Det har vore ein dårleg vår og sommar, så vi har ikkje vore så veldig optimistisk til hagens plomme- og epletre.
Det er gamle tre, og vi beskar dei nokså mykje (men ikkje FOR mykje) tidleg i vår, og vi gir dei ein sjangs til! Men trur ikkje det er difor det ikkje er overflod av plommer og epler i år. For det var like lite og mindre i fjor.
Men her er altså årets fangst. Litt til er det oppi trea, men dei er ikkje modne enno.
GODT er det iallefall! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar