søndag 25. september 2011

Snart haust i hakkebakkeskogen!

Vi har ein gåsefamilie på markane våre, 3 stk gåser/gjæser/gjæsser/gjæss (korleis i alle dagar stavar ein gås i fleirtal?) :)
Dei er iallefall kjempesøte, og det er litt rart (og bra) at dei berre er 3 stk. Har høyrt dei kan gjere store skadar på avlingane, men så lenge dei er søte og få så skal dei få vere der heile tida for oss.
Dei har ikkje reist til syden enno, men nyt siste varmegradene før hausten kjem for fullt... Så lenge dei er der, så er ikkje det vinter heilt enno!


På nabomarka så har kyrne og dei søte kalvane beita heile sommaren. Men no er dei reist heim til fjøset sitt. Dei resiste for ca 2 veker sidan, og det er veldig trist. For det er jo eit teikn på at kulda kjem.
Men vi kan glede oss over at iallefall desse to søte kalvane kjem att neste år! :) Håper mødrene kjem også!!

Ellers har vi jo "Ekke" fortsatt i trea våre! Det er ekornet vårt som er her heile året, så han følg oss om de er haust, vinter, vår eller sommar!
Han er ein liten luring! Har høyrt at han ertar på seg "hestemannen" vår, men no har vi erfart det sjølve!
Etter The Rotevatns hadde jogga rundt vatnet på torsdag, så sat han på ei grein og kasta nøtter på oss! Han regelrett sikta på oss! :) hehehehe!!
Han skal likevel få litt mat frå oss i vinter! :) Rampeguten Ekke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar