søndag 28. juli 2013

Sommerferie!!

Så vart det sommarferie, og første veka regna vi nesten vekk! Men sola kom og vi har no hatt 1 veke med sol, varme og glede!! LYKKE!!

Mamma og pappa kom på besøk før dei tok bobilen og reiste på bilferie til Nordkapp!! 
Vi kosa oss med nysteikte og varme vaflar på verandaen! Mmmm!



Når det regna og var "haust" første veka av ferien, så introduserte Elisabeth meg for maling på lerret!! Ho er kjempeflink, og eg trur eg er blitt hekta!
Det vil no vise seg då, om eg prøver igjen. Men det var veldig moro! 
Og slik vart resultatet!!
og så vart det sjølvsagt hengt på veggen, iallefall midlertidig


Etter 1 veke med regn kom endelig sommaren, og då har vi berre kosa oss og nytt livet så godt som råd! 
Vi har vore på fjelltur, her på Krøvelseidet på veg mot Rotevassætra.
Vi skulle opp på Hestehornet, men det vart litt for seint på kveld, sola gjekk ned og klokka var 22. Så dit skal vi seinare i sommar.

Vi har også rodd på Rotevatnet og fiska, og fekk nok krede/ørret til kvelds den dagen! Det er fantastisk godt!


Vi har hatt nokre deilige dagar på stranda også! Og i år har faktisk fru Rotevatn bada!! Det er lenge sidan eg har orka!! Nydelig var det!! 






Vi har ikkje sove bort sumarnatta, og hatt lune kveldar på balkongen! Vi håper vi får fleire slike soldagar i sommar! Har to veker att, så det er kanslje håp!

Eit teikn på at vi nærmar oss sakte mot august er at ripsa byrjar å bli moden. 
I dag spiste vi rips rett frå treet og skylte ned med deilig vaniljesaus!! 
På slik vis som berre The Rotevatns finn på! 



Meeeeeget godt!!!!


I dag er det søndag og vi er klare for ny veke! 


onsdag 10. juli 2013

Medan ein venter på sommarferien...

...og sommarvêret, så er det fint å ha lesestoff! Eg har lest nokre av Jo Nesbø sine bøker, og må seie eg er glad i desse spennande og skumle bøkene. Det er bøker som eg ikkje klarer å bruke 1 år på, så dei går unna. Fine bøker å lese når ein kosar seg ute i sola, eller når ein ikkje får sove.

Eg har ikkje kome til siste boka "Politi" enno, men held på med boka som var gitt ut før den, "Gjenferd".
Har vel lest 1/3 av boka no, og må seie eg likar den veldig godt!

Det kan bli litt skummelt til tider, og då er det godt å ha mannen sin ved sidan av, som eg kan krype inntil og sove trygt ilag med igjennom natta.
Og om han ikkje har lagt seg enno, så må eg nøye meg med Fluffy, ein søt bamse eg fekk med Rune ein gong i tida...

Eg drøymer ganske ofte, og klarer å spinne opp mine eigne historier og krimsaker. Og om eg vaknar før gåta er løyst, så har eg ein sjuk eigenskap at eg klarer å sove vidare, og plukke opp historia der den slapp og får ei avslutning. :) Men er det for skummelt, så berre konkluderer eg kjapt med at det gikk bra til slutt.
Rune har vakna av at eg har mareritt og er redd, men også til at eg ligg der og gapskrattar!!
Han meiner eg har ein tv i hovudet! :) Men slik er det; nokon drøymer ofte, og andre ikkje. Nokre draumar hugsar ein godt, og andre hugsar ein ingenting av.

Eg les ikkje så veldig ofte, det skal eg ikkje skryte på meg. Men no har eg hatt ca 2 månader treningsfri pga eit virus som herjar i kroppen min. Kronisk viral faryngitt, eller noko slikt. Har noko styr i halsen som ikkje ser så pent ut, og som ikkje vil forsvinne, og dermed blir eg heilt utslått i ny og ne. Og spesielt etter ei treningsøkt eller f.eks etter å vaske hus(!) Så eg tek det litt pø om på for tida, babysteps. Då er det kjekt med noko anna enn tv å glane på.

Men her ein kveld sykla eg rundt Rotevatnet. Det er ein lett tur, og før måtte eg ta 2 runder om eg skulle få noko god effekt. Men denne gongen var det så vidt eg kom meg opp Botnavegen. Det var til og med ein eldre mann som sykla forbi meg opp bakken!! (!) Eg berre lata som eg kika på naturen, og prøvde å halde att pustepesinga mi i det han sykla forbi. Som det liksom var meininga at eg sykla so seint!
Men eg merka det godt på kroppen etterpå. Ikkje berre av dårleg kondis, men eg får så innmari hovudverk, og kvelden etterpå blir eg så slapp, får mektig hovudverk og er sliten i kroppen.
Gurglar halsen med Hextril, og unngår å spise altfor krydra mat. Det er visst det einaste eg kan gjere med dette, og gi det tida. Men synes no 1/2 år med dette er på tide å bli nok. Litt sånn kyssesjukasymptom, utan at det er det...

Etter sykkelturen slappa eg av i hammcoken med musikk på øra, og funderte over alt og ingenting. Det var overskya, men ikkje so kaldt. Så her sat eg ein halvtimes tid å gynga. Elskar hammock! Og det er så fint å sete i hagen og berre nyte naturen!


lørdag 6. juli 2013

Snart sommarferie!!

Det et no ei stund sida sist eg var innom her, men det betyr no ikkje at månaden har vore heilt innhaldslaus. Vi hadde storstilt sommeravslutning på jobben, med stor tapasbuffet, og basseng med isbitar og øl!
Ein utruleg kjekk gjeng eg jobbar ilag med!


Eg var ein snartur til Vatne, og måtte berre ta bilete av oss søskena! Kjekt å mimre!

Eg måtte rydde litt i drt gamle klesskapet mitt, og der fann eg dressen min som eg kjøpte når eg var 16. Den passa enno, så då er eg klar for 90 talsparty! 


Sidan eg var på Jula og kjøpte bilsetetrekk så såg eg så mykje anna eg skulle trengt. Og denne nikkehunden berre MÅTTE eg ha!! Så har vi også altså fått oss hund! Hahaha!


I dag kom sommaren på eit lite besøk, så då nytte vi dagen i hagen! 
Ikkje alle som har både seng og salongbord i hagen sin nei! 


Det var årets første grilling. Dog med kulegrill... Gassgrilleen har vi ikkje prøvd enno... Men det blir, ein gong snart... kanskje... 

Og til dessert; Rune sin utruleg gode smoothie. Her er det både kvite og raude rips oppi, samt bringebær. Alt fra eigen hage. Med vaniljeyoghurt og banan blir det perfekt! 

No berre håper vi sommaren kjem skikkeleg! Ei veke att å jobbe, så er det ferie!!!