fredag 18. november 2011

Søndag 13. november

Søndag 13. november var ein spesiell dag. Ein gledeleg sak er at mamma og pappa hadde 40 års bryllaupsdag!
Dei var på besøk hos oss dagen før, og då fekk pappa farsdagsgåve, og mamma fekk ei lita pakke slik ho ikkje skulle bli lei seg! hehe! Men lite visste eg at dei hadde så fin og spesiell dag dagen etterpå!
Men gåver eller ikkje: GRATULERER MED BRYLLAUPSDAGEN 13. NOVEMBER kjære mamma'n og pappa'n min! Glad i dåkke!

Det var som sagt også farsdag denne søndagen, 13. november. Eg er prinsipielt litt imot å lage sånn oppstyr rundt slike dagar. Det vil sei, eg elskar å kunne feire min eigen, spesielt gode far (og mor ved morsdag!) Men ein må hugse på at det ikkje er alle som har ein far eller mor lenger. Og det vert ofte ein svært tung dag slike dagar.
Eg og Rune tok med oss roser på gravstedet til pappa'n til Rune og tente lys. Eg er lei meg for at eg aldri fekk treffe denne spesielle mannen, som døydde så brått og altfor ung. Men Bjarne lever vidare i hjertet til Rune, og slik føler eg at eg får eit godt syn på korleis han var som person.

Så det var både gledelege og litt triste saker denne dagen.

Men eg hadde besøk av mamma og pappa som sagt på laurdagen. Så eg vil gjerne vise kva dei hadde med seg til meg. Dette er faktisk arvegods frå mormor, og eg berre elskar desse mocca-koppane!!


Dei er lysegrøn, lys lilla, lys aprikos og lys gul, med gull inni. Kjempesøte!

Og dei passar perfekt i det lille skapet vårt!

No er det snart helg igjen, og The Rotevatns går ei utfordring i møte. Eg skal skrive om det litt seinare!
GOD HELG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar