Marthe og Bjørn har skaffa seg ein langhåra liten pus, ein skikkeleg rampepus. Når eg overnatta der så fekk eg besøk av han opp i senga, og inni ansiktet, bitande i håret og sleiking i panna! Vakna på natta med fullt utslag av allergi og at Lynet McQueen (som den heiter) stirra på meg!
Sjekk augene mine!! Raude og kløande. Og sjekk det fornøgde blikket til pus, som om at "oppdraget utført" :)
Og så har vi "DRONNINGA AV VOLDA" da! Katten til Anne. Det er vel den største katten eg har sett, og den raraste! Den er vel 8 kg og DIGER, type Main coon, med gaupeører, kjempesta, bestemt og ikkje kosete i det heile tatt. Berre kosete med Anne og Sigbjørn. Den vel sine venar med omhu, og gjer akkurat som den vil. Nesten ;) Ho har frest til meg nokre gongar, med dei kjempestore tenna sine. Kun for å fortelle meg at eg ikkje skal ta fra ho "mora" (Anne) og sei til meg at ho er sjefen. hehe!
Eg har fått klappa ho 2 gongar i løpet av 2 år, og ho har gått over fanget mitt kanskje 3 gongar for å komme seg bort i sofaen til Anne.
Men denne dagen komm Dessie og ruga seg ned i fanget på meg. Plutselig!! Eg måtte halde hendene på sida, ikkje vere borti eller klappe. Så der var eg fanga av dronninga!! hahahaha! Eg var frostig, så ho varma meg godt dette pelsteppet!
Haha, eg ser litt skeptisk ut, og det er rett! Trur ikkje eg pusta skikkeleg i løpet av desse 20 minutta ho låg der og breida seg!
PS: DENNE KATTEN TOLER EG! :)
Vel, det var enno meir dyrestoff frå fru Rotevatn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar