
Her er lille vennen på 170 gram som eg som Pinnsvinhjelper henta med meg heim frå ferie faktisk. Han skulle vere hos meg til han blir stor og sterk.
Det var eit skremmande syn når eg kom heim og skulle sjekke han for "utyske" og om han hadde skadar.
Han hadde ingen synlege skadar, men det synet som møtte meg når eg snudde han og sjekka pelsen på magen gir meg fortsatt kvalmebyger. Han hadde 3 stk STORE flåttar! Der den eine, så stor som ei lita drue, midt på halsen. Den hadde skikkeleg strupetak på lille gutten!
Så eg som aldri har fjerna flått før fekk meg ein hard førstegongstur!
Pinsetten måtte utvidast til den nesten knakk. Ingen tek tak i slikt med fingrane vel!?
Eg fekk ut den minste sjølv. Men på dei største måtte Rune hjelpe. Eg heldt det lille nøstet, mens Rune forsiktig, men kjapt fjerna dei!
Gutten låg der og lot oss halde på, som om han var meget fornøgd med behandlinga.
Pinsetten måtte utvidast til den nesten knakk. Ingen tek tak i slikt med fingrane vel!?
Eg fekk ut den minste sjølv. Men på dei største måtte Rune hjelpe. Eg heldt det lille nøstet, mens Rune forsiktig, men kjapt fjerna dei!
Gutten låg der og lot oss halde på, som om han var meget fornøgd med behandlinga.

Og skal sei han kvikna til! Spiste heile skåla med våtfôr (kattemat) og la seg heilt utslitt etterpå.
Han fikk dråpe i nakken som skal ta evt lopper, flått, mageorm osv. Og sidan han her hadde flått, så måtte han bu i karantene eit par dagar. Flåtten slepp taket når dei får den dråpen, og då dør dei. Men dei kan vandre i nokre dagar etterpå. Då får eg noia og har buret i eit laken. Han hadde ein flått til som eg fjerna utan problem dagen etter, så var han rein og fin! :)
Men han hosta fælt, og veterinær sa det var lungeorm. Dråpen skal ta det også, så her var det nokre dagar med å hoste opp "restane", og då var han ikkje heilt i form stakaren.
Men han hosta fælt, og veterinær sa det var lungeorm. Dråpen skal ta det også, så her var det nokre dagar med å hoste opp "restane", og då var han ikkje heilt i form stakaren.

Her er spisestillinga hans, eine foten langt ut og bak. Hehe, heilt utruleg artig! Slik fekk han namnet Trulsen, etter Pål Trulsen (Curling mesteren!)
Trulsen sitt kule selfie!

Forrige måndag fekk eg inn desse to bittesmå søstrene!
Dei var berre 89 og 92 gram. Hadde dei ikkje komt denne kvelden og fått i seg morsmelkerstatning for kattunger, så hadde dei ikkje overlevd!
Dei fekk namna Punky og Blondie. Punky fekk rosa neglelakk på piggane for at eg skal kunne skilje dei.

Dette er første kvelen etter første mating. Blondie var heilt slapp og dehydrert, mens Punky livna litt til! Ho titter opp frå kassa her.
Stor porsjon med tålmod, kjærlighet, varmeflaske og mating på denne måten, så kom dei seg i form att!
Her er eg heime ein dag frå jobb i lunsjpausa mi for å mate dei.

Dette er "Gjesten"
Han var ein litt større kar som kom inn til meg no på fredag. Akkurat når eg bestemte meg for at eg måtte adoptere vekk nokon av dyra så fekk eg ein til.
Han var 260 gram, vilter, og forlatt av mor han også... Eller mora var død.
Det er forresten det som gjer at vi må hjelpe. For da dør dei av sult, dehydrering, kulde, skade eller sjukdom viss vi ikkje trår til.
Han fekk mat og drikke, varme og stell, og på søndag adopterte eg han og Trulsen vidare til to andre forstermødre som skal passe på dei til dei blir store og kan setjast ut att i det fri.
Her tek eg farvel med gode Trulsen!!
Det var vemodig og trist, for han var liksom favoritten han...
Det var vemodig og trist, for han var liksom favoritten han...
Så no har eg berre småsøstrene igjen her.
Dei krev sitt med opplæring av å drikke fra skål, overgang til fast føde, og passe på at dei aukar i vekt.
Dei krev sitt med opplæring av å drikke fra skål, overgang til fast føde, og passe på at dei aukar i vekt.

Men dei har lært seg koden å drikke fra skål no. Og det er så søtt å sjå på to små snutar nedi skåla som slurpar i seg lunka morsmelkserstatning.
Punky og Blondie skal få bo her ei god stund til, dei er altfor små til noko enno.
Godt å sjå at Blondie, som var omtrent livlaus, bli kvikkare og hermar etter søstera si.
Men det er ho som er sjef i huset deira. Ho lagar bol av makuleringspapir og avisstrimler, og det ser ut som det er ho som er planleggaren, medan Punky må ut og hente meir papir.
Samarbeidar så godt ilag, og søv søtt heilt inntil kvarandre kvar natt.
Søskenkjærleik!