Då var årets sommarferie over, og det vart den jammen så altfor fort. Kjennes som det ikkje har vore sommar nemleg. Med 13-14 grader i snitt, regn og overskya, så kan ein ikkje heilt meine at det har vore sommar. Men 4 veker ferie og fri har eg hatt, og det har no vore godt uansett.
Dei 2 første vekene var vi berre heime. Det var ikkje så mykje å finne på pga veret, men dei raste no unna likevel med ein del huslege oppgåver og prosjekt som vi berre måtte ta tak i.
Så var det ferietur!
Endeleg skal The Rotevatns på tur, og det blir som regel alltid planlagt og booka i siste liten.
Vi køyrte Renaulten heilt til Gardermoen og parkerte der. Den klarte seg superbra på motorvegane, og vi gratulerte gamlingen med å gi han nokre år til på dekka. Vi holdt fartsgrensa sjølv om hunden var no litt skeptisk da! hehe!
Så tok vi flytog til Oslo og var der i 2 døgn. Budde i Bogstadvegen, og fann ut at det var heilt feil del av byen for oss. Vi er meir St.Hanshaugen/Bislet folk :) Men det var no iallefall sommartemeratur i Oslo og vi kosa oss! Spesielt fint var det i Vigelandsparken.
Så tok vi flytog til Oslo og var der i 2 døgn. Budde i Bogstadvegen, og fann ut at det var heilt feil del av byen for oss. Vi er meir St.Hanshaugen/Bislet folk :) Men det var no iallefall sommartemeratur i Oslo og vi kosa oss! Spesielt fint var det i Vigelandsparken.
Sinnataggen (-ane?)
Fredag tok vi buss til Horten og var der til måndag. Der var det nemleg Punkefestival, Kanalrock som den heiter.
Det var den finaste og kjekkaste festivalen vi nokon gong har vore på! Sola skinte, folka var blide og snille, og stemninga var berre så god! Rune møtte gamle heltar, både personleg og fekk høyre banda sine live. Stor oppleving for han! Og det vart det jammen for meg også!
Vi tek turen dit neste år også, ingen tvil!
Charlie Harper, vokalist i UK Subs!
Vi hadde hotellet eit ekstra døgn. For det første sparte vi oss fulle bussar tilbake til Oslo, samt at det tek no ein dag å komme seg til att etter ei slik oppleving.
Då gjekk vi rundt i Horten, og var innom museet som var stengt. Men vi fekk no oppleve store ting likevel! Kjekk dag!
Rune står ved siden av ubåten!
Er det lov å føle eit snev av klaustrofobi?
Rune leikar seg litt!
Så reiste vi til Oslo igjen og skulle tilbringe 3 døgn der. Då må eg sei det var utruleg godt å få eit større hotellrom, med stort bad og ei svær seg! Og til og med plass til 2 koffertar utslått på same tid!
Vi hadde både hatt bittesmå rom, og på eine rommet var badvasken ute ved senga!!
Oslo!!
Rakk å besøke Irene også ein dag, og fekk sjå den koselege leilegheita hennar på Sagene/St.Hanshaugen
Irene
Kunne skrive lang dagbok om ferien vår, men oppsummerer den med ein avslappa Oslo-ferie, og ei rocka Horten-helg!
På veg heim stoppa vi på ein campingplass på Lom der mamma og pappa var.
Det var artig å treffe på dei på ferietur!
Dei har ein kjempekjekk bobil, og dei kosar seg når dei pakkar den og reiser hit og dit, dit dei vil og heilt utan å måtte planlegge lenge på førehand.
Dei har vore heile landet rundt, frå topp til tå. Det blir nokre mil til saman det!
Her var vi berre ein snartur, men kjekt var det!
Vel heime var det å møte kvardagen i døra. Brått og brutalt!
Vi fekk ei helg fri ilag i det minste da, før eg skulle begynne på jobb igjen!
3 år sidan sist Oslotur og sist sommarferietur!
Dette må vi gjere igjen! Snart!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar