torsdag 16. juni 2011

Henta av ein engel

Ein engel stryk handa forsiktig over kinnet
godheit og varme brer seg i kroppen.
Aleine, men ikkje einsam.
Rommet er fylt av kjærleik
- ei kjensle av å vere "heime"

Augelokka er tunge og lukka
men aldri har livet vore så klårt
Kroppen er sliten men nøgd.
Eit smil frå sjela
- ei kjensle av tryggleik

Aleine, men ikkje einsam
kjærleik frå Gud fyller hjartet.
Alle hans kjære elskar, og er elska.
Kjærleiken vil vare for alltid
- ei kjensle av nærheit

Ein engel sine armar omfamnar ein sliten kropp
passar på og viser veg.
Viser veg til lyset, det store himmelriket.
Engelen er godheita, ein kjenning, og ho - smiler av varme
Smiler av kjærleik til sin sjelevenn

Engelen går hand i hand med ein annan engel
ein engel med nye vingar,
Ho og han,
saman går dei i kjærleik
til kvarandre og til Gud



- Alice -

Kvil i fred, kjære morfar.
Eg veit du er i himmelen hos mormor no.

1 kommentar: