Han ønskjer ikkje å feire bursdagane sine med selskap og stor merksemd, så då fekk han det som han ville. Det er jo han som bestemmer på bursdagen sin!
Morgonen starta med gåver frå familien min. Frå meg fekk han berre eit kort, for han hadde ikkje klart å kome med ønskeliste, og ville heller få noko seinare.
Men, eg hadde no snappa opp eit par ting siste vekene, så eg hadde noko på lur...
I Volda var det i helga X2 festival, med Norgescup i Longboard, og det ville vi sjå på.
Så før vi reiste nedover, fekk Rune ein lapp med fantastiske rim (?) der han fekk beskjed om at han fekk ei utfordring; Eit "rebusløp".
Etter å ha funne lappa på rim i heile huset, så køyrte vi nedover til sentrum. Vi enda opp på kontoret mitt, der han fekk gåva si.
Denne:
Han fekk med gassflaske og slange, så då er det berre for oss å montere den! :)
Dette var midt i blinken, og det var så gøy å sjå han vart så overraska og glad! No kan kokken eksperimentere på grillen i sommar, og eg får mykje deileg grillmat! Ein vinn-vinn-situasjon! hehe!
Så kosa vi oss på X2 festivalen og var meget imponert over dei som fauk nedover byggjefelta i ekstremfart!
Dette var midt i blinken, og det var så gøy å sjå han vart så overraska og glad! No kan kokken eksperimentere på grillen i sommar, og eg får mykje deileg grillmat! Ein vinn-vinn-situasjon! hehe!
Så kosa vi oss på X2 festivalen og var meget imponert over dei som fauk nedover byggjefelta i ekstremfart!
Nydeleg vêr og sol!
Så fekk Rune gåve nr 2 frå meg:
Klesbretter, akkurat slik som Sheldon Cooper har i The Big Bang Theory!
Rune trudde ikkje slikt fanns "på rett" men har alltid beundra denne saken her. Så denne fann eg og kjøpte til han. Til hans store overrasking! :) Denne serien er ein av favorittseriane vår, og no blir det vel ein del bretting framover! hehe... Reknar med garderoberommet vert ekstremt ryddig no, med alle kle lagt opp med brettekant og i samme storleik!
Med ballongar i stova og sjampis i glaset vart det ein artig bursdagsfeiring, akkurat på den måten Rune ville ha det!
Happy bursdag til verdens beste kjærast!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar