Litt slitt hår og litt drit-lei-faktor gjorde at eg fekk ordna meg ein lang "bob". Som vart litt kortare ved neste klipp. Det er nokså kort og oppklipt bak, men det skråar framover på sidene. Langt nok til å stroppe det i ein hårstrikk når eg trenar.
Slik har eg hatt sidan sommaren, men det har vorte 3-4 cm lenger enn det som er på bileta her.
No lurer eg på om eg skal spare igjen?
Eg er no så "heldig" (?) å vere velsigna med mykje krøllar, fall og elektriske hår... og alt anna som gjer at håret ikkje ligg glatt. Så om eg skal ha ein ok sveis nokon gong, så må eg bruke glattetang. Som regel vert det anten å samle krøllane med skum etc, eller hårstrikk. Det gjeld uansett om eg har bob eller langt hår. Med bob så kan det kanskje ver litt rart med krøllar...
Så no er det på tide å gå til frisøren igjen, men;
Kva skal eg gjere?? Hjelpe og trøste meg, hår er vanskeleg!!! :(
Kan du ikke klippe det helt kort dah??? hihihi:O) nei, hår er ikke lett!! uansett hva slags hår man har, vil man ha det annerledes!! la det vokse, så kan du bruke krøllene dine!!
SvarSlettklemm fra hu du veit:O)
Hei du som eg veit kven er ;)
SvarSlettJo, kort hår har eg no også hatt, men trur ikkje eg vil dit igjen heilt enno du...
Spare altså? Ja, då må eg såfall ver flinkare å bruke dei krøllane då...
Takk for hårstrikk! :)
Spare 1 - Bob 0
Hei
SvarSlettSkjønar godt hårfrustrasjonen, fordi eg sjølv stadig ønskjer noko anna enn det eg har. Kvar haust vil eg spare og kvar vår klipper eg det att. Eg syns du er fin uansett, eg :) Har du hatt bob som ikkje skråar nokon gong? Evt lang lugg, ned til augene? Hadde vore artig å sett bilete før ein stemmer. :)
Takk for det Anne Marta (Solflekken)
SvarSlettNei, har ikkje hatt bob som ikkje skråar. Berre alt langt, både like langt og bua bak, med og utan pannelugg som både skråar på sida og rett av... Hatt pinnkort hår(!), og når det vaks ut hadde eg skulderlangt med oppklipt på sidene... Omvendt av no kan du sei! Hehe!
Prøvd det meste...! Trur eg kjem til å jamne det litt eg neste gong, kanskje... På veg til å bli lengre liksom...!! Blir vel som sist eg sparte ut att!
Eg er ein vingle-Petter!! Eller, vingle-Petrine eller kva eg no er! :)Vinglege jaffal!
Bilete? hmm... Trur eg må i "arkivet" av bilete-cdar viss eg skal finne fram spekteret!