tirsdag 11. september 2012

MR undersøking

Her var altså eg i dag. Volda sjukehus. Det var ingenting alvorleg altså, men seriøst og fælt nok for meg. Eg har teke MR undersøking av begge skuldrane mine for mistanke om kalk, brusk, slimposebetennelse eller noko anna. Eller ingenting. Det får tida vise.

Eg har i fleire år vore plaga med svake og låke skuldre, men trudd at der er pga at dei er svake og utrente. I vår fekk eg eit høgdepunkt etter eg mala alle taka på stovene, spisestova og kjøkkenet. Eg klarer ikkje ta på jakke utan å vri meg som ei kråke, eller løfte armane ut av kroppen med motstand, ta av trange gensere eller slike ting utan det gjer låkt. Så då fekk eg omsider ein MR time.
Det var 11 lange veker i ventetid.

Det er bra å få kunne ta slik undersøking, men for ei med panikkangst-fobi-ting så er det ikkje så kjekt. For litt over eitt år sidan så fekk eg plutseleg slikt anfall på bussen frå Vatne til Volda, og trudde seriøst eg skulle svime av, spy eller dø. Eg måtte AV bussen og fekk heilt panikk. Eg kom meg likevel til Moa, og tvinga meg inn i ein ny buss til Volda. Det har seriøst vore den verste turen i mitt liv. Trudde eg. Det viste seg at slik var det på neste busstur også. Eg TENKER meg sjuk. Angst for angsten, heiter det visst. Å ta fly har eg alltid likt, trass med fare for at vi KAN styrte. Men på ein flytur frå Hovden til Oslo så fekk eg det samme anfallet. Ikkje forutsett, for eg trudde det var berre på buss. Der var eg låst fast i situasjonen og kunne ikkje "rømme derifrå". Eg blei superkvalm, det prikka i leppene og i fjeset, sveitta i panna og blei svimmel. Spyposen er min beste venn. Etter dette har eg fått samme symptoma i spinningsal, på butikken i kassekø, på venterom, hos frisøren, i møter etc. Det HAR blitt bedre, men eg har unngått buss og fly.

Så var det MR maskin da. Det er jo som kjent en TRANG tunnel som du blir kjørt inn i, stroppa fast. Du må ligge HEILT stille, og har ikkje anna hjelp enn ei blære du kan knipe på for å "tilkalle hjelp".
Eg blir kvalm og uvel ved tanken. Flykter fra det på ein måte.

Superdårleg, rød i ansiktet og veldig kvalm ein time før:
Heldigvis fekk eg noko vival med legen min som skal roe meg ned. Likar ikkje ty til tablettar, men det var mitt einaste håp. Tok to stk 5mg vival ca 45 minutter før eg skulle inn. Med spypose og tabletteska i hendene gikk eg med bistand fra min kjære Rune inn i rommet.
Han fekk vere med som anstalt, og heldigvis for det. Undersøkinga skulle vere 40 min per skulder, men dei kutta ned til 30 min per skulder.
Slik ser ei MR-maskin ut:
Ikkje så veldig god plass inni der, og med hovudet først inn, så kan det føles ut som du blir begravd levande. Ein veldig ubehageleg følelse. Tablettane hadde byrja å virke, for eg var litt tung i kroppen og litt svimmel. Var einaste føtene mine som stakk ut, og der stod Rune og klappa og strauk meg på beina (utan å kile meg sjølvsagt) Det hjalp veldig. Vi hadde ein kode: Krølle tærne = stopp, løfte tærne = fortsett, det går fint. Med "Muse" på høretelefonnane, og god service  og tabletthjelp så gjekk det faktisk veldig fint. Det var verst første 15 minuttene, men etterkvart fekk eg puste betre og då slapp eg å hyperventilere og bli kvalm. Dei snakka med meg i høretelefonane etter kvart bilete, og fekk komme ut og drikke vatn og strekke på beina mellom kvar skulder. Eg kneip att augene heile tida, og det hjalp. Når eg nærma meg siste minutter av siste skulder, så turte eg å åpne augene også. Då tenkte eg at eg var i eit solarium og kunne skimte Rune ved fotenden.
Voldsom til dunkelyd, som overdøyva delvis musikken på øyra, men det var ikkje så høgt som frykta.

Eg vart observert frå dette rommet:
Rett nok ikkje av alle desse folka her då. Der var berre to stk. Dette biletet er kopiert frå Sunnmørsposten sine arkiv.

Etter undersøkinga var eg litt susen i hovudet, og slo av ein spøk eller to, som heilt sikkert ikkje var så gøye som eg trudde. Eg var virrete og sleit litt med å konsentrere meg om å kle på meg igjen på det lille omkledningsrommet. Kan no seie det slik at BH'en min låg i veska når eg kom ut derifrå...
Så tablettane har nok virka LITT iallefall!
Rune køyrte meg heimatt, så eg har vore heime og drukke kaffe og venta på tablettane skal slutte å virke. Det merkar eg at dei gjer no. Litt konsentrasjonsvanskar, men skal no klare å gjennomføre resten av dagen på jobb. Litt susete i hovudet er eg no frå før, så kollegaene mine merkar vel ikkje noko forskjell :)

SÅ: EG GRATULERER TIL MEG SJØLV FOR VEL GJENNOMFØRT MR, OG AT EG VAR SÅ FLINK!
Belønning: Shopping med jentene etter jobb!


2 kommentarer:

  1. KJære gode Alice
    Du skriv så godt, og er så open om slike problem at du burde fått ein medalje! Trur det er mange fleire enn vi veit om som føler det slik heile tida eller av og til. :) Det er ikkje noko å vere skjemde av, og du er supertøff som kom deg gjennom undersøkinga. Håpar dei finn svar på kva det er, og finn ein måte å fikse skuldrane på. Sender stor klem frå meg oppi skogen. AM.

    SvarSlett
  2. Hei AM
    Takk for det du, og for gode ord. :)
    Eg er ein googlar og eg leitar etter typisk slike innlegg sjølv. Så eg håpar no at det kan lesast av folk som treng det også, forutanom dei som berre lurer å kva eg har gjort i det siste. Hehe!
    Ja, det er mange i same båt! Og det hjelp å vite det. Eg hadde sjølv god nytte av å lese om erfaringar før eg vart trykt inn i trommelen.
    No er det berre å vente på svar.
    Klem til deg oppi skogen

    SvarSlett