I perioden 08.02 - 08.03 så har LHL ein årleg kampanje gåande som dei kallar "Hjertelig hilsen". Dette er det Landsforeningen for hjerte- og lungesyke som har starta, og vil sette fokus på at over 1 av 3 kvinner
dør av hjerte- og karsjukdom.
Nesten all forsking på hjertet blir gjort på menn, men det dei likevel veit er at kvinner har andre og meir diffuse symptomer enn menn, og at medisiner som i hovudsak er laga for menn
ofte verkar annleis på kvinner.
Difor bygg LHL opp eit fond til forskning på kvinnehjertet.

Så eg har kjøpt ein pin, ei kjempefin hjartenål, og bidreg litt til å støtte Hjertefondet, og vil skape merksemd om dette.
Eg har jo fått opplever sjølv på kroppen at hjertet er skjørt. No var no det ikkje infarkt eller noko slikt, men det er så ekkelt når det er hjertet som er "sjukt". Det er jo primus motor for heile kroppen det!
Så eg går rundt med ei fin hjertenål,
og oppfordrar alle til å gjere det same!
Eg skal forresten inn til sjukehuset og få klistra på meg lappar og ei lita maskin som skal måle EKG over 1 døgn. Dette skjer den 19. mars. Det gjekk jammen lang tid før eg fekk innkalling, men det har vore rolege tider for hjertet mitt etter opphaldet, så dei hadde vel ikkje fått målt noko likevel i løpet av den tida som har vore.
Men eg tenker at eg skulle vel hatt slik måling over meir enn 1 døgn, og eg har jo allereie vorte målt i omlag 1 døgn, så eg ser ikkje heilt poenget med å gjere det ein gong til.
Men tida vil vise om dei ser noko rart.
Ha ein hjerteleg fin dag! :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar