fredag 7. januar 2011

Animert Alice

For ei stund sida tok søskenbarnet mitt, Sidsel Annie Rekdal, nokre bilete av meg. Dette var til ein skuleeksamen, og ho skulle ta bilete av ein person, legge til bakgrunn og fikse på biletet.
Eg veit ikkje heilt kva ordlyden i oppgåva var, men ho trengte ein modell med kvit kjole, rufsete hår, mykje sminke... og einsfarga bakgrunn. 

Her er resultatet!!
Bruda som stikk av i frykt frå kirka ein mørk,
skummel og stormfull kveld
Liknar det? :) Her er originalbiletet som ho tok utgangspunkt i :)

Lite visste eg korleis resultatet blei. Men artig var det å sjå etterpå.

Her er nokre andre bilete:
 FRYKT!

 Her skulle eg sjå litt redd og trist ut... :) Ikkje så lett da!!

 Artig å sjå korleis bileta vart som dei vart!
Eg synes Sidsel er kjempeflink!
Så no kan eg no sei eg var "modell for ein dag" :-P Haha!

1 kommentar:

  1. Så festleg!!! Viss eg skal lage ein vampyrfilm med ei dame som spring frå bryllaupet med ein vampyr i hælane skal eg hyre deg. :) Var litt spooky og stemningsfullt. Du gjer deg godt som modell. :)

    SvarSlett