onsdag 17. april 2013

Lillepigge lever!

Lillepigge har no lagt i dvale sidan november, det vil altså seie 5 månader! Han har vore oppe nokre gongar og strekt på beina, og spist og drukke bittelitt. Men vi har aldri rukke å sett han. Han har sove i 3-4 veker i strekk, lufta seg litt, og sove lenge igjen. Denne siste soverperioden har han sove i 2 månadar utan å vakne! Så denne gongen var vi litt redd for at han hadde sovna for godt...

I helga har gradestokken bikka 10 grader ute, og dermed har han sikkert tenkt å vakne for sesongen!
Så det var ei stor overrasking når eg kom på gjesterommet på laurdag og såg at han hadde spist mykje mat, og drukke opp vatnet sitt! LILLEPIGGE LEVER!!!
Eg sette fram ny mat og drikke, og på 1 døgn har han spist opp og drukke mykje vatn, så no er det liv i han!
Slik ser det ut i huset hans! Avispapir frå november avslører at han ikkje har vore på do sidan då! Her har eg gitt han enno meir mat og drikke på laurdag, og dette spiste han nesten heilt opp på 1 døgn! Inne i soverommet ligg han og søv, inni massevis med avispapir og tørkerullbitar!

Det er ikkje mogleg å sjå han inni her, men han er der! Han har laga det slik sjølv, nøye fletta ihop og isolert godt rundt seg sjølv.
Natt til måndag gjekk eg inn for å sjekke, og då høyrte eg han romstrere inne i bolet sitt! Han har vore på do også no! For første gong på 5 månader! Korleis går det an?? Stakkars lille fyr! Eg ser på det som eit godt teikn, at han har tenkt å vakne skikkeleg no!
Så vi går ei framtid i møte med skifting av avispapir og mating kvar dag igjen!
Eg gruer meg litt til å sjå han. Han er sikkert lang og tynn som ei pølse, så det er berre å feite han oppatt med kattemat og kanskje litt deileg geitemelk i starten. Eg reknar også med at klørne er blitt kjempelange. Pinnsvinets venner i Bergen anbefaler å klippe klørne før vi set han ut. Men det er eg skeptisk til. Korleis skal vi få til det?! Eg tenkte å legge ned ein vedkubbe eller noko, slik han får krafse og gnage litt på den. Kanskje han klarer å trimme dei sjølve...

Vi skal ikkje setje han ut i hagen heilt enno, det må bli litt meir stabilt varmt ute. Men då skal han få seg ein "Pinnsvingård" med hønsenetting som gjerde, og huset hans skal stå oppi der. Der skal han få det trygt og godt, med moglegheit for å finne både makkar, sneglar og andre småkryp. Det blir ei tilvenning det også gitt!
Planen er at han skal få vere der i eit par veker, til han er feit og god og klarer seg sjølv. Så skal vi opne gjerdet, slik han gå fritt ut og inn som han vil. Ut i den store verda!
Vi gruer oss til akkurat det. Det er jo så mange farer der ute for små pinnsvin! Håper alle bilistar er ekstra forsiktige!!
Håpet og ønsket er jo at han finn vegen tilbake og overvintrar i huset sitt i år også, men no ståande ute i hagen. Kanskje vil han ta med seg ei dame heim også? hehe! Det hadde vore tøft, å få ein heil familie inni der!

Men no får vi konsentrere oss om å feite han opp igjen. Vi var så gode på det i fjor, så vi satsar på at matlysta hans er like bra i år, og at blir stor og sterk, og Pinnsvinkonge i Botnavegen!

mandag 15. april 2013

Rune har hatt bursdag

Laurdag 13. april vart Rune xx år!! HURRA! (Halvrund dag, såpass kan eg vel avsløre)
Han ønskjer ikkje å feire bursdagane sine med selskap og stor merksemd, så då fekk han det som han ville. Det er jo han som bestemmer på bursdagen sin!

Morgonen starta med gåver frå familien min. Frå meg fekk han berre eit kort, for han hadde ikkje klart å kome med ønskeliste, og ville heller få noko seinare.
Men, eg hadde no snappa opp eit par ting siste vekene, så eg hadde noko på lur...

