Siste nyhende frå The Rotevatns er at fru Rotevatn fekk B på første innsendingsoppgåve, med (+) bak!
Den +'en er viktig å tilføye! Hurra!
Den +'en er viktig å tilføye! Hurra!
Det er 10 år sidan eg sist vart vurdert i skulearbeid, så dette var så spennande at eg sjekka innboksen min kvar dag for melding frå rettleiar. Aldri fått bokstavkarakterar før heller, så dette synes no eg var verkeleg bra! STOLT!
Taket og rafta på huset er no fiksa, godt som nytt! I tillegg har vi fått sett inn to vindauge på soveromma i 2. etasje og bestilt vindauge til resten av hovudetasjen. Så ein kan godt seie at det eine føre det andre med seg. Blir ein festeleg vår, med mykje arbeid!
Bilen er blitt sjuk, og er på "sjukehus". Berre kryssar fingrane for at det ikkje er so gale. Det er enten ein filleting, eller ein stor ting. Sånn er det med gamle bilar. Sjølv om vår gamle, gode renault har holdt i maaange år, og hatt lite reparasjonar, så må det vel skje litt med den óg. Stakar!
Sola skin i dag og smeltar vekk snøen litt etter litt. Det kan minne om vår i lufta!
Slike gode ting gjer at hus, bil, hage, pengesluk og skuleoppgåver som ligg føre vert litt mindre viktig ei lita stund.
Så godt det er med slike stunder!
Bilen er visst sjuk fortsatt, og treng ein "transplantasjon" av dynamo og pakning. Så dette blir dyrt! Stakkar bil! Og stakkars oss...!
SvarSlettRune er også sjuk og har 39,5 i feber, og ligg heime i senga og healar seg. Stakkar han!!
I tillegg har sola reist, så no er det kaldt igjen.
Hmmm... kvar vart det av våren? Og den gode stunda?
Skuleoppgåve: SUPERT! Gratulerer, det var vel fortent. :)
SvarSlettBil: Kjedeleg
Mann: GOd betring til Rune
VÅren: Kjem att i morgon tidleg. :)
Alt godt til deg.