Volda!
Dette er utsikta frå Sandhornet.
Ein dag etter jobb bestemte vi oss for å gå på fjelltur. Det var så varmt og fint vær, vi var i slag, så vi tok tre "horn" i eitt jafs vi!
Dette er utsikta frå Sandhornet.
Ein dag etter jobb bestemte vi oss for å gå på fjelltur. Det var så varmt og fint vær, vi var i slag, så vi tok tre "horn" i eitt jafs vi!
Dette er på toppen av Melshornet som vi gjekk opp til først.
Det er ein veldig fin tur, så lenge ein ikkje går den kjedelege grusvegen opp til Dinglavatnet først. Vi går skogen vi.
Frå Dinglavatnet så er det faktisk ganske så bratt oppover,
så eg var glad då eg kom meg på toppen og fekk skrive i boka.

Etterpå gjekk vi til neste fjelltopp, Grøthornet. Nydeleg tur, og heldigvis lite med fluger. Fantastisk utsikt frå desse fjella!
Derifrå gjekk vi vidare til Sandhornet, som er toppen av skisenteret i Volda.
Vi gjekk ned att der skibakken går nedover. Trudde aldri eg skulle ønske meg tilbake til oppoverbakkane, for du og du så knea får gjennomgå i nedoverbakkar!
Men Rune fekk meg både opp og ned, heil og utan skadar. Ikkje verst! Flink motivator!
Ein fredag, også rett etter jobb, så heiv vi oss i bilen, rakk floa, og fiska i Austefjorden.
Der fekk vi ikkje napp, så turen gjekk vidare til Dalsfjorden.
Vi traff til slutt tida der makrellen "kokte" i fjorden. Det var ikkje så lett å få napp i frå land, men det øydela ikkje motivasjonen. Vi fekk EIN stor makrell, og det vart middagen vår
Dagen etterpå, laurdag, gjekk vi til Hornindalsvatnet. Kjempefin tur oppover dalen. Og synet av vatnet var nydeleg når vi kom opp.

Synd et var hol i båtane, for dei kunne vi trengt. Det var så grunnt vatn og vanskeleg å fiske i frå land.
Og ein annan ting; Vi gjekk rundt heile vatnet. Og måtte ei strekke gå oppi skogen for å komme oss fram. I den granskogen hadde stormane herja, for der låg trea hulter til bulter, og vi klatra og kraup for å komme oss vidare. Ikkje snakk om å snu!!

Eg satt og furta ei stund, med oppskrapa leggar og barnåler i nakken.
Meeeeen, på turen nedatt plukka vi blåbær som vi åt til kveldsmat, med bringebær fra hagen og vaniljesaus.
Då var det heilt greitt likevel!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar