lørdag 26. februar 2011

Opsann...!

Dette blei ikkje den rolege frilaurdagen eg hadde tenkt. Skrekkens senario på morgonkvisten!

Kunnige folk saga tre rundt huset vårt; dei får god ved, og vi slepp å tenke på tre som er farlege i stormen. (!)
Men dette er eit eksempel på at tre kan vere lunefulle og dette dit dei vil sjølv! Når dei vil!
Eg sat på sengekanten og hadde tenkt å stå opp, men fulgte litt ekstra med ut vindauge, sidan eg synes det var litt skummelt nærme soveromsvindauge. Når det så begynte å bevege seg så ante eg ei viss fare! Det halla ikkje dit det skulle!
Rune låg bekymringslaus i senga og tok livet med ro, for dette skulle no gå soo bra!


Men SÅ datt det RETT MOT MEG!! Eg sat på sengekanten, og det tok meg vel nøyaktig 0,2 sekund å hive meg under dyna medan eg såg treet komme! PANG!!! Ein forferdeleg smell! Eg såg for meg knust vindauge, med glas over alt i senga, hol tvers gjennom taket, og ei vekes gjenoppbygging!
Kikka opp av dyna og såg at taket inne i soverommet var heilt. Vindauge var ikkje knust! (Det skal no skiftast likevel, men hadde ikkje tenkt til det heilt enno)
Men materialbitar stod ut frå taket og huset, det var treet som "vann"! Det var like heilt!

Så vi får vel snikkarar på besøk til veka tenker eg, er nok ein del som må reparerast.




Det gjekk som det gjekk, ingen vart skadd, og huset er det mogleg å fikse!
Sjokkbiletet av treet mot meg vert ikkje sletta med det første, og eg må innrømme at so redd og sjokka som eg var har eg ikkje vore på det eg kan hugse!

Det var rapport frå laurdagen hos The Rotevatns. Heldigvis ikkje ein laurdag av dei vanlege.
Resten av dagen skal gå med til å roe ned pulsen og nervane.

2 kommentarer:

  1. Milde måne!!! Endå godt at det ikkje gjekk verre, og eg skjønar godt at du fekk deg ein støkk. :) Var toppen saga av frå før, forresten? Håpar de no kan sove tryggare i neste storm. :)

    SvarSlett
  2. Nei, toppen var ikkje saga frå før, dei måtte på taket å sage vekk greinene. Desse bileta vart tekne medan dei henta traktoren med grabb på for å løfte vekk stammen! Pipa fekk seg også ein liten trøkk...
    Men ja, det kunne gå verre, og dei ordnar oppatt etter seg.
    No har vi "berre" eit litt tynnare tre att, pluss STORE BØKA, som er den verste. Ja, på DEN sida. Har ein del på oppsida me! Sukk!!
    Eg skal ikkje vere heime neste gong tre skal fellast!

    SvarSlett