Vi har ein gåsefamilie på markane våre, 3 stk gåser/gjæser/gjæsser/gjæss (korleis i alle dagar stavar ein gås i fleirtal?) :)
Dei er iallefall kjempesøte, og det er litt rart (og bra) at dei berre er 3 stk. Har høyrt dei kan gjere store skadar på avlingane, men så lenge dei er søte og få så skal dei få vere der heile tida for oss.
Dei har ikkje reist til syden enno, men nyt siste varmegradene før hausten kjem for fullt... Så lenge dei er der, så er ikkje det vinter heilt enno!
På nabomarka så har kyrne og dei søte kalvane beita heile sommaren. Men no er dei reist heim til fjøset sitt. Dei resiste for ca 2 veker sidan, og det er veldig trist. For det er jo eit teikn på at kulda kjem.
Men vi kan glede oss over at iallefall desse to søte kalvane kjem att neste år! :) Håper mødrene kjem også!!
Ellers har vi jo "Ekke" fortsatt i trea våre! Det er ekornet vårt som er her heile året, så han følg oss om de er haust, vinter, vår eller sommar!
Han er ein liten luring! Har høyrt at han ertar på seg "hestemannen" vår, men no har vi erfart det sjølve!
Etter The Rotevatns hadde jogga rundt vatnet på torsdag, så sat han på ei grein og kasta nøtter på oss! Han regelrett sikta på oss! :) hehehehe!!
Han skal likevel få litt mat frå oss i vinter! :) Rampeguten Ekke!
søndag 25. september 2011
tirsdag 13. september 2011
søndag 11. september 2011
Dj Rune på veg til jobb!
Fredag hadde Rune eit litt annleis dj-oppdrag.
Han skulle ved dj på Trandal, Christian Gaard! Så fru Rotevatn var sjåfør og køyrde han til Sæbø, der han vart henta av den raude båten. Så fresa dei avgarde utover fjorden omringa av dei fantastiske fjella og ut til Trandal.
Ikkje kvar dag ein har eigen sjåfør og båt på veg til jobb!
Eg er iallefall veldig nysgjerrig, og vil gjerne ta ein tur dit sjølv!
Han skulle ved dj på Trandal, Christian Gaard! Så fru Rotevatn var sjåfør og køyrde han til Sæbø, der han vart henta av den raude båten. Så fresa dei avgarde utover fjorden omringa av dei fantastiske fjella og ut til Trandal.
Ikkje kvar dag ein har eigen sjåfør og båt på veg til jobb!
Her er dei langt utpå fjorden på vei til Trandal
Ein fantastisk plass sei Rune. Dit skal vi definitivt neste sommar, og kanskje leige ei av dei koselege hyttene 1 veke. Utruleg kva dei har fått til der! Hyggjelege folk som driv plassen, berre gode ord! Eg er iallefall veldig nysgjerrig, og vil gjerne ta ein tur dit sjølv!
onsdag 7. september 2011
Trea våre er ikkje fruktbare i år!
Det har vore ein dårleg vår og sommar, så vi har ikkje vore så veldig optimistisk til hagens plomme- og epletre.
Det er gamle tre, og vi beskar dei nokså mykje (men ikkje FOR mykje) tidleg i vår, og vi gir dei ein sjangs til! Men trur ikkje det er difor det ikkje er overflod av plommer og epler i år. For det var like lite og mindre i fjor.
Men her er altså årets fangst. Litt til er det oppi trea, men dei er ikkje modne enno.
GODT er det iallefall! :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)