onsdag 25. februar 2015

Syslerier

Her er siste resultat av eksperimenteringa mi! 
Eg pynta også litt med glitterlim etter eg tok biletet. 
Dette er moro! Spesielt fordi det resulterer i noko ein kan pynte med og noko som ein har bruk for.


Vi har vore ein dag på skitur også sidan sist. Tok ikkje noko meir vellykka bilete enn av denne brusen... Iskald solobrus er perfekt på skitur! 


Dette er eit par snap-bilete eg tok og sendte til to venninner. Om dei trur eg er litt rar? JA! Og det er riktig! 
Når eg kjeder meg så finn eg på slike ting, som å sortere og rydde i skuffer, i klesrom, badskuffer etc, og eg veit ikkje om det er heilt normalt å vaske kvart blad på alle grøne planter med grønsåpevatn...? Ein ting er dei store blada, men ei pengeplante, DEN har mange små blad den!!! 
Så eg rakk ikkje å kjede meg denne ettermiddagen iallefall!! 



onsdag 11. februar 2015

Ny tyggismaskin!!

Slike tyggismaskiner er berre så tøffe! Gjerne enno meir retro og på stativ. 
Vi har fabla om at en slik hadde vore artig å ha, kanskje med valgfri moglegheit for myntinnkast på. Slik at om trassige ungar kjem på besøk så får dei ikkje tømme den utan å putte på mynt!!! Samme gjeld trassige Rotevatns, både herr og fru! 
Men uansett ein artig dings! 

Problemet er at det er så vanskeleg å få tak i skikkelege maskiner! Der finns mang ei utanlandsk nettside som selg slike, men finn ikkje dei akkurat på butikkane i nærområdet. 

Meeeeeen, som ei mager trøst kom eg over denne i butikken i dag, kun 39 kr for ei maskin! Kjempekupp!!! :-) Søt også da! Måtte ha!! 
Den virker!! Slepp å putte på pengar, og smaken på tyggisane varer i ca 2 minutt!! 

Det er nok ikkje så kult å sette denne på golvet i gangen, som vi hadde tenkt på! 
Ja, den står der på golvet midt i biletet!! 




søndag 1. februar 2015

Julekaker

Eg fekk eit infall (eller anfall?) i slutten av november, og skulle plutseleg lage nokre julekaker.
Det var ein søndag eg kjeda meg, og etter å ha snakka med søstera mi som hadde baka 3 sorter julekaker, så sjekka eg kjøkkenskapa og fann ut at eg hadde ingredienser til 2 slag!
Tenk at eg hadde bakepulver, vaniljesukker og kakao?! Utruleg!
Eg kunne no ikkje vere noko dårlegare julebakar enn ho (?) så eg sette igong.
Men desse to kakene er etter mormors og mammas oppskrifter
"Vaniljehorn" (ikkje gjærbakst, men julekaker)

Desse er utruleg gode! Og ekstra gode med melis og strø til pynt! Skal eigentleg vere farga strø, men eg hadde berre brun-farga strø. Men det fungerer det også! Gode var dei!
Til og med Rune som ikkje likar noko form for kaker gjekk og forsynte seg med 1 stk heilt utan at eg tvang han til det!


"Silkekaker" (sjakkruter)
Dette er jo ein slager!
Eg steikte dei litt for lenge, for eg gløymte litt at dei er mjuke når dei blir tekne ut og ettersteiker seg på plata. Pluss at eg velta dei over på rista før dei hadde avkjølt seg, så nokon knakk...
Men, det skal no MINST vere EIN julebakst som ikkje blir vellykka vel?
Gode på smak er dei dog likevel! Og så kan ein ete dei mislykke undervegs.


Alltid best med kaker etter mormors og mammas oppskrifter!