fredag 20. januar 2012

Ny bestevenn!

"Veslepus" har godtatt meg, etter 3 år! :)


La seg oppå fanget mitt igjen, og eg fek til og med klappe og kose på ho!
Utan å få allergi!


















Ho har også funne seg ein bamsevenn! :) Hihihi! Artig skygge av ørene deira på veggen bak!


torsdag 12. januar 2012

Å leve i ei boble

Det er mange måtar å leve i ei boble på. Nokon ser på å leve i ei boble som ein tilstand som gjer at ein ikkje ser eller eller sensar andre ting enn det som skjer i eins eige liv.
Men slik The Rotevatns ser det, så er det å leve i ei lykkeleg BOBLE, der det er trygt og godt, fylt av kjærleik og omsorg, og der ein kan skubbe alle bekymringar vekk, i det minste for ei lita stund.
Difor har vi fått tak i bokstavar og har dekorert hylla i gangen med ordet "BOBLE".
Nokon bruker ordet "LOVE" eller "HOME" etc, men vi synes at heimen vår nemleg er vår eiga gode boble :)

onsdag 11. januar 2012

Stormfull slutt på 2011

Det er lenge sidan eg har skrive her på bloggen. Skal prøve oppdatere "kort"...
Julaften feira vi i Ålesund hos svigermor Kari, og det var ei kjekk og roleg julefeiring. Med tre vaksne vart det likevel mange pakkar og stor glede over alt det fine vi fekk. Det blåste opp om kvelden, men det gjekk over. Var vel ei lita åtvaring for kva som var i vente.
1. juledag reiste The Rotevatns innatt til volda. Kom hit i 16 tida, og Rune jogga ein tur før han byrja på middagen. (Ja, han er kokken i familien)
Når kl var 19 så blåste det skikkeleg opp, og straumen gjekk i ny og ne. Det vart berre verre og verre! Det tok skikkeleg tak i huset, og det store vindauget vårt i stova bula innover til det tok borti lysestaken som stod nokre cm frå glaset i utgangspunktet!
Eg var livredd!
Rune måtte ut og flytte ein tretopp som hadde knekt ved vegen, og fekk hjelp av stormen i det den LØFTA tretoppen over steingarden medan han drog i den! Eg var fortsatt livredd.

Fann ut at beste plassen å vere var på badet. Der sat/låg eg med stearinlys som lyskjelde, rosa Kid hørselvern, og en pc som berre hadde nett av og til. Men eg fekk spele på telefonen min.
Så hadde vi verken internett, straum eller telefonlinje!! Heilt isolert! Stupmørkt ute, og det ula, storma og drog i huset.

Vi har ei enorm bøk rett ved huset, med fallretning rett i taket. Eg var livredd.
I tillegg har vi ca 10 store grantre langs vegen og husa, og andre tresortar. Over 100 år gamle...

Når det endeleg roa seg i 01.00 tida måtte vi ut og sjå med lommelykt om det var noko skadar på husa, vedskjulet/garasja eller løa.
Det var litt av eit skremmande syn som møtte oss der i mørket!!

Eg tok bilete av skadane om morgonen 2. juledag i 10 tida:




Flaks at treet datt oppover!


Dette rotveltet var det største, med 3 stk STORE grantre, OG ein bil oppå. Bilen stod parkert på vegen ved siden av trea. Ikkje vår bil, men leigebuaren vår sin. Mange har sett dette biletet i aviser, nettaviser og på tv, for det vart mykje omtale om denne hendinga i media!
Det rare var at det ikkje vart noko skade på bygningar!!

Den store bøka i fallretning huset vårt står enno, men det har vore rørsler i rota... NO SKAL DET SAGAST NED EIN GONG FOR ALLE!!

No er det berre å vente på takstmann, gravemaskiner og proffe folk som skal fjerne rotvelta og dei andre trea...