Valentines day... Alle hjerters dag... I dag er det 14. februar, og då skal vi feire kjærleiken og romantikken. Iallefall sei handelsstanden det, og påverknaden frå særleg dei engelsktalande landa har kome for fullt til Noreg også.
The Rotevatns er ikkje so innmari fans av denne tradisjonen vi.
Liker å tenke at vi to feirer kjærleiken og romantikken kvar dag eg! ;)
Vi liker å kjøpe gåver til kvarandre gjennom heile året vi, nokre smågåver, og andre litt større.
Og her ein dag fekk eg eit infall og kjøpte oss skøyter! Danseskøyter til meg, og hockeyskøyter til Rune. Han har berre gått på lengdeløpera før, og eg har berre lånt andre sine danseskøyter når eg var lita.
Så no er det berre å vente på skøyteisen på Rotevatnet!
Og slike forhåpningar som biletet under har vi sjølvsagt om oss sjølve:
Medan dette er kanskje det mest realistiske synet?
Og eg vil sjølvsagt ikkje skulde på dårleg erfaring, kløning, klumsing, dårleg koordinasjon eller noko slikt. Så eg vil ta ein slik ein: Skoreima sin feil!!
Kan hende isen ventar på seg i år, og kanskje det er like greitt? Men vi har då iallefall moglegheita å ta på termodress, polstre puter på baken, og stavre oss barnslege ut på isen :)
tirsdag 14. februar 2012
søndag 12. februar 2012
Sjuk og svak...
I veka som har vore har eg vore sjuk. Influensa har teke meg, og slått meg ut! Var heime frå jobb mandag, tysdag og onsdag. Følte meg betre på onsdag, så eg gjekk på jobb torsdag. Eg hangla meg gjennom dagen, men fann ut at dette ikkje var lurt. Vart enno verre på torsdagskveld. Hosta og hosta, og tetna heilt til i lungene. Har ofte fått lungeproblem pga astma og slikt før når eg har hatt influense, så det vil eg ikkje få igjen! Det er "noko som går" som heiter mycoplasma også, så eg fekk meg legetime fredag. Der tok dei prøver fra halsen som skal påvise/avvise mycoplasma, og resultatet får eg på mandag.
No er det søndag, og eg føler at hosta har gitt seg litt no, og eg går mot betre tider. Men FYYY så kjedeleg det er å gå heime (les: ligge heime) og vere sjuk og ikkje kan gjere noko nytte for seg! Og i helgane skal ein liksom kose seg og slappe av! Eg har ufrivilleg slappa av, og ikkje kost meg noko særleg! :(
Rune har vore kjempesnill mot meg da. Kjøpt is til meg og min såre hals, halstabletter, godteri, og dulla rundt meg! Godt å ikkje vere aleine! <3
I tillegg fekk eg ein genser og ei tynn hettejakke som han hadde bestilt på nettet. Og ikkje minst denne kjempekule veska/nettet!! Det ER jo MEG!! Goofie!! hahahahahahhaahaaaa!
Artig og kul! Måtte berre nemnast og visast! :) Digga den!
No skal eg fortsette å reparere kroppen med is, varm te, cosylan og enno meir kvile, og satsar på at prøvene i morgon er negative og at eg slepp noko tablettkur.

torsdag 9. februar 2012
Strikkedilla
Lenge sidan eg har blogga no, og det er ikkje berre fordig eg har fått dilla på strikking! Men i haust lærte eg meg å strikke lester, og slik vart resultatet:

Vart litt korte frå hæl til tå, men det var fordi eg var utålmodig og ville bli ferdig. Men dei blir likevel brukt KVAR DAG av underteikna!
Desse vart strikka med same antal masker og same oppskrift, men tynnare tråd. Så det vart til jente 10 år, i stadenfor til meg sjølv! Og litt spiss tå kanskje?! Ikkje noko god å ha i ein støvel vil eg tru, men kanskje innesokkar?! Litt søte da. Eg er iallefall litt stolt.
Det er nemleg ei utfordring å strikke med 5 pinnar, der 4 av dei heile tida skal vere masker på. Eg har ofte strikka slik eg har to pinnar lause i handa plutseleg! hehe!
Så kjøpte eg meg mørkeblå boblejakke, og då ville eg så gjerne ha meg eit panneband i ca same farge. Og kvifor ikkje strikke eit sjølv?
Enkelt og greit, og med tre knappar på så vart det no rett så fint synes eg.

Dei to lyse knappane er kjempesøte, med bittesmå blomster inni.
Strikka rett fram og tilbake. Kjempelett!
*********
Det neste pannebandet strikka eg no denne veka når eg har vore sjuk og heime frå jobb. Eg får litt sånn 70tals skidress-kjensle når eg ser på både fargane og bandet :) Dette er litt meir spesielt. Det visast kanskje tydelegare på biletet uten hovudet inni under:

Vart litt korte frå hæl til tå, men det var fordi eg var utålmodig og ville bli ferdig. Men dei blir likevel brukt KVAR DAG av underteikna!
Desse vart strikka med same antal masker og same oppskrift, men tynnare tråd. Så det vart til jente 10 år, i stadenfor til meg sjølv! Og litt spiss tå kanskje?! Ikkje noko god å ha i ein støvel vil eg tru, men kanskje innesokkar?! Litt søte da. Eg er iallefall litt stolt.
Det er nemleg ei utfordring å strikke med 5 pinnar, der 4 av dei heile tida skal vere masker på. Eg har ofte strikka slik eg har to pinnar lause i handa plutseleg! hehe!
Så kjøpte eg meg mørkeblå boblejakke, og då ville eg så gjerne ha meg eit panneband i ca same farge. Og kvifor ikkje strikke eit sjølv?
Enkelt og greit, og med tre knappar på så vart det no rett så fint synes eg.
Eg berre MÅ bemerke at "modellen" er kjempesjuk no når eg tok bileta! Ser noko bleik ut med ringar under augene. (stakkar meg). Men må no ha eit hovude å ha bandet på når eg skal ta bilete, og hr Rotevatn ville ikkje :-P hehehe!
Dei to lyse knappane er kjempesøte, med bittesmå blomster inni.
Strikka rett fram og tilbake. Kjempelett!
*********
Det neste pannebandet strikka eg no denne veka når eg har vore sjuk og heime frå jobb. Eg får litt sånn 70tals skidress-kjensle når eg ser på både fargane og bandet :)
Her har eg strikka berre fram og tilbake rett, og så med kvit i mellom som er med glattstrikk.
Eg kan ikkje strikke etter oppskrift, og kan ikkje heilt namna for både mønster og måte, men pyttsann!
Likar å strikke ting eg verkeleg får bruk for!
No skal eg til å strikke eit i fargane raudt og svart. Anar ikkje korleis eg skal strikke det, men får no sjå kva det blir til! Blir det berre tull, så kan eg no lage ein julenisse av det eller noko ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)