torsdag 31. oktober 2013

Så er det på'an igjen!

Så er det vel på tide å ta i eit ekstra tak på trening igjen?
(I garderoba etter ei treningsøkt i oktober)

Off, sukk og stønn! Det er ikkje lett etter så lang treningspause. Hadde jo slik virusgreier i kroppen i vår, noko som gjorde at eg vart så dårleg av å trene. Så då tok eg treningsfri frå seinvår og i sommar, medan viruset skulle gjere seg ferdig og forsvinne. Noko eg ikkje merka noko av på fleire månader! Det gjekk så seint ut av kroppen at det var heilt merkeleg. Berre ein liten "knaus-tur" på fjellet gjorde at eg fekk hovudverk og fekk feberverk i kroppen. Det var så kjedeleg, men må innrømme at å reise rett heim etter jobb og ikkje innom treningsstudio var ikkje så veldig ekkelt det heller ei priode!

Men når hausten kom, så gjekk det betre med kroppen, og då hadde eg liksom ingen grunn lenger til å ikkje trene. Så eg byrja på'an igjen i september, med skrekkblanda fryd. Frå å før ha trent jamnleg 3-4 gongar i veka, så byrjar eg denne gong med 2 gongar i veka. Det er eit blodslit, for eg må byrje heilt på nytt!

 Forutan kondisjonstrening med variasjon på enten elipsemaskin, spinningsykkel eller tredemølle, så trener eg i hovudsak mage/rygg, rumpe, lår og armar med styrkeapparat.
Med musikk på øyrene så hjelp det veldig på motivasjonen. Det er for meg eit
"må ha".
Og sidan det er via telefonen eg høyrer musikk, så turte eg å snikfotografere eit bevis på at eg har trent så svetten renn! :)
Her på ein sykkel! Sliten gitt! Tjoho!!!

Det er deilig å sleppe å trene på fredagar, så eg prøver å legge opp treningane til dei andre dagane i veka. Det er så godt å berre reise heim etter jobb og berre verkeleg gripe helga!

Ha ein god dag! 
Helsing ei med gangsperre!  

mandag 21. oktober 2013

Haustsyslar

No er hausten slått inn for fullt, og det er like før alle blada har falle ned frå trea. Det er ei fin tid med tanke på fargar og frisk luft, men eigentleg ikkje på noko anna måte for min del. Det vert kaldt og gufsete, og hauststormane melder seg. Hatar å fryse!
Men ein får nyte dei fine soldagane til det fulle, og leike seg litt med blada i sola! 

Elles har eg fått sleppe til og prøvd meg på nyekjøkkenet vårt eg også.
Bortsett frå å trikse og mikse med kjøkkenlampar og montere dei... 
...så har eg altså prøvd meg på å bake! 
Elektrikar og bakar, fin kombinasjon!
Rune er ikkje så glad i søte kaker og slikt, men vaniljekremen oppå/inni, DEN lika han!  
Inviterte dei islandske naboane våre på kaffe og vaniljebollar!

Ein annan dag var vi på Treet på fest, der Rune spelar ein av og til. Det var topp stemning, og kjempebra liv og musikk! Eg tok ingen bilete av Rune dessverre...
Elisabeth med kollegaen sin Toralf, og Stefan 
Eg, Thröstur og Olafur 
Omar, meg sjølv og Thröstur!

Men her er Rune på Maxi-bar på Rust i Ørsta.
Der var det også topp stemning, koseleg kveld ilag med Elisabeth og Toralf.  

Gledar meg til fleire kveldar der borte!

I haustferien fekk eg også besøk av Helene, tantejenta mi. Det var kjempekjekt og vi hadde ein skikkeleg kjekk fredagskveld ilag med mykje godteri og prating! Laurdagen var vi på shopping!

Litt tilfeldig at vi såg to genserar med bokstaven vår på? Hehe!

Takk for besøket, søte Helene!

Fotballkamp Volda - Herd
Volda tapte, og vi snakkar ikkje meir om det! (Ein divisjon ned...)
Rune vurderte comeback! :) :)  

Elles er det fullt køyr på arbeid, og merkar godt at dagane vert mørkare og mørkare ute. Er mørkt når eg står opp og er ikkje lenge lyst etter eg kjem heim.
Då er det godt å fyre i vedomnen, med eigen ved:

Her har vi henta strongane som Rune har saga og lagt klart ein dag før, og vi har her slept dei oppi tilhengaren.
Snille Thröstur hjap oss med bil og hengar, og var berehjelp! 
Han fann seg eit juletre i same slengen! Vi skal sjå om det held seg heilt til jul!!

Ja, det er jo faktisk berre 2 månadar igjen til jul! Jøjje meg, kor tida flyg!



onsdag 9. oktober 2013

Nytt kjøkken

Det er god stund sidan vi byrja og planleggje nytt kjøkken, men no er altså draumen realisert. (Faktisk for ca 4 veker sidan, men pytt pytt. Betre å offentleggjere det seint enn aldri?)
Først starta det med ein lang prosess med draumar på papir.
Og slik vart planen til slutt.




Så var det berre for byggjeleiar fru Rotevatn å planleggje, bestille og organisere, medan rivingsmeister hr Rotevatn starta rivinga av det gamle.
Kjøkkenet har ikkje vore endra på 42 år, einaste at Rune ein vakker dag på 90-talet fann ut at eggeskalfarga veggar var UT, og knall blå var INN!
(Vårt einaste overskap overfylt)

Rune har byrja rivinga... Lurte på om vi skulle spare på flisene! ;)

Kobbarhetta er teke vekk dessverre, den var eit syn!

Vi snakkar EKSTREM OPPUSSING her altså...
Mykje god mat er laga på det gamle, men tør å påstå at maten blir minst like god i det nye! I allefall kjekkare å lage den der!
 ****************************
 
Her er vi GODT i gang
 
og medan vi venter på eit kjøkken å lage mat i, så må vi nytte stranda ;)
 
Rune overraska med med piknikk med krabbeklør, reker og pariserloff! Med blåbær og vaniljesaus til dessert!
 
Golvet før.....
 
... og etter!
 
Og slik vart det!
Benkeplate i grårøykt eik, led-spottar med dimming, svart kitchenboard, innebygd oppvaskmaskin, komfyr og platetopp. Og ikkje minst: Svart vask!!
Kjøleskapet er ikkje sett på plass, men det er frittståande og skal stå til venstre.
 

Manglar gardiner, lampar i taket etc, men det kjem seg etterkvart.

Dette er prikken over i'en! "Kosebrisken."
Her kan eg sete og kose meg medan Rune lagar middag! :)
 
Snipp-snapp-snute, så er kjøkkenet i rute!
 
Godt fornøgd! Og med ny sofa i storestova, så byrjar brikkene å falle på plass! 
 
Manglar berre nytt golv, og litt lister, så er vi ferdige i hovudetasjen!
...men det blir ikkje i år...