lørdag 23. mars 2013

God påske!


No har fru Rotevatn gått heilt bananas og pynta til påske!

Eg brukar ikkje ha huset fullt av gule kyllingar, gule dukar, gule gardiner og lys. Men eg har gått på ein sprekk i år.
Eg klarte berre ikkje å gå i frå desse harpusane her som kika på meg med stora auge fra hylla i butikken! Dei er berre sååå søte! Og så er dei ikkje kledd i knallgule kle heller! Så desse måtte eg berre ha. Og det var ingen overrasking at hr. Rotevatn også likte desse. Det er jo søte dyr, og mr. Dyregod smelta han også! hehe!

Så der står dei på skjenken i spisestua og passar på sjokoladen og påskeegget, medan dei sjølve har gulrøtter i sine korger!
Eg har høyrt at sjokolade held seg betre på eit fat enn gulrøtter, så eg måtte berre legge oppi sjokolade i stadenfor gulrøtter. Hehe!  
Vel, som om sjokoladen treng å halde seg i noko lengd... :) :)
 
Saman med Harpus og Harefrøken så ønskjer The Rotevatns alle ei riktig god påske!

torsdag 21. mars 2013

Hoppande hjarte, men hoppande glad!

HURRA!!! Hjartet mitt er friskt!!

Eg har no i eitt døgn gått med EKG apparat hengande rundt halsen med mange klistrelappar og ledningar virra rundt på bryst og mage. I dette døgnet har eg ikkje hatt boblande og hoppande hjarte, sjølvsagt, no når det skulle målast slik i allminnelege tilstandar. Men eg var sår og øm tirsdagskveld når eg slappa av i sofaen og når eg la meg.
Det kunne dei sjå på EKG'en, for då hadde eg ei rekke med ekstraslag.
Og resultatet fekk eg altså i går. Eg har rett og slett eit hoppande hjarte med ekstraslag litt meir enn vanleg, og ultralyden viste, dog på sin skumle og levande måte på skjermen framføre meg, eit friskt hjarte som var feilfritt! DET var godt å få stadfesta! :)
Eg hadde derimot lavt blodtrykk! Så det er ikkje rart eg har svimla litt og vore slapp, og det framprovoserar hjertehopp.

Så eg må rett og slett auke frekvensen av kondisjonstrening frå 2 til 3 gongar i veka sa legen (eller meir då) og lære å leve med desse hoppa. Ingen av delane vert lett, men skal no klare det og.
Om eg får vedvarande boblande og hoppande hjarte over tid som den gongen i januar, så finns det no medisinar for det og. Men blodtrykket må først opp.

Eg har alltid vore glad i salt og har tenkt lenge på det å begrense inntaket. Men har no fått vite at salt er bra for å auke blodtrykket, samt å spise lakris!! Ja, og viktig er det å drikke mykje vatn, noko eg er dårleg på.

Så her er eg hoppande glad, og det på trass av eit hoppande hjerte. Det er iallefall friskt. Så får vi berre tru at episoden i januar var eit eingongstilfelle, og eit varsku på at eg må få opp blodtrykket, ikkje stresse, men trene enno meir kondis, drikke vatn og få i meg nok salt.

Ein ting som er litt snålt. På eit venterom på medisinsk poliklinikk finn vi desse bileta...
Uklart bilete, men det er ikkje glade menn, det er skrekkslagne menn med frykt i augene!
Ikkje rart folk vert nervøs og engstelege på sjukehuset! Kva med sommarfuglar og glade bilete?! Var nesten, BERRE NESTEN, slik at eg kunne heller tenkt meg klovnane til Marianne Aulie...

torsdag 14. mars 2013

Skitur i ettermiddagssola

The Rotevatns kjøpte seg bortoverski i påska i fjor!
Vi er ikkje akkurat Johaug og Northug, så vi treng ikkje så dyre og supergode ski tenkte vi.
Men dei funka til sitt formål:
Nemleg til å gå på ski bortover med!

