Eg har no i eitt døgn gått med EKG apparat hengande rundt halsen med mange klistrelappar og ledningar virra rundt på bryst og mage. I dette døgnet har eg ikkje hatt boblande og hoppande hjarte, sjølvsagt, no når det skulle målast slik i allminnelege tilstandar. Men eg var sår og øm tirsdagskveld når eg slappa av i sofaen og når eg la meg.
Det kunne dei sjå på EKG'en, for då hadde eg ei rekke med ekstraslag.
Og resultatet fekk eg altså i går. Eg har rett og slett eit hoppande hjarte med ekstraslag litt meir enn vanleg, og ultralyden viste, dog på sin skumle og levande måte på skjermen framføre meg, eit friskt hjarte som var feilfritt! DET var godt å få stadfesta! :)
Eg hadde derimot lavt blodtrykk! Så det er ikkje rart eg har svimla litt og vore slapp, og det framprovoserar hjertehopp.
Så eg må rett og slett auke frekvensen av kondisjonstrening frå 2 til 3 gongar i veka sa legen (eller meir då) og lære å leve med desse hoppa. Ingen av delane vert lett, men skal no klare det og.
Om eg får vedvarande boblande og hoppande hjarte over tid som den gongen i januar, så finns det no medisinar for det og. Men blodtrykket må først opp.
Eg har alltid vore glad i salt og har tenkt lenge på det å begrense inntaket. Men har no fått vite at salt er bra for å auke blodtrykket, samt å spise lakris!! Ja, og viktig er det å drikke mykje vatn, noko eg er dårleg på.
Så her er eg hoppande glad, og det på trass av eit hoppande hjerte. Det er iallefall friskt. Så får vi berre tru at episoden i januar var eit eingongstilfelle, og eit varsku på at eg må få opp blodtrykket, ikkje stresse, men trene enno meir kondis, drikke vatn og få i meg nok salt.
Ein ting som er litt snålt. På eit venterom på medisinsk poliklinikk finn vi desse bileta...
Uklart bilete, men det er ikkje glade menn, det er skrekkslagne menn med frykt i augene!
Ikkje rart folk vert nervøs og engstelege på sjukehuset! Kva med sommarfuglar og glade bilete?! Var nesten, BERRE NESTEN, slik at eg kunne heller tenkt meg klovnane til Marianne Aulie...
Hurra for deg og hjartet ditt! Det var godt å høyre at det er friskt :) Eg hadde lavt blodtrykk i siste graviditet (utan å antyde noko!) og veit kor ubehagleg det er. Håpar du finn ein god balanse. :) klem frå AM i skogen
SvarSlettHei AM i skogen! :)
SvarSlettJa, det er veldig ekkelt, og spesielt når hjertet finn ut at det ville hoppe og boble i 1 døgn, i staden for no og då som før...
men når det no boblar, så veit eg iallefall at det ikkje er noko feil med hjertet, det er trygt å vite.
Hehe, ja, eg har også høyrt at det er ofte at gravide får lavt blodtrykk. Men det er eg ikkje altså, berre for å avkrefte det! :) ;)
Då hadde eg vel vore det siste 2-3 åra samanhengande!
Men med mykje påskegodis og late dagar, med berre ein liten skitur no og då, så er det vel på tide å få oppatt blodomløp og blodtrykket igjen!
Håper alle gutane dine er friske att no! Ekstra leit at dei blei sjuke i påskeferien då...
God siste påskedag! :)
Klem