Dag 1:
Etter at flittige islandske vener hjalp oss å setje opp stilas, så hadde vi ingen unnskylding lenger. Vi måtte berre setje i gang med husmaling, ja så lenge veret tillet det! Og veret det kom! Det er meldt 4 dagar med opplett!
Onsdag sette vi i gong. Rune mala heile to veggar, heilt oppi mønet, og eg mala innsida av rekkverket på verandaen, på like lang tid. Hmm... Høyres veldig rart ut, på vesle verandaen vår på 7.5 x 2.5 meter...! Men jaggu er det veldig mykje pirk for ein perfeksjonist!!!
Islendingane i full action! :)
Rune er i gang med å male, dag 1! Og 1. strøk! Høgt heng han, men sur er han ikkje! (?) ;)
Dag 2: Rune er i gang med strøk nr 2 på eine veggen! Så hadde han plenklipping og hagearbeid føre seg etterpå, medan eg hang i stigen og tok 1. strøk på utsida av rekkverket.... Som også tok lang tid...
Dag 3:
Alice tok 2. strøk på innsida av verandaen pluss NESTEN heile utsida, og Rune tok siste strøket på siste veggen, og så var vi kjempesliten etter 3 laaaaange dagar med 9 timar malingsarbeid kvar dag!
Her er eg med siste perfeksjonistisk etterstrøk på innsida! Må berre seie : Learning by doing!!! Derav:Eg dunkar hovudet inni malinga heile tida, og det er IKKJE kult med maling i håret!! Difor eit teit panneband! Caps er upraktisk når eg skal ligge langs govet og kikke under nedste planken!
Hanskar er også lurt. Og for å unngå blåkular på knea; PUTE!!!
Sist men ikkje minst; Sjølv om det var middels steikandes sol: Hugs SOLKREM! Eg brukte faktor 15, men fekk både sløyfer og strek på ryggen, med lilla farge rundt etter 1. dag. Difor t-skjorte resten av dagane!
Men ingenting forhindrar støle ryggmusklar i slikt arbeid!!!
Dag 3 på KVELDEN:
No er vi klar for å SLAPPE AV! Vi har jo tross alt FERIE!!!
Fantastisk deilig grillspyd og skalldyr a'la chef Rune!
No nyte vi ettersmaken av NYDELIG skalldyrmiddag, og ser fram til (?) ein dag til med maling,
før regnet kjem....
Så tek me kanskje ferie!