Det er god stund sidan vi byrja og planleggje nytt kjøkken, men no er altså draumen realisert. (Faktisk for ca 4 veker sidan, men pytt pytt. Betre å offentleggjere det seint enn aldri?)
Først starta det med ein lang prosess med draumar på papir.
Og slik vart planen til slutt.
Så var det berre for byggjeleiar fru Rotevatn å planleggje, bestille og organisere, medan rivingsmeister hr Rotevatn starta rivinga av det gamle.
Kjøkkenet har ikkje vore endra på 42 år, einaste at Rune ein vakker dag på 90-talet fann ut at eggeskalfarga veggar var UT, og knall blå var INN!
(Vårt einaste overskap overfylt)
Rune har byrja rivinga... Lurte på om vi skulle spare på flisene! ;)
Kobbarhetta er teke vekk dessverre, den var eit syn!
Vi snakkar EKSTREM OPPUSSING her altså...
Mykje god mat er laga på det gamle, men tør å påstå at maten blir minst like god i det nye! I allefall kjekkare å lage den der!
****************************
Her er vi GODT i gang
og medan vi venter på eit kjøkken å lage mat i, så må vi nytte stranda ;)
Rune overraska med med piknikk med krabbeklør, reker og pariserloff! Med blåbær og vaniljesaus til dessert!
Golvet før.....
... og etter!
Og slik vart det!
Benkeplate i grårøykt eik, led-spottar med dimming, svart kitchenboard, innebygd oppvaskmaskin, komfyr og platetopp. Og ikkje minst: Svart vask!!
Kjøleskapet er ikkje sett på plass, men det er frittståande og skal stå til venstre.
Manglar gardiner, lampar i taket etc, men det kjem seg etterkvart.
Dette er prikken over i'en! "Kosebrisken."
Her kan eg sete og kose meg medan Rune lagar middag! :)
Snipp-snapp-snute, så er kjøkkenet i rute!
Godt fornøgd! Og med ny sofa i storestova, så byrjar brikkene å falle på plass!
Manglar berre nytt golv, og litt lister, så er vi ferdige i hovudetasjen!
...men det blir ikkje i år...
Dere er jammen flinke !!!
SvarSlettTakk for det! :)
SvarSlett