onsdag 13. mars 2013

Kjøkkenplanar

Vi har i nokre år drive å pussa opp huset, sakte men sikkert, og rom for rom. På den måten unngår vi dei store samlivskranglane som alle sei ofte kjem av å bo og leve i eit oppussingsprosjekt. Vi har heldigvis unngått desse!
Må innrømme at ting har slite på tålmodigheita, mest pga at ting tek tid, og eg har ofte lyst å ringe "sinnasnekkeren" eller nokre andre oppussingsprogram. Men det er med stoltheit vi ser attende på prosjekta våre og kan seie at vi har gjort det aller meste heilt sjølv.
No er det kjøkkenet som står for tur, noko eg gleder meg vanvittig til skal komme på plass. Det er jo ei stor lykke no berre med nytt kjøleskap, så tenk kor det blir med nytt kjøkken?!
Slik det er no er ikkje verdig ei gamal hytte eingong. Synes no eg då... Og eg har gitt opp å halde det ved like og pynte på fasaden, når det ikkje er noko fasade å pynte på. Eit skap av kvar sort, dører som manglar, gamle kvitevarer, lite skapplass, ein stor og stygg furukommode som er sett inn for å hjelpe oss med plassen... Uff nei, det er ikkje eit vakkert syn det kjøkkenet...

Men no har eg fått mine idèar ned på papir, og har ei løysing som eg trur vil passe oss perfekt.


Takhøge overskap, integrert oppvaskmaskin, og hjørneskap. Slette frontar, og gode skuffer. Grå benkeplate i laminat som liknar på tre.

Integrert komfyr med induksjonstopp og frittståande ventilasjonhette og nok eit hjørneskap og skuffer. Kitchenboard mellom benk og overskap, men også på heile veggen bak hetta og rundt vindauge. Kvit med blanke roser. Ikkje så blomstra som det ser ut som på biletet da.

Vindusveggen vert ei utfordring, for vindauget rekk lenger ned enn standard benkeplatehøgde, og er i virkelegheita lenger ned enn det visast på biletet. Så her tenkte eg å ha ein sittebenk integrert i innreiinga, med masse puter oppi. Skuffer under gir oss fortsatt god benkeplass. Der skal eg slye meg medan Rune lagar middag! :)

Dette er berre tankar og idear så langt. Det vil verte meir skapplass enn vi har frå før. Er litt usikker på sittebenken, men den var så kul! Om vi skal ha vanleg benk der, så vil den rekke over vindauget... Så eg er litt i tvil om eg ønsker å ha det eller ei. Det går jo an, men er litt usikker ja.

Så langt har vi altså komt. Og ikkje lenger... No hentar vi inn tilbod frå forskjellege leverandørar før vi bestemmer oss. Og det er jo eit prosjekt som tek litt tid.
Så må vi snakke med elektrikar og snikkar som skal hjelpe oss med dette, og lage ein framdriftsplan.

Eg merkar meg at eg blandar mellom å skrive "vi" og "eg" :) Og det er vel ein grunn til det. Det er vel EG som er prosjektleiar, og har fått tankar og idear ned på ei teikning. Og er vel den som er mest pådrivar for å få i gang heile greia. Rune er ein tilbaketrukken og skeptisk kompanjong, som likar å sjå ting føre seg "live" før han bestemmer seg. Noko som er vanskeleg med slike prosjekt. Men han har sine bestemte meiningar, og har kome med sine ønsker. Han er kokken i huset og eg har høyrt på han og teke hans få innspel til no med i planen.

Mitt største ønske og min store draum når det gjeld husprosjekt i år er å få i stand kjøkkenet til sommarferien. Helst mykje før, men eg er realistisk, og synes faktisk til sommaren er eit litt optimistisk mål.

Men har iallefall kjøkkenet inne hos 2 kjøkkenleverandøra for prisinnhenting, så får vi sjå da kven vi endar opp med. :)

2 kommentarer:

  1. Så fint det vert med nytt kjøkken! Vi naboane kikar innom bloggen dykkar avogtil.

    Vi er også i kjøkenfasen til nyehuset- det er mykje å tenke på. Men vi nærmar oss...

    www.ivergarden.wordpress.com

    SvarSlett
  2. Heisann!
    Ja, det ser fint ut på papiret og i hovudet, så får vi håpe planen vert realisert snaaart! ;)
    Kjekt at de kikar innom bloggen! Det er vel eigentleg frua i huset som står for blogginga ;) Mannen ser sjeldan på den, men er med i omtale og bilete! hehehe!

    Vi følg no med på dykkar blogg også, og følg også med husprosjektet "live". Det blir og er allereie eit kjempefint hus!! Kjekt å sjå no når det har teke form og finn sin plass :) Er nok godt med eit heilt nytt hus! ;)
    Kjøkkenfasen er eigentleg mest krevjande å planlegge, ilag med badprosjektet! Vi pussa opp badet for nokre år sidan. Det vart totalforvandling, og vi er meget nøgd med resultatet. (Er vel nokre bilete av det også på bloggen)
    Men kjøkkenet er liksom hjartet i huset, og det er som du skriv mykje å tenke på. Og i eit gamalt hus er der så mange begrensingar.
    Lykke til med planlegginga, eg er sikker på at alt vert kjempeflott der borte :)

    SvarSlett