Forrige helg var han veldig rastlaus og uroleg. Då stod han inne i innergangen og hadde det varmt og godt, hadde stor kasse og fortsatt plastbalja si som hus. Han fekk også kome på stova og sprang rundt på golvet og hadde det supergøy. Trur vi da! :) Virka iallefall slik! Vi kosa med han, og han tok ein liten blund i hendene på Rune. Han var ute fleire timar og sprang både laurdag og søndag.
Kosa seg med leikekameraten sin
Her får han litt avokado og tek maten rett frå fingrane mine
Fornøgd liten rakkar som slafsar og tygg
Artig å kravle rundt på Rune, og her tittar han fram mellom magen og arma hans!
Og så sove litt:
Søndags morgon hadde han velta baljen, innhaldet var dratt utanfor, og han låg under ei avis og sov. Viste oss klart at balja var for liten og at han trengte større bol. Skikkeleg kaos oppi der.
Så då henta vi opp den fine trekassa og klargjorde den. Mykje oppriven avis og makulert papir i "soverommet", og avis i botnen i "stova" si. Der bygde han seg bol og styra på. Måtte mykje papir til for at han skulle få lage seg både varme veggar og tak inni der. Sjølv om tumleplassen er mindre, så er soverommet større, og det virkar som han trivst godt oppi der. Trass kaldt rom.
Han har vorte rolegare, og spis mykje, til og med tørrfôr no. Så det er tydelege teikn på at han førebur seg på å sove ei stund.
Vi skal vege han i helga, så ser vi om han nærmar seg kiloen. Han var 917 gram forrige helg. Og det viser iallefall at han har trivst og et godt!
Det blir trist for oss å setje han vekk. Tenk at naturens gang er slik! At når han får det kaldt, så sovner han og går i ein slags "koma". Og blir det varmt så vaknar han!
Slik kunne eg ønske det var for oss mennesker også! Berre ete meg tjukk og feit, og når november kom så kunne eg berre gått og lagt meg under ei varm dyne, bli vekt igjen på julaften, og berre lagt meg til att heilt til våren! :) :) :)
DET hadde vore kjekt! :) :)
Piggsvin har skjønt greia dei! :) :)
Virker kanskje som alt handlar om Lillepigge i heimen for tida. Og det er nesten sant! Ein dag eg skulle sjå på den nye Kid-butikken i Ørsta, så såg eg to skapningar i hylla som glante på meg. Og kva var det?
Jau, 2 stk STORE piggsvinbamsar til 500kr!! Du verden så søte dei var! Det var like før eg kjøpte ein, berre for moroskuld! Synes piggsvin-ting dukkar opp over alt for tida. Rart det?
Ser ikkje så store ut i hylla, men hylla var djup og bamsane sammenknørva!
Synes ein slik hadde fungert som pute i sofaen min i vinter. Som erstatning av Lillepigge!
Neeeeei, ingenting kan erstatte Lillepigge! Men spørs om eg må kjøpe ein slik raring som trøst likevel...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar