onsdag 23. september 2015

Utflytting

Desse bittesmåjentene kom til meg, dehydrert og svoltne, 10. august.
89 og 91gram.

No er det jammen på tide at barna flyttar ut!
Når dei er over 3-400 gram er dei så store at dei kan få vere litt ute på kveldane. Ein kveld eg og Rune sat på verandaen fekk dei vere ilag. Dei koste seg med frisk luft og uteburet.
Her var det pynta for anledninga.

Men damene veks veldig fort for tida!
Så vi måtte til å lage ei innhegning av kyllingnetting. Der fekk dei rusle rundt og gjere seg kjend nokre timar om kvelden.
Matmor i nærleiken. Blondie er tøffast, men held seg nærme. Punky er pysete, men treng ikkje ha meg så nærme. Treng ikkje heilt det. 

Så eg har måtte bygd eit utehus til dei. Dette huset er meint for å ha i ei innhegning i hagen, men også for å vere eit hus dei kan overvintre i ute i naturen.

Så arkitekt fru Rotevatn teikna, og slik vart alle delane til huset.


Det vert ein kombinert tomannsbustad/einebustad. Eg lage ein skiljevegg som kan takast vekk i midten. Søstrene likar å sove ilag, men dei kranglar ein del elles, så her kan vi sjå an kor gode venar dei fortsett å vere.
I huset har dei to soverom, og eit felles opphaldsrom som kan delast til kvar sitt. Så har dei sjølvsagt kvar sin inn/utgang.


Når gjerdet var på plass, og huset ferdig, så fekk dei flytte heilt ut! Og skulle overnatte for første gong i naturen.
Du og du så dei koste seg i det nye huset! Det var så artig å sjå!


Punky. "MITT SITT! "

Blondie.

Her skal dei få bu i eit par veker til dei er store og tunge nok til å klare seg heilt på eiga hand.



Og medan eg var i gang, så "pussa eg opp" det gamle huset som Lillepigge budde i. Vart no litt kjekt det også. Det skal andre pinnsvin få bu i.

Det har faktisk gått to veker sidan dei flytta heilt ut. Og no er tida for å "gjere døra høg og porten vid". Dei skal snart bli frie pinnsvindamer.
 




fredag 4. september 2015

Naturglede på seinsommaren

Volda!
Dette er utsikta frå Sandhornet.

Ein dag etter jobb bestemte vi oss for å gå på fjelltur. Det var så varmt og fint vær, vi var i slag, så vi tok tre "horn" i eitt jafs vi!
Dette er på toppen av Melshornet som vi gjekk opp til først.
Det er ein veldig fin tur, så lenge ein ikkje går den kjedelege grusvegen opp til Dinglavatnet først. Vi går skogen vi.
Frå Dinglavatnet så er det faktisk ganske så bratt oppover,
så eg var glad då eg kom meg på toppen og fekk skrive i boka.  

Etterpå gjekk vi til neste fjelltopp, Grøthornet. Nydeleg tur, og heldigvis lite med fluger. Fantastisk utsikt frå desse fjella!
Derifrå gjekk vi vidare til Sandhornet, som er toppen av skisenteret i Volda.
Vi gjekk ned att der skibakken går nedover. Trudde aldri eg skulle ønske meg tilbake til oppoverbakkane, for du og du så knea får gjennomgå i nedoverbakkar!
Men Rune fekk meg både opp og ned, heil og utan skadar. Ikkje verst! Flink motivator!

Ein fredag, også rett etter jobb, så heiv vi oss i bilen, rakk floa, og fiska i Austefjorden.
 
 Der fekk vi ikkje napp, så turen gjekk vidare til Dalsfjorden. 
Vi traff til slutt tida der makrellen "kokte" i fjorden. Det var ikkje så lett å få napp i frå land, men det øydela ikkje motivasjonen. Vi fekk EIN stor makrell, og det vart middagen vår

La på ein liten torskebit, vi er da vaksne mennesker som er svoltne!


Dagen etterpå, laurdag, gjekk vi til Hornindalsvatnet. Kjempefin tur oppover dalen. Og synet av vatnet var nydeleg når vi kom opp. 


Synd et var hol i båtane, for dei kunne vi trengt. Det var så grunnt vatn og vanskeleg å fiske i frå land.
Og ein annan ting; Vi gjekk rundt heile vatnet. Og måtte ei strekke gå oppi skogen for å komme oss fram. I den granskogen hadde stormane herja, for der låg trea hulter til bulter, og vi klatra og kraup for å komme oss vidare. Ikkje snakk om å snu!!


Kjekt å fiske, men ikkje verdt klatreturen oppi skauen for vi fekk ikkje fisk.


Eg satt og furta ei stund, med oppskrapa leggar og barnåler i nakken.
Meeeeen, på turen nedatt plukka vi blåbær som vi åt til kveldsmat, med bringebær fra hagen og vaniljesaus.
Då var det heilt greitt likevel!