søndag 9. mars 2014

Fastelaven og slikt

Fastelaven har i grunnen for meg berre betydd fastelavensris med farga fjør på,
og fastelavensbollar.
Eg har eigentleg ikkje sett meg inn i kva det betyr, eller kvifor vi "feirar" fastelaven.
Det er jo tida for faste, før påske osv. Men kvifor bollar og greiner med fjør?

Fasten blir innleda med askeonsdag, som er onsdagen 40 dagar før påskedag. Seinare blei søndagen til fleskesøndag eller fastelavenssøndag, måndagen vart blåmandag eller også fleskemandag, og tirsdagen kvitetysdag eller feitetysdag inkludert i fastelaven. Enda seinare blei fastelaven til ei heil veke.
Fastelaven er altså alt anna enn fastetida, men er tidsmessig knytt til den. Den minnar folk om den komande fastetida.
 
I Norge er det vanleg å blukke inn bjørkegreiner og pynte dei med fjører. Opprinnelig kunne fastelavnsriset brukast til å rise foreldre før dei stod opp om morgonen, som eit fruktbarheitssymbol. Risa skulle brukast for å vekke til live fruktbarheten til kvinner, dyr og tre. Pyntar vi dei for at piskn ikkje skal vere så skummel då? :) Baking av fastelavensbollar er vanlig helga før fasten og mange nordmenn bakar bollar med krem og nokre gongar sylte eller vaniljekrem i midten denne helga.
 
Det var fakta frå wikipedia (!) og eg konstaterar at eg likar fleskesøndag, blåmåndag, fleskemåndag og feitetysdag!!!
For sjå kva eg fekk med Elisabeth på fastelavenssøndagen i forrige veke: 
Nydelege, ordentlege norske bollar med krem inni og melis oppå!
 
Og så har vi ein islandsk venn, Thrøstur, som er så flink å lage mat. Han laga islandske fastelavensboller litt på etterskot som vi smakte i går. Desse er så gode at ein kan bli avhengige! Det er som vannbakkels, med fløtekrem og sylte inni, og med heimelaga sjokoladetopping oppå. Desse var nokre med tytebær, og nokre med blåbær inni. Fantastiske!!  

Verre var det med fru Rotevatn som skulle prøve seg på sunne frokostmuffins frå Grete Roede oppskrift.
Dei er grove, med purreløk, skinkebitar og ostebitar inni. Dei såg fortreffelege ut, men uansett kor lenge eg steikte dei i ovnen så vart dei berre rå inni... Så vi spiste toppen på dei, og let det andre gå i søppla. Så dette kunne ikkje EG. Så det er bra eg får smake med venner i staden!
 
Så eg tek fleskesøndag, fleskemåndag/blåmåndag og feitetysdag på alvor, og et meg feit og god, og pyntar med snøklokker på lysfatet i staden for fastelavensris.
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar