tirsdag 26. juni 2012

Snart sommarferie, er eg klar? Ja, og nei

No er det snart sommarferie, og her er utsikta eg har frå pulten min!

Er det rart at eg synes sommaren kom for brått i år også?
Det kan vere like greit på nokre måtar at sola ikkje varmar så fælt at ein må ut og sole seg...

Kanskje neste år...? Kanskje kjem sola då også?

Men trass godteri- eller gulrotdiett, så er dette måten eg solar meg på: (med latterkrampe)

Skikkeleg sunnmørs soling! Det varierar mellom sol og sky, og så er det iskaldt når sola er bakom skyane!
Godt å ha eit fleecepledd å varme seg på, og å skjule seg for paparazzi'en med!

Og så er det kjekt med markise på verandaen tilfelle regnet kjem også!

søndag 24. juni 2012

Hyttetur og 40 års feiring

Forrige laurdag suste eg avgårde ilag med Anne til Ålesund. Rettere sagt Moa, og Roar var sjåfør.
Vi shoppa litt på Moa, og eg fekk tak i lysestakar, gardinstenger og litt anna stæsj.
Så for vi på hyttetur da! Det var spennande, for vi visste ikkje heilt kor vi skulle, og heller ikkje kven som kom. Ein ting var sikkert, Elisabeth skulle feire 40 års dagen sin, og vi var klar for det! :)
Vi køyrde forbi Olsvika og innover fjorden. Til slutt fann vi fram til hytta.
Innste Evjeneset (Trur eg det heiter her i følgje gulesider kart) 


Det var heilt fantastisk flott der, og bileta tok eg dessverre når sola hadde gått ned. Men denne hytta, som var både bygd på, renovert, og kjempefin, overgikk alle våre forventningar. Eg spurte Elisabeth før vi reiste om der var vatn og toalett. Ho sa faren hadde laga til badet for eit par år tilbake sidan. Eg hadde ikkje trudd at det var sååååå fint der! :) :)
Her er den minste stova

Og her er storestova med spisebord. Litt ekstra bord og stolar måtte til, vi vart ganske mange!


Stigen i bakgrunnen gjekk opp til ein stor hems, der vi tre damene låg (venninnene til Elisabeth)

Elisabeth måtte stå opp medan vi andre sang bursdagssang av full hals, og gledde oss til å smake bacalao som pappa Fjelly hade laga.
Eg har aldri smakt bacalao før, og hadde ikkje noko forventninga anna enn at eg hadde høyrt frå nokon at det var anten elsk eller hat. Og nære kjelder hadde sagt at for denne personen var det eit hat. Så eg var spent. Men eg likar jo både fisk og alt anna som er oppi der, så eg gledde meg!
Slik såg min lille porsjon ut:
...før eg forsynte meg med enno meir. DET VAR FANTASTISK GODT!!!! :)

Og vi åt og åt, til vi nesten rulla. Alle saman! Den oppskrifta må eg få trur eg! Slik eg kan gi den vidare til kokken hos The Rotevatns (les: Rune)
Her er Anne, snill pike og veldig forventningsfull:

Og her er Anne norke timar etterpå :) Hehe!
Alltid i godt humør, og latteren er alltid på plass! :)

Kvelden vart ikkje heilt slik vi hadde tenkt. Vesle Leo (hunden til Elisabeth) vart veldig sjuk. Han oppførte seg veldig rart heile dagen. Slapp og sliten, vandra litt kvilelaus rundt, og var ikkje heilt i slag.
Dette biletet tok eg av han medan vi åt middag. Han sette seg på teppekorga og grov seg ned i hjørnet.

Elisabeth måtte reise til dyrelegen utpå kvelden, og lang historie kort; Han var alvorleg sjuk. Genetisk arveleg leversjukdom. Han overnatta på "sjukehuset" og fekk antibiotika.
No er han tilbake hos Elisabeth, og er på diett fram til han skal operere i september. Han skal bli bra att!!!
Her eit bilete av Leo, slik vi kjenner han:

Timane gjekk no, og det var leggetid.
Elisabeth og Birgit (søstera hennar) kom seint att frå veterinæren. Her smila dei slitne men tappert til fotografen...

Vi la oss ca kl 02.00, og damene klatra på hemsen og nedi soveposane sine. Vi tre var som tre fjortisa på leirskule, så vi låg og knisa i lang tid før vi sovna. Ovetrøtte vi? Nææææh...!
Eg sovna sist, og det er alltid kjedeleg. Men det var kjekt å vakne til sol og sommar, og god frukost hos familien Fjelly!
Utpå ettermiddagen kom Roar og henta oss igjen, og vi køyrde så tilbake til Volda.

Roar og Anne tøysa og tulla på ferga <3 Love is in the air!

Medan eg sat i baksetet, seriøs og alvorleg, og filosoferte over... ingenting! 

Det var, trass tårer og bekymring, ei kjekk oppleving! Så no kryssar vi fingrar for at Leo skal bli heilt frisk att!! FORT!!!


onsdag 20. juni 2012

Reparere


No er eg visst blitt so gamal at eg må reparere kroppen min!
Kneet er dårleg, hofta sviktar, skuldrane og handledda verker osv osv...

Det verste er vel skuldrane mine da. Eg har alltid hatt "spaghetti-armar", dvs nokså tynne i forhald til resten av kroppen, og veldig svake!

For nokre år sidan bestemte eg meg for å byrje å trene, sånn på skikkeleg. Så det vart både corebar, spinning, styrketrening, jogging... og du og du kor eg skulle bli tynn og sprek!
Eg vart no i betre form i pusten om ikkje anna...!
Men siste 3 åra har eg merka at skuldrane mine er svake. Dei blir så fort låke, og eg har tenkt at det er ei slags familiesvakheit. Har prøvd å trene dei sterkare, men merkar at dei ikkje tåler so mykje.

Etter vårens prosjekt med takmaling, så har dei "eksplodert". Det vil seie at dei har vorte mykje verre, og eg måtte til slutt gå til lege for å høyre om det er noko som kan reparerast, eller om eg skulle berre vrakpante dei. Hadde vel ikkje fått noko pant heller, så då kan eg vel prøve å reparere dei...
Eg fekk ikkje noko henvisning til MR, ingen tablettar eller noko. Her skal det opptrening til. Jaja, så reiste eg til fysioterapeuten då. Der kunne han stadfeste redusert røyrsle i skuldrane, og dei er nok noko betente.
Eg har visst litt trange skulderledd, slik at ting pressar på slimposen der inni. Så eg fekk litt massasje, og så har eg fått nokre mobilitetsøvingar som eg skal trene på i heimen og på trening. Hald dei i ro mest mogleg i kvardagen, ikkje løfte tungt, og ikkje tren styrke.
Her er ei av mobilitetstreningane som eg skal gjere: (Kjenner ikkje mannen på biletet, men illustrerer ei av øvingane)

Sidan vi har så nye og fine kvitmåla tak i heimen, så vil vi ikkje skru i krok i taket for at eg skal feste tau og pendle armane i. Så eg har vore kreativ og klipt hol i ein pose, og tek øvingane på golvet medan Rune held i handtaka. Slik får no Rune også trent statisk styrke i armane sine! hehehe!
 (Mesterhus snikreklame)
Slik set eg då og bevega armane og skuldrane att og fram, ut og inn, og kjeder livet av meg. Men får håpe det hjelp no då!

Eg er iallefall friteke frå å måle tak ei stund framover!

Bursdagsfeiring

Fredag 8. juni vart eg altså Tjuefemten år ;)
Litt dumt å skrive "Tjuefemten" når kaka avslører det verkelege talet då men... Denne kaka fekk eg med karane på jobben :)

Mamma og pappa kom på besøk, og sola skein og alt var så fint! Rune hadde styra på medan eg var på jobb for å få det så bra som mogleg i heimen oppi alt oppussingskaoset! 


(Litt dårleg biletekvalitet, men ein ser no kven det er!) :) 

Vi inviterte ikkje til stor-fest, men eg fekk bestemme meny til middag, og fekk pakkar og var elles som vanleg ei barnsleg bursdagsjente! (ja, JENTE tenk) Med sugerør i pepsi-boksen!
Skikkeleg husmannskost... ;)

Sidan sola skein og det var så fint ute, så tok vi kaffen i hammocken i hagen! Beklagar dårleg kvalitet på bileta, det er mobilen min som ikkje er så flink å ta skarpe bilete...

Mamma og pappa har snart bursdagar dei også, så dei fekk pakken sin i dag! Det var ein terrassevarmar, og dei fekk den 1 mnd før tida, for slike ting får vi verkeleg bruk for her på Sunnmøre! Ein må byggje leveggar, telt, tak, markiser, varmelampar, bål, termodressar... ja, alt ein må gjer for å sete ute ein sommarskveld for tida!

Pappa pakkar ivrig opp pakken, med enno ivrikgare tilrop frå mamma som sat spent og nysgjerrig i hammocken!


Dette biletet er teke kvelden etter, utsikt frå hammocken. Eg låg i hammocken og las bok faktisk, då 4 islendingar kom syngande ned i hagen med is-kalde mohitos, kvitvin og 1 kg islands konfekt til meg! Heilt fantastisk, sånn ein laurdagskveld i solnedgangen i hagen min! :) :)
Vart bursdagsfeiring heile helga til endes då!

Det er no av og til kjekt å ha bursdag, når ein ikkje tenker så hardt på det!  

fredag 8. juni 2012

Tjue-femten år

Ja, då er dagen komen, fru Rotevatn har bursdag

8. juni 2012                                                     8. juni 2011


Her er verskildring frå dagen i dag, kontra dagen i fjor! Eg må ha vore snillare i år enn i fjor, sia sola skin så fint i dag! ;)

35 år... Nærmare 40 enn 30 no. Sukk! Kvar vart tida av?
Det er mykje som rotar og surrar i hovudet når eg tenker på meg sjølv; mellom anna alder, gråe hår, rynker, kropp, jobb, tid, stad, opplevingar, ja rett og slett livet. Kva har eg gjort så langt i livet mitt? Har eg gjort noko spesielt? Skulle eg gjort meir før eg vart så gamal? Ja, heilt sikkert!

Eg burde reise meir før det er for seint.
Eg burde leve meir i nuet!
Eg burde gripe dagen og nyte kvar dag som om det var den siste!
Eg burde besøke familie og venar oftare!
Eg burde bli ferdig med oppussing av huset, slik eg får nyte heimen lenger
Eg burde lære meg å lage mat
Eg burde lære meg å sy, hekle og strikke, kanskje?
Eg burde vere enno meir aktiv og lære nye ting
Eg burde få meg ein hund
Eg burde hugse oftare å gå til frisør og tannlege
Eg burde lære meg halde huset ryddig
Eg burde hugse å vaske og tørke støv i heimen
Eg burde hugse å rose andre
Eg burde prøve å sjå positiv på ting, i staden for å fokusere på det negative
Eg burde også slutte å lage hugselister over ting eg skal gjere og burde gjere...

For livet er ikkje berre burde burde!!
-så lista mi stoppar her, for den kunne blitt laaaaang!

Så eg får som sagt leve  nuet, og alder er jo berre eit tal!
Eg har i mitt 35'te år både blitt spurt om legitimasjon for å kjøpe både vin og snus, så eg skal vel kanskje ikkje klage over fleire grå hår, smilerynker og andre ting. Kan ikkje rå over slike ting!

Eg er også utruleg takknemleg for det eg har opplevd til no, og er så glad i alle rundt meg, familien og i livet.
Og spesielt Rune min da! Som betyr ALT for meg!
Så lenge eg har han er eg lykkeleg!

I dag skal eg feire bursdagen min ilag med han, sola skin, og det er litt sommar i Volda.
Og så er eg så heldig å få besøk av mamma og pappa som tek turen frå Vatne!
Det blir eit LITE selskap med oss 4, og med enkel servering, for eg har ikkje tenkt på å ha noko storfeiring. Det er jo berre ein vanleg dag, med eit tal av ein alder som ikkje har noko å bety. Og stova og kjøkkenet er full i verktøy og material, så noko storfeiring og mange gjestar hadde vore uråd uansett. Får ta det att den dagen eg blir 5 år eldre... :)


KJÆRLEIK
Så, no skal eg gripe dagen og kose meg!