mandag 28. november 2011

Ulykkesmånad

No synes The Rotevatns at det bør bli slutt på uflaks og ulykker i heimen...
I løpet av 3 veker har altså sisterna på toalettet vårt knust, vi har begge rulla ned trappa pga trappetrinn som var ødelagt, (samtidig!), eg fekk varmevatn utover kroppen, og skjermen på telefonen min knuste når eg mista den på flisgolvet.
Toalettet er blitt skifta ut, og brannskadane vart fråverande pga kalddusj rett etterpå, og eg skal få fiksa skjermen på telefonen min innan 14 dagar. Trappa er under planlegging, for den må skiftast snarast. Det går ikkje an å gå i den no omtrent. Vi åler oss nedover og stig over dei verste trinna. Rune har knekt 2 eller 3 ribbein, og rumpa mi er alvorleg forslått og ein kan ikkje utelukke brist! :-O Høyrt på maken? Utruleg, men sant.
Ikkje vann eg i lotto på laurdag heller, men eg hadde ærleg talt ikkje forventa noko anna!

Men no har vi bestemt oss for å gå lysare tider i møte, med mykje flaks og hell! Og god helse!
Tenk det så!!

fredag 18. november 2011

Søndag 13. november

Søndag 13. november var ein spesiell dag. Ein gledeleg sak er at mamma og pappa hadde 40 års bryllaupsdag!
Dei var på besøk hos oss dagen før, og då fekk pappa farsdagsgåve, og mamma fekk ei lita pakke slik ho ikkje skulle bli lei seg! hehe! Men lite visste eg at dei hadde så fin og spesiell dag dagen etterpå!
Men gåver eller ikkje: GRATULERER MED BRYLLAUPSDAGEN 13. NOVEMBER kjære mamma'n og pappa'n min! Glad i dåkke!

Det var som sagt også farsdag denne søndagen, 13. november. Eg er prinsipielt litt imot å lage sånn oppstyr rundt slike dagar. Det vil sei, eg elskar å kunne feire min eigen, spesielt gode far (og mor ved morsdag!) Men ein må hugse på at det ikkje er alle som har ein far eller mor lenger. Og det vert ofte ein svært tung dag slike dagar.
Eg og Rune tok med oss roser på gravstedet til pappa'n til Rune og tente lys. Eg er lei meg for at eg aldri fekk treffe denne spesielle mannen, som døydde så brått og altfor ung. Men Bjarne lever vidare i hjertet til Rune, og slik føler eg at eg får eit godt syn på korleis han var som person.

Så det var både gledelege og litt triste saker denne dagen.

Men eg hadde besøk av mamma og pappa som sagt på laurdagen. Så eg vil gjerne vise kva dei hadde med seg til meg. Dette er faktisk arvegods frå mormor, og eg berre elskar desse mocca-koppane!!


Dei er lysegrøn, lys lilla, lys aprikos og lys gul, med gull inni. Kjempesøte!

Og dei passar perfekt i det lille skapet vårt!

No er det snart helg igjen, og The Rotevatns går ei utfordring i møte. Eg skal skrive om det litt seinare!
GOD HELG!

torsdag 17. november 2011

Fytti Katta!

Sidan eg har skrive så mykje om hundar, så kan eg no skrive om kattar også eg! Er verkeleg i dyreriket for tida! Både eg og Rune er allergisk mot kattar, så det er aldri eit alternativ å skaffe oss det. Men av og til er det uunngåeleg å treffe ein katt.
Marthe og Bjørn har skaffa seg ein langhåra liten pus, ein skikkeleg rampepus. Når eg overnatta der så fekk eg besøk av han opp i senga, og inni ansiktet, bitande i håret og sleiking i panna! Vakna på natta med fullt utslag av allergi og at Lynet McQueen (som den heiter) stirra på meg!


Sjekk augene mine!! Raude og kløande. Og sjekk det fornøgde blikket til pus, som om at "oppdraget utført" :)

Og så har vi "DRONNINGA AV VOLDA" da! Katten til Anne. Det er vel den største katten eg har sett, og den raraste! Den er vel 8 kg og DIGER, type Main coon, med gaupeører, kjempesta, bestemt og ikkje kosete i det heile tatt. Berre kosete med Anne og Sigbjørn. Den vel sine venar med omhu, og gjer akkurat som den vil. Nesten ;) Ho har frest til meg nokre gongar, med dei kjempestore tenna sine. Kun for å fortelle meg at eg ikkje skal ta fra ho "mora" (Anne) og sei til meg at ho er sjefen. hehe!
Eg har fått klappa ho 2 gongar i løpet av 2 år, og ho har gått over fanget mitt kanskje 3 gongar for å komme seg bort i sofaen til Anne.
Men denne dagen komm Dessie og ruga seg ned i fanget på meg. Plutselig!! Eg måtte halde hendene på sida, ikkje vere borti eller klappe. Så der var eg fanga av dronninga!! hahahaha! Eg var frostig, så ho varma meg godt dette pelsteppet!



Haha, eg ser litt skeptisk ut, og det er rett! Trur ikkje eg pusta skikkeleg i løpet av desse 20 minutta ho låg der og breida seg!
PS: DENNE KATTEN TOLER EG! :)
Vel, det var enno meir dyrestoff frå fru Rotevatn.

fredag 4. november 2011