lørdag 1. januar 2011

Godt Nytt År!!

Nyttårsaftan 2010 - 2011
Eit nytt år ventar, og det gamle er brukt opp.


Det gamle året har vore eit kjekt år, og eg håper det nye vil verte minst like kjekt!

Nyttårsaftan hos The Rotevatns er ikkje så spennande kanskje som hos andre. Rune har alltid spelejobb, så vi utsett all feiring til dagen etterpå! :)
Så dagen i dag har vore heilt avslappa, med heimelaga pizza til middag og julebrus :) Ja, vi er jo litt rare! :)

Men siste dagen i 2010 har vore ein fæl dag også, med storm og mykje regn, og dermed flaum på vegar og andre stader i Volda. Eg er innmari redd når det bles så mykje og når det ristar i huset og greiner dunker inn i veggane. Vatn har flauma over i vegen vår, så i 22 tida i kveld har eg hakka og gravd grøfter i isen og slapsen slik at elva ikkje skal renne inn i garasjen. Og sida den allereie hadde vore innom der, så måtte eg skuffle ut mykje vatn derifrå også! Det er nyttårsaftan sin det?!
Mykje ved er blitt våt, og no er det berre å håpe at elva ikkje kjem innom igjen... Ja, ikkje heile elva da, men det som flaumer over! Ingen krise har skjedd, heldigvis, men kunne vorte verre.

Til Rune sitt forsvar så var han på jobb når dette foregikk! :)

Men når klokka var 00.00 hadde eg tørka opp, fått varmen igjen og fekk med meg rakettane. Som for øvrig gikk like mykje bortover som oppover!

Slutten på 2010 vart litt våtare og meir stormfull enn eg kunne tenkt meg, men då håper eg at 2011 vert litt tørrare og varmare enn 2010.

Med ønsker om eit riktig
GODT NYTT ÅR!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar