Nytt konsollbord i gangen!
Dette bordet kjøpte eg for pengane eg fekk i forskot i bursdagsgåve med mamma og pappa! Det vart kjempefint! Gangen har vore heilt tom, berre med internett-boksen ståande rett på golvet.
No kan den stå på hylla under å samle støv i stadenfor nede på golvet!
Men kjekkaste av alt, eg fekk skuffer til lyspærer og ting og tang, samt ein plass å setje fleire lysestakar og litt pynt.
Gjorde seg no bra der!?
Dette er ein gammal mugge som stod att i huset frå Rune var liten. Eg berre elsker denne muggen!
Den får meg til å tenke på når eg var lita og fekk saft ute om sommaren.
Og så blir eg så glad av fargane!
Glaset her har eg kjøpt ein gong når vi budde i Oslo. Hugsar ikkje kvar.
Kjøpte dei heilt sikkert av same grunn som eg likar muggen: Barndomsminner!
Så dei passa no litt ilag.
Safta blir ekstra god når eg drikk den av desse!