Rune på startstreken

Vi har ikkje lagt ut på store fjellturar, og har ingen store planar om det heller enno. Men ein tur framover på skogsvegen til Rotevassætra er passe, og tysdag denne veka tok vi turen rett etter jobb.

Meg sjølv på veg framover, i utruleg fint pudderføre og deilig ettermiddagssol!

Love, love, love! :)
Ei velfortjent belønning når vi nådde endepunktet vårt fram i lida der!

Koseleg tur!


Og vi hadde det utruleg kjekt og flira mykje!
Som sagt, vi er ikkje sooo flinke, det er trass alt mange år sidan vi gjekk på ski!

Men eg synes vi var flinke uansett. Skøyta og greier!
Det blir meir av slike turar! Og øving gjer meister, og eg klarer sikkert å gå inn skoa til slutt også, for no får eg gnagsår berre eg går 100 meter... Typisk meg.

onsdag 13. mars 2013

Kjøkkenplanar

Vi har i nokre år drive å pussa opp huset, sakte men sikkert, og rom for rom. På den måten unngår vi dei store samlivskranglane som alle sei ofte kjem av å bo og leve i eit oppussingsprosjekt. Vi har heldigvis unngått desse!
Må innrømme at ting har slite på tålmodigheita, mest pga at ting tek tid, og eg har ofte lyst å ringe "sinnasnekkeren" eller nokre andre oppussingsprogram. Men det er med stoltheit vi ser attende på prosjekta våre og kan seie at vi har gjort det aller meste heilt sjølv.
No er det kjøkkenet som står for tur, noko eg gleder meg vanvittig til skal komme på plass. Det er jo ei stor lykke no berre med nytt kjøleskap, så tenk kor det blir med nytt kjøkken?!
Slik det er no er ikkje verdig ei gamal hytte eingong. Synes no eg då... Og eg har gitt opp å halde det ved like og pynte på fasaden, når det ikkje er noko fasade å pynte på. Eit skap av kvar sort, dører som manglar, gamle kvitevarer, lite skapplass, ein stor og stygg furukommode som er sett inn for å hjelpe oss med plassen... Uff nei, det er ikkje eit vakkert syn det kjøkkenet...

Men no har eg fått mine idèar ned på papir, og har ei løysing som eg trur vil passe oss perfekt.


Takhøge overskap, integrert oppvaskmaskin, og hjørneskap. Slette frontar, og gode skuffer. Grå benkeplate i laminat som liknar på tre.

Integrert komfyr med induksjonstopp og frittståande ventilasjonhette og nok eit hjørneskap og skuffer. Kitchenboard mellom benk og overskap, men også på heile veggen bak hetta og rundt vindauge. Kvit med blanke roser. Ikkje så blomstra som det ser ut som på biletet da.

Vindusveggen vert ei utfordring, for vindauget rekk lenger ned enn standard benkeplatehøgde, og er i virkelegheita lenger ned enn det visast på biletet. Så her tenkte eg å ha ein sittebenk integrert i innreiinga, med masse puter oppi. Skuffer under gir oss fortsatt god benkeplass. Der skal eg slye meg medan Rune lagar middag! :)

Dette er berre tankar og idear så langt. Det vil verte meir skapplass enn vi har frå før. Er litt usikker på sittebenken, men den var så kul! Om vi skal ha vanleg benk der, så vil den rekke over vindauget... Så eg er litt i tvil om eg ønsker å ha det eller ei. Det går jo an, men er litt usikker ja.

Så langt har vi altså komt. Og ikkje lenger... No hentar vi inn tilbod frå forskjellege leverandørar før vi bestemmer oss. Og det er jo eit prosjekt som tek litt tid.
Så må vi snakke med elektrikar og snikkar som skal hjelpe oss med dette, og lage ein framdriftsplan.

Eg merkar meg at eg blandar mellom å skrive "vi" og "eg" :) Og det er vel ein grunn til det. Det er vel EG som er prosjektleiar, og har fått tankar og idear ned på ei teikning. Og er vel den som er mest pådrivar for å få i gang heile greia. Rune er ein tilbaketrukken og skeptisk kompanjong, som likar å sjå ting føre seg "live" før han bestemmer seg. Noko som er vanskeleg med slike prosjekt. Men han har sine bestemte meiningar, og har kome med sine ønsker. Han er kokken i huset og eg har høyrt på han og teke hans få innspel til no med i planen.

Mitt største ønske og min store draum når det gjeld husprosjekt i år er å få i stand kjøkkenet til sommarferien. Helst mykje før, men eg er realistisk, og synes faktisk til sommaren er eit litt optimistisk mål.

Men har iallefall kjøkkenet inne hos 2 kjøkkenleverandøra for prisinnhenting, så får vi sjå da kven vi endar opp med. :)

onsdag 6. mars 2013

"Hjertelig hilsen"



I perioden 08.02 - 08.03 så har LHL ein årleg kampanje gåande som dei kallar "Hjertelig hilsen". Dette er det Landsforeningen for hjerte- og lungesyke som har starta, og vil sette fokus på at over 1 av 3 kvinner
dør av hjerte- og karsjukdom.
Nesten all forsking på hjertet blir gjort på menn, men det dei likevel veit er at kvinner har andre og meir diffuse symptomer enn menn, og at medisiner som i hovudsak er laga for menn
ofte verkar annleis på kvinner.
Difor bygg LHL opp eit fond til forskning på kvinnehjertet.
Så eg har kjøpt ein pin, ei kjempefin hjartenål, og bidreg litt til å støtte Hjertefondet, og vil skape merksemd om dette.

Eg har jo fått opplever sjølv på kroppen at hjertet er skjørt. No var no det ikkje infarkt eller noko slikt, men det er så ekkelt når det er hjertet som er "sjukt". Det er jo primus motor for heile kroppen det!
Så eg går rundt med ei fin hjertenål,
og oppfordrar alle til å gjere det same!

Eg skal forresten inn til sjukehuset og få klistra på meg lappar og ei lita maskin som skal måle EKG over 1 døgn. Dette skjer den 19. mars. Det gjekk jammen lang tid før eg fekk innkalling, men det har vore rolege tider for hjertet mitt etter opphaldet, så dei hadde vel ikkje fått målt noko likevel i løpet av den tida som har vore.
Men eg tenker at eg skulle vel hatt slik måling over meir enn 1 døgn, og eg har jo allereie vorte målt i omlag 1 døgn, så eg ser ikkje heilt poenget med å gjere det ein gong til.
Men tida vil vise om dei ser noko rart.

Ha ein hjerteleg fin dag! :)


søndag 3. mars 2013

Hårfarging og ein smak av sommar

Laurdag klipte eg tuppane på håret mitt sjølv, og farga håret etterpå. Eg har brukt ein lys-blond farge fra Garnier, nr 8.3. Det gjer håret mitt "karamellfarga" på ein måte. Ikkje blond!!! Men eg tok ein tone lysare denne gongen, nr 9, og farga det før etterveksten hadde begynt å kome fram. Så då vart det ein jevn farge, faktisk. Biletet lyg litt, for her var eg gul på toppen og litt i tuppane, men det er heldigvis ikkje heilt slik i verkelegheita da. :)

Artig å ekspreimentere litt sjølv. Litt farleg, men spennande!
Hadde det blitt oransje så hadde det vore heilt ok! Men er fornøgd med slik det vart.


Rune har vore oppteken med UKM heile fredag og laurdag, men fra laurdagskveld så fekk vi kosa oss skikkelig! Eg hadde brukt laurdagen godt til å rydde og stelle heime, og hengt opp gråe stuegardiner! Det vart veldig fint! Ordentleg husmordag!

Og søndagsmorgon vart eg vekt med farris og jordbær til frokost på senga! Perfekt! Ein smak av sommar.
Men hærlegheita varte ikkje lenge, og draumen av sommar forsvann når eg kika ut og såg nysnøen på markane...
"No er det søndag og fru Rotevatn har fri,
MEN ho har ikkje tenkt å gå på ski"
Her er det sofaen som lokkar, og her skal eg bli