men dei ligg klar i frysen for å duppe i sjokolade.
Her fuska eg og brukte ferdig kransekakedeig som eg laga små "knappar" av og steikte i omnen. Kanskje litt for mykje, men betre lykke neste gong.
Så laga eg sjokoladekrem og sprøyta ein topp på kvar og ein knapp.
Desse skal eg dyppe i 70% kokesjokolade og eg håper dei vert så gode som folk snakkar om!
Eg skal legge ut eit bilete dersom det vert suksess.
Inntil då kan de berre sjå for dykk nokre deilige sjokoladetoppar som smakar som ein draum, og som for øvrig ser heilt perfekt ut! Reknar med det er slik det blir! :)



 


søndag 24. november 2013

Er ikkje heilt klar for jul enno

Det nærmar seg desember, og eg skulle vel og burde kanskje starte med både julenedvask og julebakst.
Men eg har ingen stress med akkurat dette enno.
Heilt til det blir 1. advent og folk set fram fine lysestakar i vindaugskarmane sine som lyser så koseleg ut i vinternatta. Då får eg også lyst å pynte litt!
Så ser for meg at eg neste søndag driv å vaskar vindauge på natta(!) for å få opp stakar og stjerner før eg legg meg!!
Men det er 1 veke igjen til adventshelga, og inntil då skal eg berre slappe av.
Sånn ca slik:
Her med en kaffe med baileys, kosebukse og beina oppi kjøkkenbrisken, medan Rune lagar deileg wok! Eg har det jammen fint på ein fredagskveld?
 
Men eg må vel leite fram kjevla snart igjen, for eg må no lage nokre julekaker i år også.
Her er fra julemannbakinga på kontorkjøkkenet i fjor. Men i år har eg eige kjøkken!
Klar til dyst!
Berre vente litt til... Er ikkje heilt klar.
 
Men eg kan no legge ut eit skrytebilete av eplekaka mi da!
Denne har eg laga heilt fra botnen sjølv, utan hjelp av Toro!! 
Og heilt utan grunn! Fekk berre så lyst å prøve.
Og det er eg stolt over. Den var ikkje so flat som den ser ut her altså, og om eg skal stole på tilbakemeldingane så var den kjempegod!! Fin å ha i frysen også!
 
Denne veka kom snøen, årets første liggande snø.
Må sei det var no litt koseleg.
Her har eg berre kaffe i koppen altså, og står inne og ser ut på snøen. Det byrja bli mørkt kl 15...  
 
Sjølv om eg ikkje vil byrje på julenedvask enno, eller bakinga, så må eg byrje på julegåvene. Så i morgon etter jobb skal eg på handel. Litt netthandling er allereie unnagjort, men må nok berre bite det i meg og kave meg gjenom køer og folkemengder på kjøpesenter i år også... Har eit mål om å bli ferdig til 7. desember.
 
God førjulstid!



torsdag 7. november 2013

Sydame? Eg?

Etter vi har fått kjøkkeninnreiing så passa ikkje lenger gardinene til vindauga mine.
Så no måtte eg til pers og leite fram symaskina mi som eg har arva etter mi kjære mormor, slik eg kunne sy dei om.
Dette er ei Singer symaskin av beste slag frå 1964, og det er ei ære å få arve denne! 
Mormor var ei kjempeflink sydame, og denne maskina har fått køyrt seg opp igjennom åra.
Så det var med litt skrekkblanda fryd at EG skulle leite den fram og pusse støv fra den og byrje å sy med denne.
Det skal seiast at eg ikkje har sydd ein cm sidan ungdomsskulen! Hugsar berre at tråden floka seg, at eg ikkje fekk til å tre tråden på maskina, og det var noko med å sy framover og bakover. Ikkje alt ei sydame bør kunne akkurat.
Så det er ei lukke at det fulgte med brukarrettleiing og idebok.
Og bra at eg tenkte på førehand at eg treng symaskintråd i kvit, og knappenåler.

Byrja med at eg fann lysbrytaren på maskina! :) 
Og det var ingen kvit tråd på spolane, så eg måtte til å spole på tråd, eller kva det heiter. Og det var ikkje berre berre. Men det gjekk på eit vis!
Om det var rett veit eg ikkje, men tråd på spolen vart det.

Så var det kunsten med å tre maskina. Det er jo reine skjere ingeniørvitskap å kunne det. Då var det godt med ei brukarrettleiing frå 1964 med bilete og forklaring.
Og korleis i alle dagar ein får opp undertråden ved å snurre hjulet slik nåla går ned og får med seg tråden oppatt? Det er eit mysterium for meg enno. Men det fungerer visst slik! :)

Tenkte eg skulle sy ein saum på ein koppehandduk som hadde rivna i saumen. Må byrje i det små.

Maskina fungerte som berre det! 
Og det vart no ein saum som held! 
Men minna frå ungdomsskulen kom tilbake når eg såg kor det floka seg! Måtte stille inn litt på noko greier på maskina, og då gjekk det betre.

Her er eit døme frå Idèboka. I kjent 60-tals stil! :)

Etter å ha brukt måleband, blyant, knappenåler og ein treplank som linjal, så vart det jo nokonlunde til slutt!
Dette var noko anna enn hårstrikk som eg sydde på skulen!
Trur eg likte sløyd best...!

Ikkje store utfordringa for dei kunnige, men for meg er dette eit kunstverk som eg laga ila 3 timar!

Neste utfordring var lisjevindauget. Der kan eg ikkje ha gardinstang, og det er så lite at eg må ha gardina litt oppå veggen, slik eg ikkje dekker heile ruta.
Her var google til hjelp med tips, og eg fann ut at ein roll-up var ideelt her!

Med 2 stk avsaga golvlister på langs, så klarte eg altså å knote til ein alldeles heilt grei roll-up. :)  

Konklusjonen er:
Ja, med ei god maskin og litt kreative løysingar, så kan dei fleste klare å sy gardiner.
Men eg trur ikkje det blir raude julegardiner i år, for eg orkar ikkje sy om eit sett til.
Det får berre vere slik, så kan eg pynte med raude hjerter eller noko!
 
Til mamma:
 



onsdag 6. november 2013

Må berre vise fram prisen min

3. november var det stemming av årets tilsett hos Mesterhus Sunnmøre 2013. Det var avstemming for alle 40 tilsette i bedrifta, og den som vart kåra som vinnar var MEG!? Heilt uventa, overraskande, rørande og kjekt!
Dette var på grunnlag av 
sosiale høve, dyktigheit, humør, kunnskap og trivsel, eller ganske enkelt fordi personen fortenar det.

Det er utruleg kjekt å bli sett pris på av mine kollegaer, og eg både flira og grein når eg fekk den!
Så vi feira etterpå med kake og brus!

Eg er no veldig glad i "gutta mine" da, så det var gøy å få slike tilbakemeldingar.
"Vann med overveldande fleirtal, fantastisk person, set stor pris på måten du er på, person som aldri seier nei, og gjer alltid det lisje ekstra for å sette pris på den som er nær deg" - var ord som vart nemnd.

Eg må sei at dette vart veldig til eit skryteinnlegg. Eg er ikkje heilt vant med å få slike tilbakemeldingar og er dårleg på å takle dei. Men når eg har tenkt meg om så måtte eg berre skryte litt her! :)

Prisen er ein tommestokk som er belagt med ekte gull!
Kjempefin! (Den er låst inne! - tilfelle nokon lurer!) hehe!

I tillegg fekk eg sjokolade og ei flaske vin frå to av gutta!

Nei dette var gøy!! :) :)