I Volda var det i helga X2 festival, med Norgescup i Longboard, og det ville vi sjå på.
Så før vi reiste nedover, fekk Rune ein lapp med fantastiske rim (?) der han fekk beskjed om at han fekk ei utfordring; Eit "rebusløp".
Etter å ha funne lappa på rim i heile huset, så køyrte vi nedover til sentrum. Vi enda opp på kontoret mitt, der han fekk gåva si.
Denne:












Han fekk med gassflaske og slange, så då er det berre for oss å montere den! :)
Dette var midt i blinken, og det var så gøy å sjå han vart så overraska og glad! No kan kokken eksperimentere på grillen i sommar, og eg får mykje deileg grillmat! Ein vinn-vinn-situasjon! hehe!

Så kosa vi oss på X2 festivalen og var meget imponert over dei som fauk nedover byggjefelta i ekstremfart!
Nydeleg vêr og sol!


Vel heime spiste vi pizza som vi kjøpte med oss heim, og slappa av litt før vi spretta sjampis og kosa oss med bobler og jordbær!
Så fekk Rune gåve nr 2 frå meg:
Klesbretter, akkurat slik som Sheldon Cooper har i The Big Bang Theory!
Rune trudde ikkje slikt fanns "på rett" men har alltid beundra denne saken her. Så denne fann eg og kjøpte til han. Til hans store overrasking! :) Denne serien er ein av favorittseriane vår, og no blir det vel ein del bretting framover! hehe... Reknar med garderoberommet vert ekstremt ryddig no, med alle kle lagt opp med brettekant og i samme storleik!

Med ballongar i stova og sjampis i glaset vart det ein artig bursdagsfeiring, akkurat på den måten Rune ville ha det!

Happy bursdag til verdens beste kjærast!!!




søndag 14. april 2013

Lyst på hund!

Denne stripa seier ALT!

I to dagar har eg no passa Ricco igjen, ein kjempeskjønn Cavalier King Charles Spaniel på 3 år. Eg passa han ei helg når han var kvalp også, men du og du så stor og flink han har blitt no!
Eg har så lyst på samme hunderase. Rune er litt i tvil, for han vil helst ha ein stor hund, gjerne ein Golden Retriver, eller ein Border Collie, og kanskje aller helst ein blandingshund!
Men, så er det slik at eg er allergisk mot hund da! Det er jo bøygen ved det heile... Men eg tåler pudler, og andre små hunder med krøller. Og så er eg faktisk ikkje allergisk mot denne hunden! Så det er håp!

Vakker er han iallefall. 
Kjekt med ein hund som er kosete, og som likar å gå lange turer. Ja takk, begge deler. Både sofahund og turhund!
Ricco kjenner best meg av oss to Rotevatns, sidan kollegaen min tek han med seg innom jobben min av og til. Så han sat og låg ved sidan av meg i sofaen på pleddet sitt, og koste seg med all merksemda han fekk.

Men litt utpå kvelden, så let eg han få sove litt, og lente meg bortpå Rune som låg og slappa av i andre enden av sofaen. Eg låg der i 10 sekund og såg tv, før Ricco kom og trampa på meg. Når eg sette meg opp att, så gikk Ricco og la seg på Rune der eg hadde kvilt meg. Hahaha, vi flira sånn av han!
Og eg og Rune var ueinige om kven han var sjalu på. Om det var Ricco sjølv som ville ligge på Rune-sin, eller om det var Ricco som ville ha merksemd frå MEG, og at ikkje Rune skulle få merksemda mi... Knis! Det er uvisst, men der låg han iallefall godt på pleddet og såg tv, medan eg måtte sete på hundeteppet! ;)  

Han er veldig lydig, og gikk aldri utanfor teppet sitt. Bad eg han om å gjere ting, så gjorde han det. Når vi la oss også, så låg han på soverommet vårt i buret sitt, men med åpen burdør. Han la seg inn i buret sitt berre ved at vi peika og sa "legg deg", og der låg han heile natta. Eg vakna ein gong av at han kom tuslande bort til mi side, reiste seg med labbane på sengekanten og såg på meg med hovudet på skakk og logra med halen. Eg klappa han og kviskra "gå og legg deg igjen du, Ricco". Og han tusla bort att i buret sitt og la seg! Flinke gutten!

Grunnen til at vi passa han var at hundeeigaren skulle til Trondheim og få resultatet av sine 12 cellegiftkurar. Vi var alle veldig spente og nervøse, men vi fekk ein sms om at all kreft var borte og at kuren hadde virka! Hurra!! Så når vi spiste biff til middag fekk også Ricco feire ved å få smake biff! Noko som gjekk ned på null komma swisj! :)
No er Ricco heime hos eigaren, og det er tomt i huset. Og iallefall eg sit att med ei kjensle av at noko manglar. Spørs om vi snart må skaffe oss eit nytt medlem hos The Rotevatns! :)


 


mandag 1. april 2013

Påska 2013

Påska 2013 vart innvia palmesøndag, med twist og påskegodt i solveggen på verandaen. Eg fann att "Eggbert" som har gøymt seg i 2 år, og sette ut han og altanstolane og bordet vårt, og fekk besøk av Elisabeth her hos Cafè le Rotevatns.

