onsdag 17. april 2013

Lillepigge lever!

Lillepigge har no lagt i dvale sidan november, det vil altså seie 5 månader! Han har vore oppe nokre gongar og strekt på beina, og spist og drukke bittelitt. Men vi har aldri rukke å sett han. Han har sove i 3-4 veker i strekk, lufta seg litt, og sove lenge igjen. Denne siste soverperioden har han sove i 2 månadar utan å vakne! Så denne gongen var vi litt redd for at han hadde sovna for godt...

I helga har gradestokken bikka 10 grader ute, og dermed har han sikkert tenkt å vakne for sesongen!
Så det var ei stor overrasking når eg kom på gjesterommet på laurdag og såg at han hadde spist mykje mat, og drukke opp vatnet sitt! LILLEPIGGE LEVER!!!
Eg sette fram ny mat og drikke, og på 1 døgn har han spist opp og drukke mykje vatn, så no er det liv i han!
Slik ser det ut i huset hans! Avispapir frå november avslører at han ikkje har vore på do sidan då! Her har eg gitt han enno meir mat og drikke på laurdag, og dette spiste han nesten heilt opp på 1 døgn! Inne i soverommet ligg han og søv, inni massevis med avispapir og tørkerullbitar!

Det er ikkje mogleg å sjå han inni her, men han er der! Han har laga det slik sjølv, nøye fletta ihop og isolert godt rundt seg sjølv.
Natt til måndag gjekk eg inn for å sjekke, og då høyrte eg han romstrere inne i bolet sitt! Han har vore på do også no! For første gong på 5 månader! Korleis går det an?? Stakkars lille fyr! Eg ser på det som eit godt teikn, at han har tenkt å vakne skikkeleg no!
Så vi går ei framtid i møte med skifting av avispapir og mating kvar dag igjen!
Eg gruer meg litt til å sjå han. Han er sikkert lang og tynn som ei pølse, så det er berre å feite han oppatt med kattemat og kanskje litt deileg geitemelk i starten. Eg reknar også med at klørne er blitt kjempelange. Pinnsvinets venner i Bergen anbefaler å klippe klørne før vi set han ut. Men det er eg skeptisk til. Korleis skal vi få til det?! Eg tenkte å legge ned ein vedkubbe eller noko, slik han får krafse og gnage litt på den. Kanskje han klarer å trimme dei sjølve...

Vi skal ikkje setje han ut i hagen heilt enno, det må bli litt meir stabilt varmt ute. Men då skal han få seg ein "Pinnsvingård" med hønsenetting som gjerde, og huset hans skal stå oppi der. Der skal han få det trygt og godt, med moglegheit for å finne både makkar, sneglar og andre småkryp. Det blir ei tilvenning det også gitt!
Planen er at han skal få vere der i eit par veker, til han er feit og god og klarer seg sjølv. Så skal vi opne gjerdet, slik han gå fritt ut og inn som han vil. Ut i den store verda!
Vi gruer oss til akkurat det. Det er jo så mange farer der ute for små pinnsvin! Håper alle bilistar er ekstra forsiktige!!
Håpet og ønsket er jo at han finn vegen tilbake og overvintrar i huset sitt i år også, men no ståande ute i hagen. Kanskje vil han ta med seg ei dame heim også? hehe! Det hadde vore tøft, å få ein heil familie inni der!

Men no får vi konsentrere oss om å feite han opp igjen. Vi var så gode på det i fjor, så vi satsar på at matlysta hans er like bra i år, og at blir stor og sterk, og Pinnsvinkonge i Botnavegen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar