lørdag 21. november 2015

Godguten Snorre Sprett

 

Snorre Sprett kom til meg 23. september, liten, sjuk og svak, og berre 250 gram.
Etter mykje medisinering og sjukdom så er han blitt 1 kg, og er på betringens veg!
Skikkeleg godgut!
Han her vil alltid ha ein spesiell plass i hjertet mitt!

(Videoen er laga på mobilen som ein test, og musikken? Ja det er EG som speler piano. Eit opptak med mobil fra i fjor, med sjarmerande feil og som er klippa til litt) 

mandag 16. november 2015

Fram att med englane

Nei, det er ikkje ein skitten kniv etter middag!
Det er voks på den! Ein godt brukt "smelte-serviett-på-lys-kniv."
Dette er mitt arbeidsreiskap, i tillegg til eit gamalt strykejern.

Etter ei skikkeleg hausthelg innomhus, og med ein rastlaus kropp, fann eg ut at det no var det på tide å leite fram hobbyrommet mitt igjen.
Eg laga mange slike lys i julegåver i fjor, så folk skal sleppe å få det i år også. (I tilfelle nokon av dei som fekk i fjor les dette!) :)
Men dei er så søte at eg måtte lage eit par lys i "gåve" til snille-søte-Linda


Det var no litt synd at eg ikkje hadde fleire enn 2 kubbelys liggande, for elles hadde det nok blitt litt fleire. Så no må eg til innkjøp av fleire lys. Greit å ha liggande til eg plutseleg skal få ånda over meg igjen. Ikkje kvar dag eg får slik "ånd" over meg, så det gjeld å vere førebudd!

fredag 13. november 2015

På tampen...

Dette er vesle Noelle.
Ei lita Voldafrøken som er så altfor lita for årstida.
Ein franskmann fann ho i Volda, og har hatt ho 1 veke hos seg. Ho legg ikkje på seg og et lite mat, og må få hjelp. Ho må ver innomhus i vinter og få mykje mat og kjærleik.

Eg henta ho torsdag ned på kontoret mitt. Der mata eg ho med våtfôr, bit for bit medan ho sat i handa mi. Ho var ei svolten og hissig jente! Smatta og slafsa i seg, medan ho poffa og bles.

For at ho her skal legge på seg så må ho nok matast ei lita periode.

Eg fekk lære ho å kjenne i 30 min, og fekk god kontakt. Nydelig jente som vi berre MÅ berge!


Så vart ho køyrt til Ålesund til ei kjempeflink fostermor som skal passe på ho i vinter og gi ho all kjærleik, tålmod og mat som ho treng!
Kanskje ho blir sett ut i naturen igjen i Volda etter vinteren?
Det hadde vore stas!

torsdag 12. november 2015

Heksebrygg

Eg har siste 4 døgna vore plaga med "tjukk hals." Det vil seie at eg er tett i øyre-nase-hals seksjonen, har hovudverk og feberverk. Men utan å ha feber! Ikkje bryt det ut noko forkjøling eller influense, det berre plagar meg i lang tid. Dette har eg hatt fleire gongar i år også.
Så fekk eg eit tips av ei god venninne, Linda!


"Kjøp inn Coca Cola, ingefær og sitron!"

Ok, eg har vel faktisk aldri smakt ingefær, og visste knapt korleis det såg ut. (flaut)
Men eg handla inn og gjorde som ho sa:

Kok opp 1/2 liter coca cola (ikkje noko lettversjon av cola)
Det skal koke opp ilag med 5-6 skiver sitron, og 5-6 skiver ingefær 


Eg synes det høyrtes så fælt ut med ingefær, men fekk meg ein vekkar når eg skar i den, og kjente SITRUS-lukt!? Aldri trudd!
Men når eg tenker meg om så brukast no ingefær i te... Så burde vel visst det.

Når det var kokt opp, så lot eg det trekke i nokre minutt før eg ausa meg ein kopp med varm "Cola-te".






Dette var faktisk innmari godt! Overraskande godt!
Eg var sikker på at sidan det var til "medisinsk" formål, så måtte det smake pøkk, men det gjorde det altså ikkje!
Dette skal løysne opp tette nasar, hjelpe mot vond hals og vere godt for alt når ein er sjuk i øyre-nase-hals området.
Dersom ein har sår hals og hoste i tillegg skal det vere godt med litt honning oppi også.
Eg er ikkje sår, og har ingen hoste, så eg laga utan.

Om det virka?
Eg drakk denne eine koppen, og eg kjente at noko skjedde. Det løysna litt opp i systemet.
Men eg må vel kanskje drikke eit par til, og det skal eg gjere i kveld.
Eg er iallefall oppegåande enno!

onsdag 4. november 2015

Morgonrutine utanom det vanlege...

Ein morgon hos The Rotevatns er ikkje som hos andre.
Som ei rutine no så let eg pinnsvina få springe rundt på gangen medan eg steller bura, og deretter meg sjølv. Då får dei trimma seg litt, helst på kvarandre, krangla litt, og strekt på beina. Etterpå kan dei sove gjennom heile dagen utan å vakne.
No har dei funne ut at det er på badet det er kjekt å vere! Så medan eg står der og fiksar meg så snik dei seg opp og over dørstokken, og spring rundt på golvet. Over føtene mine, under innreiinga, ja over alt.
Nokre har hundar og kattar som spring rundt føtene, andre har pinnsvin! Ikkje så mange som har sistnemnde, men det har altså vi...
(Vil berre nemne at dette er jo ikkje vanleg, og skal ikkje vere det heller. Dette er ein unntakstilstand, sidan dyra er sjuke og er i registrert pleie hos meg.)

Snorre Sprett i farta!


Televimsen


Snorre Sprett fann ei eske under innreiinga med ein hårfønar oppi.
Den måtte han utforske!