...og sommarvêret, så er det fint å ha lesestoff! Eg har lest nokre av Jo Nesbø sine bøker, og må seie eg er glad i desse spennande og skumle bøkene. Det er bøker som eg ikkje klarer å bruke 1 år på, så dei går unna. Fine bøker å lese når ein kosar seg ute i sola, eller når ein ikkje får sove.
Eg har ikkje kome til siste boka "Politi" enno, men held på med boka som var gitt ut før den, "Gjenferd".
Har vel lest 1/3 av boka no, og må seie eg likar den veldig godt! Det kan bli litt skummelt til tider, og då er det godt å ha mannen sin ved sidan av, som eg kan krype inntil og sove trygt ilag med igjennom natta.
Og om han ikkje har lagt seg enno, så må eg nøye meg med Fluffy, ein søt bamse eg fekk med Rune ein gong i tida...
Eg drøymer ganske ofte, og klarer å spinne opp mine eigne historier og krimsaker. Og om eg vaknar før gåta er løyst, så har eg ein sjuk eigenskap at eg klarer å sove vidare, og plukke opp historia der den slapp og får ei avslutning. :) Men er det for skummelt, så berre konkluderer eg kjapt med at det gikk bra til slutt.
Rune har vakna av at eg har mareritt og er redd, men også til at eg ligg der og gapskrattar!! Han meiner eg har ein tv i hovudet! :) Men slik er det; nokon drøymer ofte, og andre ikkje. Nokre draumar hugsar ein godt, og andre hugsar ein ingenting av.
Eg les ikkje så veldig ofte, det skal eg ikkje skryte på meg. Men no har eg hatt ca 2 månader treningsfri pga eit virus som herjar i kroppen min. Kronisk viral faryngitt, eller noko slikt. Har noko styr i halsen som ikkje ser så pent ut, og som ikkje vil forsvinne, og dermed blir eg heilt utslått i ny og ne. Og spesielt etter ei treningsøkt eller f.eks etter å vaske hus(!) Så eg tek det litt pø om på for tida, babysteps. Då er det kjekt med noko anna enn tv å glane på.
Men her ein kveld sykla eg rundt Rotevatnet. Det er ein lett tur, og før måtte eg ta 2 runder om eg skulle få noko god effekt. Men denne gongen var det så vidt eg kom meg opp Botnavegen. Det var til og med ein eldre mann som sykla forbi meg opp bakken!! (!) Eg berre lata som eg kika på naturen, og prøvde å halde att pustepesinga mi i det han sykla forbi. Som det liksom var meininga at eg sykla so seint!
Men eg merka det godt på kroppen etterpå. Ikkje berre av dårleg kondis, men eg får så innmari hovudverk, og kvelden etterpå blir eg så slapp, får mektig hovudverk og er sliten i kroppen.
Gurglar halsen med Hextril, og unngår å spise altfor krydra mat. Det er visst det einaste eg kan gjere med dette, og gi det tida. Men synes no 1/2 år med dette er på tide å bli nok. Litt sånn kyssesjukasymptom, utan at det er det...Etter sykkelturen slappa eg av i hammcoken med musikk på øra, og funderte over alt og ingenting. Det var overskya, men ikkje so kaldt. Så her sat eg ein halvtimes tid å gynga. Elskar hammock! Og det er så fint å sete i hagen og berre nyte naturen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar