torsdag 13. desember 2012

Endeleg bilete på gang!

Eg skreiv i siste innlegg at eg sleit med å legge ut bilete på bloggen, men no har eg funne ei løysing. Enn dog litt tungvint.
Men her er bilete frå julemannbakinga på kontoret.
Anne og Elisabeth i full sving med kjevling og utstikking.
Eg stod for deiga, men var med på kjevling og slikt etterkvart.


Vi fekk 3 store kakebokser fulle! Og julemannane vart kjempegode!


Det vart ingen julebordkveld på Hareid hos Anne, for eg klarte å pådra meg omgangssjuke, og låg rett ut heile helga medan Rune var i Oslo. Det var nokså stusseleg, og eg synes veldig synd på meg sjølv.
Eg som skulle vaske og pynte til jul også da. Men eg fekk skrota ihop eit lysfat med adventslys
 

 Legg ut eit bilete av lesekroken også, med den nye lykta eg har fått med mamma! Der har eg lagt eit sjølvlaga ausekar som eg laga på sløyden på høgskulen faktisk. Der oppi sitt no ein nissemann og ein liten fugl, med nokre fine glassoppar. Skal ha litt grønt oppi etterkvart.

Det vart ei stund sidan sist innlegg no, og sidan då har vi vore med på julebordhelg i Loen ilag med jobben min. Det var veldig kjekt som vanleg. Eg og Rune reiste inn litt tidlegare på fredag, og fekk prøve den nye skøytebana der. Vi hadde med eigne skøyter som eg kjøpte i fjor, som er ubrukte, og var på isbana heilt aleine og bada i julelys og julestemning!


I forkant av julebordet må eg fortelje at eg har pakka 110 stk godteposar med lausvekt-smågodt! Det var noko gjestane sette stor pris på å få med julenissen. Men du og du for eit arbeid! Neste år blir det opp til nissen sjølv og stå for gåvene trur eg. Han har vel hjelparar på sitt eigen verkstad?


Vi var veldig heldige med hotellrommet også, var vi ikkje?


 
Julekos!

 

onsdag 28. november 2012

Long time, no update

No er det lenge sidan eg har oppdatert sida mi. Grunnane er:
1. Latskap
2. Problem med å legge inn bilete.

Det er ikkje så stas å berre skrive, så då har eg ikkje vore innom her på ei stund. Kontoen er full på bloggen når det gjeld bilete, så eg må forske på korleis eg skal få det til, og det er ikkje så enkelt å sette seg inn i.

Hadde planar om å legge ut bilete av julemannbaksten, men dei får komme seinare.
Eg inviterte Anne og Elisabeth til julemannbaking på kjøkkenet på jobben min. Då brukar eg mi mormor si deilige oppskrift, som er blitt meget populær blant dei som får smake! På jobben har vi kjøkkenbord og stor plass til å styre på, og så slepp Rune den hjortesaltlukta som han ikkje er så begeistra for! Har før lagt ut bilete frå tilsvarande kveld for 2 år sidan.
Eg laga til 2 deiger, og det vart julemanna til alle 3, kvar si store kakeboks! Og dei går allereie fort unna!

Elles har eg måtte ta steget og finne meg ein tannlege i Volda!
Eg har fått den gudegåva ved å ikkje få alle tenner som eg skal ha etter mjølketennene si levetid. Det var vel ein av grunnane til at eg måtte ha regulering i 4 år også. Ja, i tillegg til overbitt og slikt. Men i tillegg har eg æra over å vere tildelt berre 2 stk visdomstenner. Eg var redd eg ikkje vart like vis som andre "normale" folk, men heldigvis har eg fått motbevist dette! (Ha... ha... ha!)
Den eine tanna mi trekte eg for lenge sidan, medan den andre berre kom sånn halvveegs fram. Og sjølv om den var skeiv og rar, så valte vi å la den vere sidan den ikkje gjorde noko gale.
Men så da, plutseleg etter så mange år, så bestemte den seg for å sleppe seg laus og vekse ut enno meir. Så då fekk eg altså brått ein skarp, skeiv jeksel som gnog i kjaken og i gommen på meg. Dette kunne eg no ikkje finne meg i sånn heilt utan vidare.
Sjølv om eg brukar min faste tannlege på Vatne, så måtte eg brått leite opp ein i Volda for å trekke denne. Det gjekk faktisk veldig greitt! Tanna kom ut på 2 sekund, og hadde berre ei lita og grei rot. Swosj, så var den ute ved hjelp av eit "skrujern". Brutale greier!
Men no set eg altså med eit hol i kjeften, og må spise havregraut til frukost, lunsj og kvelds, og fiskepudding og slikt til middag. Fin slankemetode kanskje, men det varer nok ikkje so lenge.
Ellers har vi hatt kjekt besøk av svigermor Kari, og timane har kosta avgårde. Ho var her berre i 3 dagar, og no er eg heilt aleine i huset.
Rune har tatt seg ein velfortjent ferietur til Oslo! Han reiste med bussen kl 05.45 i dag tidleg. Nei, eg tullar ikkje, det var midt på natta for oss! Så eg var oppe før heile verda, og køyrte han til bussen.
Så i dag har eg hatt ei lang morgonstund før jobbstart i heimen, med fyr i omnen og havregraut!
Det blir nokre lange kveldar no, og det er ikkje so kjekt når kjærasten er vekke so lenge!
Men eg får halde ut!
Det er visst 1. advent i helga, så då må eg vel til pers og vaske vindauge og stryke nyinnkjøpte julegardiner. Så må jo alle stjerner og staker opp! I år blir det endeleg julehus, sidan eg har fått meg kvite veggar og "ny" stove! Synes raud jul passar betre til kvit stove enn til burgunder stove! Rart ditta?! :)
Jaja, då har eg noko å gjere på iallefall!

Håper eg får til å laste inn fleire bilete snart, for på laurdag er det julebordkveld hos Anne på Hareid. Dit skal eg og Elisabeth, og skal få servert rakfisk a'la Anne! Det blir spennande, for slikt har eg aldri smakt før!

No skal eg ta meg ein tur på jobb, og så får eg glede meg til måndag når den kjæraste eg veit kjem heimatt til meg!


søndag 18. november 2012

Heimeprosjekt

Eg skreiv i eit tidlegare innlegg at eg hadde eit prosjekt på gong, og dette vart altså resultatet:
Eg har laga ein interiørstige, heilt sjølv! Eg brukte gamle, brune gardinstenger av tre som eg mala med ei "gjennomsiktig" kvitmaling. Noko som gjorde at stengene ser litt sånn drivvedaktig ut. Saga dei opp i passe lengder og skrua dei ihop. Men det er stygt med skruar som viser, så eg brukte hampetråd og bitta rundt, noko som gjorde den ekstra fin synes eg.

Denne kan stå kor som helst, men eg har den no i stua mi, og har hengt pledd på den. Så slepp eg å ha pledd liggande i sofaen som tek opp plass der.

Pynta den litt ekstra med fine englar
 
Så har vi endeleg fått "tetta holet" i taket i stua. Vi fann ut at vi skulle lekte ned taket i dette "holet" i staden for å male og legge veggplater inni der. Så då gjekk snekkar-Alice i gang med oppmåling og tenking, medan Rune saga der eg sette strekar! :) Så festa vi panelbord, ferdigmala. Skikkeleg fint vart det, og praktisk å bruke dei panelborda. Så slepp eg å male og øydelegge skuldrane mine!

 
Med spikarpistol og hørselvern så gjekk det som ein draum å feste dei også!

 

Så no er det "berre" alle taklistene og karm/dørlistene som gjenstår på stova og kjøkkenet. Det er mykje listing, så vi må låne ei listesag og handle maaange meter listverk før vi set i gang! Kaaanskje vi klarer å gjere det før jul?

tirsdag 30. oktober 2012

Nostalgi

De har vel sette reklama for Tine yoghurt, der ein mann set på trappa og spis yoghurt, og han sjølv som liten gut dukkar opp ved sidan av? Guten spis av ein yoghurtboks fra "gamledager", og eg blir skikkeleg nostalgisk av den yoghurtboksen! :) Og reklamen er kjempebra synes no eg.

Mann:"Hvem er du?"
Gut: "Jeg er deg vel."
Mann: "Hmm"
Gut: "Hva er det som har skjedd med håret'a?"
Mann: "Det forsvant det"
Gut: "Oi da!"
Mann: "Du veit Synne? Hun i B-klassen som kaster sånn... Hun blir kona di"
Gut: "Synne?"
Mann: "Jepp!"
Gut: "ÆSJ!!"

Vi hadde vel berre melonyoghurt og sviskeyoghurt, iallefall som eg kan hugse, og når det kom jordbær og skogsbær så var det revolusjon!

Og sjekk kva eg fann i butikken i dag!! 

ARTIG! :) Sikkert kjempegod, og betre enn dei meir "moderne",
det er eg heilt sikker på!

fredag 26. oktober 2012

Vinterhygge inne!

Hausten kom brått i år også, men den har regna vekk. Og plutseleg kom vinteren, som julekvelden på kjerringa osv! Då var det koseleg i går og sete inne, fyre i omnen, tenne stearinlys og berre late seg i sofaen.
Men ein ting eg gjorde var å realisere ein idé eg kom på for 2 dagar sidan. Eg har vore på jakt etter ein stor vase eller glaslykt som eg kan ha stein/sand i med lys. Eg har ikkje funne noko som passar enno.
Men så kom eg på at eg har ei hylle i kjellaren full av gamle norgesglass, så kvifor ikkje prøve å bruke dei til noko fornuftig? Nesten som at EG skal lage heimelaga sylte eller noko slikt og ha det oppi dei?

Så då vaska eg eit par av dei, fylte dei med grå, fin stein/sand, la eit par-tre blanke større steinar oppi som pynt, og eit telys. Og jaggu vart det ikkje lekkert! Om eg no skal få sei det sjølv!


No står dei i vinduskarmen på stova og er så fine, og det gav fint lys også. Spesielt koseleg var det når snøen piska inn i glasruta bak.
Det kan hende det er finare å ha dei på kjøkkenet, sidan det er der norgesglas skal vere... Men eg har no fleire på lur, så dei kan no settast fram både her og der!

Ellers har eg ikkje gjennomført andre av mine utrulege kreative idéar(!), men eg har ein på lur i hovudet mitt som eg håper på å få tid til å realisere snart! Tida vil vise! Kjekkare å gjere slike ting, enn å liste tak og karmar, skifte dører og legge golv, lekte ned eit lite tak og legge takpanel... Off, fristen på dei tinga er til jul har vi tenkt. Spørs om det skjer?!
Inntil ånda kjem over meg ang det, så er det kjekkare med slike småsysler som blir fort ferdig.

Lillepigge er blitt "Tjukkebollen", og han også merkar at det er blitt vinter! Han går ikkje så ofte ut for å ete lenger no, og er blitt 1160 gram! Det skal halde i dvale! Så det spørs om han driv å slumrar litt og førebur seg.
Dette biletet er teke for 1 veke sidan. Kanskje det er siste gongen eg får halde han før til våren?


No må eg halde han med begge hender omtrent. Så det er rart å tenke på at i august var han sååå liten, og at han med godt stell, god mat, loppekur og mykje trim, har blitt så stor og fin!
Sjå så liten han var!

Lille nurket vårt!

I dag er det fredag, og eg fekk eit lite "føre" på jobb. Så i dag fekk gutta servert sjokolademuffins med vaniljekrem inni. Mmmmmm! Det var ein suksess!



Denne eine var til ein kunde! :)

God helg!

torsdag 11. oktober 2012

Nedkjølingstid

No er tida komen for at Lillepigge skal førebuast på vinterdvale. Det er med stor sorg at vi har måtte flytta han ut i entreen der det no berre er 12-13 grader. Stakar lille venn er sikkert einsam der, og så er det så kaldt! :o

Forrige helg var han veldig rastlaus og uroleg. Då stod han inne i innergangen og hadde det varmt og godt, hadde stor kasse og fortsatt plastbalja si som hus. Han fekk også kome på stova og sprang rundt på golvet og hadde det supergøy. Trur vi da! :) Virka iallefall slik! Vi kosa med han, og han tok ein liten blund i hendene på Rune. Han var ute fleire timar og sprang både laurdag og søndag.
Kosa seg med leikekameraten sin
Her får han litt avokado og tek maten rett frå fingrane mine
Fornøgd liten rakkar som slafsar og tygg
  Artig å kravle rundt på Rune, og her tittar han fram mellom magen og arma hans!
Og så sove litt:

Låg først enno meir sammenrulla enn dette, men etterkvart stakk alle labbane ut og slapt til sida.

Søndags morgon hadde han velta baljen, innhaldet var dratt utanfor, og han låg under ei avis og sov. Viste oss klart at balja var for liten og at han trengte større bol. Skikkeleg kaos oppi der.
Så då henta vi opp den fine trekassa og klargjorde den. Mykje oppriven avis og makulert papir i "soverommet", og avis i botnen i "stova" si. Der bygde han seg bol og styra på. Måtte mykje papir til for at han skulle få lage seg både varme veggar og tak inni der. Sjølv om tumleplassen er mindre, så er soverommet større, og det virkar som han trivst godt oppi der. Trass kaldt rom.
Han har vorte rolegare, og spis mykje, til og med tørrfôr no. Så det er tydelege teikn på at han førebur seg på å sove ei stund.

Vi skal vege han i helga, så ser vi om han nærmar seg kiloen. Han var 917 gram forrige helg. Og det viser iallefall at han har trivst og et godt!

Det blir trist for oss å setje han vekk. Tenk at naturens gang er slik! At når han får det kaldt, så sovner han og går i ein slags "koma". Og blir det varmt så vaknar han!

Slik kunne eg ønske det var for oss mennesker også! Berre ete meg tjukk og feit, og når november kom så kunne eg berre gått og lagt meg under ei varm dyne, bli vekt igjen på julaften, og berre lagt meg til att heilt til våren! :) :) :)
DET hadde vore kjekt! :) :)

Piggsvin har skjønt greia dei! :) :)

Virker kanskje som alt handlar om Lillepigge i heimen for tida. Og det er nesten sant! Ein dag eg skulle sjå på den nye Kid-butikken i Ørsta, så såg eg to skapningar i hylla som glante på meg. Og kva var det?
Jau, 2 stk STORE piggsvinbamsar til 500kr!! Du verden så søte dei var! Det var like før eg kjøpte ein, berre for moroskuld! Synes piggsvin-ting dukkar opp over alt for tida. Rart det?
Ser ikkje så store ut i hylla, men hylla var djup og bamsane sammenknørva!
Synes ein slik hadde fungert som pute i sofaen min i vinter. Som erstatning av Lillepigge! 
Neeeeei, ingenting kan erstatte Lillepigge! Men spørs om eg må kjøpe ein slik raring som trøst likevel...

søndag 23. september 2012

Stor dag for Lillepigge!


 
Nasse Nøff og Ole Brumm satt i gresset
"Hvor lenge skal vi være venner Brumm?" sa Nasse

"Enda lenger" sa Brumm.
************************************
I to dagar har det vore kjempefint ver og Lillepigge har fått vore ute og gått på plenen vår. Det har vore utruleg kjekt for både liten og store! :)
Dette biletet tok vi i dag, og er berre knallbra! Og eg tenkte på Ole Brumm og Nasse Nøff med ein gong!

I tillegg fekk vi besøk av Thröstur i dag, som har laga hus til han!
Dette huset skal han få bo i når det nærmar seg vinter og han skal gå i dvale. Enten om det blir inne i kjellaren eller ute.
 Isolert golv og skiljevegg i soverommet
 Liten ventil på baksida
 Lillepigge utforskar det nye huset sitt, og det falt i smak med ein gong!
 
Liten utelunsj må til på ein fin soldag!

Her har Lillepigge lukta og smakt på mange godbiter på plenen, og måtte dermed ta ritualet med å spytte seg på ryggen:
 Han gikk rundt på heile plenen, men var greitt med "ho mor" i nærheita i byrjinga.
 Lillepigge set i hendene til Rune.

Og dette var på laurdagskvelden:
Kosa seg!

Han ser veldig tam ut på alle desse biltea, men han er ein liten hissigpropp også. Han kan snøfte, pigge seg til og hoppar opp for å stikke om vi klappa han på ryggen. Det er veldig bra!
Men vi har merka at han er fortruleg med oss to, med stemmene våre og luktene.
Hadde barnevakt her ein kveld, og når ho skulle mate han så kom han ikkje ut av huset sitt, uansett kor mykje ho lokka og venta på han. Det var nok ei uvant stemme for han.
Så det viser seg at Lillepigge har blitt vant til oss.

I skrivande stund er han på veg til å vakne til att borte i kassa si i stua.
Etter han hadde vore ute og gått i ein heil time på plenen, så låg han og sov i fleire timar etterpå. Sliten liten ven!

tirsdag 11. september 2012

MR undersøking

Her var altså eg i dag. Volda sjukehus. Det var ingenting alvorleg altså, men seriøst og fælt nok for meg. Eg har teke MR undersøking av begge skuldrane mine for mistanke om kalk, brusk, slimposebetennelse eller noko anna. Eller ingenting. Det får tida vise.

Eg har i fleire år vore plaga med svake og låke skuldre, men trudd at der er pga at dei er svake og utrente. I vår fekk eg eit høgdepunkt etter eg mala alle taka på stovene, spisestova og kjøkkenet. Eg klarer ikkje ta på jakke utan å vri meg som ei kråke, eller løfte armane ut av kroppen med motstand, ta av trange gensere eller slike ting utan det gjer låkt. Så då fekk eg omsider ein MR time.
Det var 11 lange veker i ventetid.

Det er bra å få kunne ta slik undersøking, men for ei med panikkangst-fobi-ting så er det ikkje så kjekt. For litt over eitt år sidan så fekk eg plutseleg slikt anfall på bussen frå Vatne til Volda, og trudde seriøst eg skulle svime av, spy eller dø. Eg måtte AV bussen og fekk heilt panikk. Eg kom meg likevel til Moa, og tvinga meg inn i ein ny buss til Volda. Det har seriøst vore den verste turen i mitt liv. Trudde eg. Det viste seg at slik var det på neste busstur også. Eg TENKER meg sjuk. Angst for angsten, heiter det visst. Å ta fly har eg alltid likt, trass med fare for at vi KAN styrte. Men på ein flytur frå Hovden til Oslo så fekk eg det samme anfallet. Ikkje forutsett, for eg trudde det var berre på buss. Der var eg låst fast i situasjonen og kunne ikkje "rømme derifrå". Eg blei superkvalm, det prikka i leppene og i fjeset, sveitta i panna og blei svimmel. Spyposen er min beste venn. Etter dette har eg fått samme symptoma i spinningsal, på butikken i kassekø, på venterom, hos frisøren, i møter etc. Det HAR blitt bedre, men eg har unngått buss og fly.

Så var det MR maskin da. Det er jo som kjent en TRANG tunnel som du blir kjørt inn i, stroppa fast. Du må ligge HEILT stille, og har ikkje anna hjelp enn ei blære du kan knipe på for å "tilkalle hjelp".
Eg blir kvalm og uvel ved tanken. Flykter fra det på ein måte.

Superdårleg, rød i ansiktet og veldig kvalm ein time før:
Heldigvis fekk eg noko vival med legen min som skal roe meg ned. Likar ikkje ty til tablettar, men det var mitt einaste håp. Tok to stk 5mg vival ca 45 minutter før eg skulle inn. Med spypose og tabletteska i hendene gikk eg med bistand fra min kjære Rune inn i rommet.
Han fekk vere med som anstalt, og heldigvis for det. Undersøkinga skulle vere 40 min per skulder, men dei kutta ned til 30 min per skulder.
Slik ser ei MR-maskin ut:
Ikkje så veldig god plass inni der, og med hovudet først inn, så kan det føles ut som du blir begravd levande. Ein veldig ubehageleg følelse. Tablettane hadde byrja å virke, for eg var litt tung i kroppen og litt svimmel. Var einaste føtene mine som stakk ut, og der stod Rune og klappa og strauk meg på beina (utan å kile meg sjølvsagt) Det hjalp veldig. Vi hadde ein kode: Krølle tærne = stopp, løfte tærne = fortsett, det går fint. Med "Muse" på høretelefonnane, og god service  og tabletthjelp så gjekk det faktisk veldig fint. Det var verst første 15 minuttene, men etterkvart fekk eg puste betre og då slapp eg å hyperventilere og bli kvalm. Dei snakka med meg i høretelefonane etter kvart bilete, og fekk komme ut og drikke vatn og strekke på beina mellom kvar skulder. Eg kneip att augene heile tida, og det hjalp. Når eg nærma meg siste minutter av siste skulder, så turte eg å åpne augene også. Då tenkte eg at eg var i eit solarium og kunne skimte Rune ved fotenden.
Voldsom til dunkelyd, som overdøyva delvis musikken på øyra, men det var ikkje så høgt som frykta.

Eg vart observert frå dette rommet:
Rett nok ikkje av alle desse folka her då. Der var berre to stk. Dette biletet er kopiert frå Sunnmørsposten sine arkiv.

Etter undersøkinga var eg litt susen i hovudet, og slo av ein spøk eller to, som heilt sikkert ikkje var så gøye som eg trudde. Eg var virrete og sleit litt med å konsentrere meg om å kle på meg igjen på det lille omkledningsrommet. Kan no seie det slik at BH'en min låg i veska når eg kom ut derifrå...
Så tablettane har nok virka LITT iallefall!
Rune køyrte meg heimatt, så eg har vore heime og drukke kaffe og venta på tablettane skal slutte å virke. Det merkar eg at dei gjer no. Litt konsentrasjonsvanskar, men skal no klare å gjennomføre resten av dagen på jobb. Litt susete i hovudet er eg no frå før, så kollegaene mine merkar vel ikkje noko forskjell :)

SÅ: EG GRATULERER TIL MEG SJØLV FOR VEL GJENNOMFØRT MR, OG AT EG VAR SÅ FLINK!
Belønning: Shopping med jentene etter jobb!


mandag 10. september 2012

Pakkeleik og piggeleik

Siste dagen i august inviterte eg bestisane Anne og Elisbeth på jentefest. Det dårlege veret øydela draumen om å sitje ute på balkongen heile kvelden. Men vi trossa ver og kulde og sat ute 1 times tid. Utruleg kor det varmar med fleecepledd, varmelampe og kaffe med baileys!

Obligatorisk ting er pakkeleiken, og det er alltid ein suksess! Vi kjøper gåver av meir eller mindre nyttig form, og pakkar dei inn. Så kastar vi terning, vel oss pakkar, tek frå kvarandre, og pakkar opp til slutt.
Dette går på tid, og det er jo om å gjere å få flest pakkar sjølvsagt!
Då kan det gå hardt føre seg, slik som Elisabeth som kasta terningen rett i sjampanjen!

Pakkane inneheldt både fine og meir ubrukelege ting.

Vesle Leo, hunden til Elisabeth, var med på festen. Og med litt bobler innabors så måtte dei ta sykkelen fram som framkomstmiddel utpå natta. Leo sat i sekk på magen til Elisabeth, og det viste seg at dette var hivens, og han var, som mora, DEN eksosrypa! :)
 
 

*************************************************** 


Eit anna dyr som trives for tida er Lillepigge. Han var i går heile 480 gram, og vi må prøve finne ei større pappkasse til han! Han er blitt større og eldre, kan eg trygt sei, og han har begynt å bli litt varmare i piggane overfor matmor og matfar.
Han får springe rundt i gangen eller på stovegolvet, (under tilsyn) og han gneg på dørtersklane, ruslar rundt meg der eg sit og passar på, småbit på hanskane, gøymer seg under avisbunken, leitar etter godbitar, snusar opp mot meg når eg pratar med han, medan han lagar ein tøffelyd, som visstnok skal bety "eit piggsvin er i farta". Han har byrja såvidt på tørrfor, og får nokre bitar attåt blautmaten til kvar måltid, og knaskar så det sprutar på desse. Han har begynt å drikke vatn, så lenge han ikkje får geitemelka si.
Vi skal vere flinkare å ta han ut på golvet. Han treng å strekke litt på beina og springe litt rundt. Og vi innbiller oss at han i grunnen er litt selskapsjuk også. 

Det rare vi har sett no, er om han klør litt på ryggen, så har piggsvin generelt eit lite problem. Dei har nokså lange bakbein, men dei når ikkje heilt opp på ryggen. Då får han eit merkeleg blikk i augene, vrir seg rundt på sida og prøver å bite seg på ryggen. Han når ikkje heilt til, og da stikk han ut tunga så langt den rekk og legg att spytt på ryggen der han klør. Ser nesten litt spasmisk ut, men det er visst sånn dei gjer det.
Retting: At han vrir seg og slikkar og legg at spytt på ryggen er pga at han har slikka på noko god-lukt,og vrir seg for å legge det att på ryggen! Ein flink, reinsleg og veloppdragen gutt eigentleg då har eg nettopp fått høyrt! :) Og kanskje ei stadfesting på at vasking av golvet kvar dag gjer golvet reint og godluktande! Hehe!