tirsdag 10. mars 2015

Enkelt og greit!


Eg har ei gammal Singer symaskin som eg arva etter mi kjære mormor! Den er eg sååå glad i.
Rune meiner eg burde sy litt med den, og leita dermed fram heile 4 (!) dongeribukser som trengs reparasjon! Jo da, dette skulle no gå bra, tenkte eg.
TENKTE eg!! Det var ikkje så enkelt som det såg ut som...
Eg er, som skildra i eit tidlegare innlegg, inga sydame... Og alt må lærast frå skrætsj!
Men når eg drog maskina fram på bordkanten, tørka støv av den, plugga den i og såg at den var klar med tråd både på underspolen og "overspolen" så drøymde eg meg vekk og tenkte at eg måtte no ha eit overtrekk til maskina, slik den ikkje støva sånn ned mellom kvar gong eg skal bruke den! For det er ein reell fare for at den gjer nemleg det.
Så i staden for å gjere noko veldig fornuftig, så eksperimenterte eg meg ein duk. Dette er ein juleduk, ein løpar, som eg berre "kveila" rundt maskina og klipte av den overflødige lengden. Så sydde eg den saman. Då kom englane på framsida. På baksida så står det Christmas Greetings, men der er det ingen som ser. Så måtte eg no sy saman toppen, og skråe inn litt i hjørna. Rett-fram-sting, litt og litt, så var den ferdig.
Ingen botn i dette overtrekket. Tenkte at eit OVERTREKK ikkje treng botn. Maskina står på bordet til vanleg, og skal ikkje transporterast nokon stad.
Vart det ikkje bra fint?! I alle fall for ein amatør som eg er!

Buksene ligg der fortsatt, klare for lapping. Men eg rakk å gjere ferdig ei av dei da, før underspolen var tom og eg ikkje hugsar korleis få tråd spola ned på den. Det får vere neste prosjekt...

onsdag 4. mars 2015

Vårsko

Når det begynner så smått å nærme seg vår så blir eg alltid inspirert til å kjøpe nye sko!! 
Desse lave støvlettane berre måtte eg ha!!
Marco Tozzi

Luftige med alle hola, og passa både til skjørt, tights og jeans.

Kjekt med ei søster som har eigen skobutikk!!
(Brattvåg sko)

Eg bestilte meg også ei vårjakke og eit par genserar på nettet, så i går når både kleda og skoa kom i posten var det ein gledesdag! 

Kjekt med nye ting! Som ikkje er polstra og dobbeltfora... No kan det bli enno meir vår !

søndag 1. mars 2015

Lys inne, lysare ute!

Her er mine to vårlige lys i bruk på kjøkkenet.

Og på biletet under står englebarna på skjenken og er så søte. 
Dei to her har eg ikkje tent på enno, men det blir vel til det snart. 
Dei er til for å brukast!! 

Det er fortsatt gufsete ver ute, med regn, vind, tendensar til storm,  og ikkje heilt varmt akkurat. 
Men i dag, 1. mars, såg eg både blomstrande snøklokker og spirande påskeliljer ute, og det  bikka 9 varmegrader ute, utan sol. Så no fekk eg litt varme i kroppen og ser fram i mot lysare tider der alt spirer, blomstrer, og det livnar i lundar, rett og slett!! Godt at det er lyst ute når ein står opp og når ein kjem att frå jobb!! 

Til då får ein fortsatt tenne eit levande lys, smyge seg under teppet i sofaen og drøyme seg vekk i frå snø, kulde, stormar og frost. 
Eller benytte seg av mulighetene medan ein ventar...