torsdag 11. desember 2014

15 år som kjærestar!

1. desember 1999 skjedde det. Frøken Ødegård vart kjærast med Mister Rotevatn.
Og 1. desember 2006 trulova dei seg på ein benk i parken på St.Hanshaugen i Oslo!
(Denne faktisk)
 
Og i år måtte vi no feire litt at vi hadde vore ilag i 15 år!
Tida går jammen fort! Og det gjorde det i tida før denne datoen også. Så ei storfeiring med mykje gåver, blomster, hotell etc var det ikkje! Men det viktigaste av alt; vi hadde det strålande koseleg og kjekt ilag!
Dagen for feiring vart laurdag 29. november, sidan 1. desember var på ein måndag og arbeidsdag.
 
Med ein gong det vart skumring så pakka vi sekken og tok med sitjeunderlag og ved ned til stranda vår. Der sette vi oss godt tilrette i steinrøysa og laga bål, og hadde ein fakkel litt ut på moloen.
Det var heilt blikkstille, og vi såg ikkje kvar det var sandstrand eller vatn. Trollsk stemning, men trygt og godt, og utruleg vakkert!
 
Der åt vi klementin, og drakk (eg) kaffe og julekake, og berre nytte den fine stunda til vi var tomme for ved. 

Etterpå var det kjempegod middag laga av kokken Rune, og som vanleg smakte det fortreffeleg!
Skåla i sjampis som dessert, og kunne mimre og kose oss heile kvelden!
Perfekt laurdag!
 

tirsdag 9. desember 2014

Girls'a mine!

Midt i november, ein månad sidan, var eg på besøk hos Anne på Hareid. Dit kom også Elisabeth, og vi var endeleg samla alle tre igjen!
Som vanleg med mykje god snacks og snoperi, litt godt å drikke på, og godstemning! Og stretchy-pants! :)

Vi fekk besøk av kule Pegasus, som såvidt turte å liste seg inn på "damerommet". Han følte seg nok ikkje heilt heime der! Men merksemd det fekk han i alle fall.
Anne er nok den einaste som kan spele gitar av oss tre, og tok eit lynkurs for Elisabeth.

 
Eg snappa ukulela og trudde eg skulle kunne henge på, men den hadde berre 4 (eller 5?) strengar, og er ikkje som ein vanleg gitar, så der måtte eg improvisere gitt!
Vi var som dei syngende/spelande husmødre der vi sat, iallefall følte eg meg slik! Ja, bortsett frå "husmor" då... Eg kan ikkje skryte på meg det heller. Eller, eg er kanskje det, men er verken god på det eller å spele gitar, eller å synge. Men det var moro! I sånn ca 20 minutt!
Då gjekk vi heller over til noko anna; å spele på krystallglas!


Nok ein kjekk kveld med girls'a mine!
Måtte det gå fort til neste gong!