Vi kosa oss glugg i sola, og planla fort ein skitur til dagen etter.

Så mandag hadde vi fri, og pakka med oss ein sekk med kakao, sjokolade og appelsiner, og turen gjekk til Krøvelseidet.

Sola skinte frå blå himmel, og det var alldeles nydeleg! Vi gjekk utanfor den vanlege trakkeløypa, sida vi ikkje likar å gå i kø, og heller ikkje er i stand til å skøyte oss bortetter løypene og berre ville vere i vegen for dei andre påskefamiliane med små barn som fauk avgårde.

Men det vart akkurat slik vi ønskte oss. Stille, berre naturen sine fine lydar, småtrakka, sjølvlaga stiar som leia oss innover markane og skogen.

Eg leia heile reisefølgjet på trygg rute innover lida! (?)

Vi fann ei gamal rot, som på ingen måte kunne klare å velte, og sette oss fornøgde attmed den. Om den hadde velta hadde vi klart å løfte den av oss altså.
Der sat vi ei laaang stund og prøvde å sole på oss ei lita fregne eller i det minste la den gjennomsiktige skummamelkfargen bli litt mindre skumma.
For min del er det vel 2 år sidan eg har hatt noko brunfarge, så dette skal no ta si tid.
Men solkrem hadde eg på, slik at huda ikkje fekk sjokk

Og som det skal vere, hadde vi kakao og appelsiner, og kvikk lunsj. Og Elisabeth overraska med dei nostalgiske Tom & Jerry kjeksa! Dei er fantastisk gode da!
 
Tysdag måtte vi på jobb, men eg slutta tidleg for vi fekk besøk av mamma og pappa!
Dei trossa forkjøling og kom ein tur fra Vatne i den nye bilen sin.
(Dette biletet tok eg i det dei skulle reise, for eg kom på at eg ikkje hadde teke noko bilete av dei! Ups!)

Eg leitte fram tøfler til dei, og pappa var så heldig og måtte ha på seg Homer Simpson tøflene til Rune! Haha! Stakkars... Men dei er jo varme og gode da! Og kjekk å ha på når vi sat ute på verandaen i sola og spiste kake og drakk kaffe!
(Ser eg gledar meg til å få nytt kjøkken ja...)

Og snille mamma og pappa hadde med seg påsketulipanar i lilla farge, som var berre heilt skjønne!
I tillegg hadde dei kjøpt med seg påskegodteri. NAMMIS!
Eg vegde posen, og det var 1 kg godteri! 
Den er enno ikkje spist opp altså! Men jammen har det vore snafsa ut fra den i løpet av veka!
Når Rune kom heim fra sin jobb, så spiste vi deilig hjortekjøt og lammekjøt til middag, og det er så nyyydeleg godt!
Takk mamma og pappa, for kjekt besøk, fine gåver og god middag!

Etter besøket kjørte eg til Hareid og besøkte gode Anne! Og dumme meg gløymte å ta bilete av kvelden, utanom eitt bilete: Av alt godteriet! :)
Så vi hadde altså ein fråtsekveld ilag denne kvelden, akkurat perfekt, og fordi vi fortjena det. Trur vi! :)
 
Rune har DJ-jobba i påska, så ting begrensar seg med store utflukter og besøking. Men på den lange fredagen så skein sola og vi heiv på oss ski og gjekk framover Rotevassvegen. Kjempeflott tur, med skinnande sol frå skyfri himmel og artige samtalar og snodige skimanøvringar bortetter vegen og nedover bakkane!
Eg var optimist og tok på solkrem, men eg har ein mistanke om at det er "solblokk"...

Vi gjekk litt utfor vegen og fann ein koseleg plass for oss sjølv og rasta i solskinnet. Appelsin, kakao og sjokolade var sjølvsagt med i sekken.  
Rune fann seg godt tilrette i sola og venta på kakaoen.
 
Og eg poserer ilag med mine "proffe" smørefrie ski, som forøvrig lagar enorm lyd i skispora...
Smørefri er genialt, men du og du som dei synge!
 
Skikkeleg kjærastetur, ein perfekt påskedag!
Her sat vi nesten til sola gjekk ned, og tenkte at i år har påska vore heilt perfekt!