torsdag 14. mars 2013

Skitur i ettermiddagssola

The Rotevatns kjøpte seg bortoverski i påska i fjor!
Vi er ikkje akkurat Johaug og Northug, så vi treng ikkje så dyre og supergode ski tenkte vi.
Men dei funka til sitt formål:
Nemleg til å gå på ski bortover med!

Rune på startstreken

Vi har ikkje lagt ut på store fjellturar, og har ingen store planar om det heller enno. Men ein tur framover på skogsvegen til Rotevassætra er passe, og tysdag denne veka tok vi turen rett etter jobb.

Meg sjølv på veg framover, i utruleg fint pudderføre og deilig ettermiddagssol!

Love, love, love! :)
Ei velfortjent belønning når vi nådde endepunktet vårt fram i lida der!

Koseleg tur!


Og vi hadde det utruleg kjekt og flira mykje!
Som sagt, vi er ikkje sooo flinke, det er trass alt mange år sidan vi gjekk på ski!

Men eg synes vi var flinke uansett. Skøyta og greier!
Det blir meir av slike turar! Og øving gjer meister, og eg klarer sikkert å gå inn skoa til slutt også, for no får eg gnagsår berre eg går 100 meter... Typisk meg.

1 kommentar:

  1. Heia!
    Dokke e so søte! Eg er sikker på at dokke har det mykje kjekkare enn Johaug og Northug, eg. Håpar alt er bra med dokke, og at hjartet ditt tikkar i akkurat passe tempo.
    Klem, AM i skogen

    SvarSlett