Den andre delen av Osloturen var innmari hyggjeleg! Snille Irene har kjøpt seg ny leilegheit, og vi fekk låne den gamle som ho har leigd. Første dagen hjalp vi ho med å flytte ut ein del møbler og maaaange kasser :) Kjekt å kunne vere til hjelp for snille jenter, og kjekt å kunne få bo i leilegheit i Oslo!

Vi kom til Oslo kl 07.00, og fekk oss litt søvn og frukost i leilegheita, før vi la ut på tur i vårt gamle strøk på St. Hanshaugen! Det var 26 grader og sol! ENDELEG EIN SMAK AV SOMMAR!!
Hermann Foss gate <3 SAKN!!!
Sola steika og vi bleike Voldingar som ikkje har sett sola på 2 år måtte slappe av litt, pluss få i oss litt vatn og lunsj i parken. Denne dagen vart det sushi av den enkle sorten frå Rimi i St. Hanshaugen! :)
På ettermiddagen og kvelden hjalp vi Irene med flytting!
Er ein i Oslo må ein jo også ut på by'n, og vi hadde ein liten utflytting/innflyttingfest for Irene!
I bakgården utanfor leilegheita vi budde i.

Irene og eg på balkongen med bobler i mine nye, flate sjampanjeskåler!! Nommis!!!
Så var vi på konsert på Rockefeller, The Carburetors
Slik blir bileta av meg og Rune på konsert! :) :) hehehehe!! Var no kjekt da!!
Denne dagen spiste vi middag "heime", og om kvelden sat vi også på verandaen med te-lys og noko godt å drikke til, før vi for ut på fest igjen. :) KOS!!
Her var vi på Under Water pub! :) Gamle gode pubben på Haugen!!
Må no berre legge til eit "skrytebilete"... som vi ler godt av! ;) Han her helste vi på på ein fest da!
Denne langhelga var nokså hektisk, og vi møtte mykje vennar og x-kollegaer, men rakk dessverre ikkje møte alle denne gongen.
Legg også ved nokre bilete frå Aker Brygge!
Søte, vakre prinsesse Vilde fekk seg speledåse med smykkerier med meg.
Og Irene hadde lagt att ein barneprojektor med film som vi rigga opp i stova! Kjempetøft! Så då var det pottis og film siste natta før vi skulle reise på morgonbussen.
Ein solfylt og varm tur til Oslo! Der fann vi sommaren, og vart forelska i byen på nytt!
Vi kjem snart igjen!!!
...og så var sommarferien snart ferdig, berre nokre dagar att...