torsdag 23. juni 2011

Alltid i våre hjerter!

No er minnestund og gravferd overstått. Det har vore ei tung veke, med mange inntrykk, sterke opplevingar og stor sorg. Godt er det at ein har familie og vener å dele tankar med.
Tysdag hadde vi minnestund for morfar i kyrkja.

 
Vi køyrde i kortesje med heile 9 bilar frå Vestnes til Fiksdal, med stopp på gardstunet til mofar.
Der stoppa heile følgjet på tunet, og vi fekk ei lita stund ilag attmed benken som morfar så ofte sat på.


Ei utruleg fin minnestund i kyrkja etterpå. Veldig personleg, privat og intim.
Dei som ville, fekk gje ein personleg ting som skulle følgje med, og eg ville at morfar skulle ta med diktet eg hadde skrive; "Henta av ein engel". Bakpå hadde eg ei personleg helsing. 

Ein annleis ting å gjer, men eg synes det var innmari godt å gjere det slik, og vi fekk som familie ei "god" stund ilag.
Tysdag 21. juni var jo også bursdagen til morfar, han hadde blitt 95 år! Og i tradisjonens ånd og etter morfar sitt ønske så samlast vi etterpå i selskapsteltet ved fjøra i Fiksdalen.
Gravferda var dagen etter, onsdag 22. juni.

Utruleg mange fine kransar, bukettar og helsingar. (Har ikkje lagt ut fleire bilete av inne i kyrkja.)
Kyrkja var full av både blomar og folk, og som eit av tantebarna mine sa:
"Oldefar var populær"! :) Og det er heilt sant! Han var unik! Han var ein institusjon i seg sjølv!

No har vi att gode minner og kjærleiken hans i våre hjerter! Og FOR ein kjærleik!
Eit av dei siste bileta av meg og han, akkurat som eg kjenner han.
Tøysete, glad, artig og humoristisk:

"Han skulle kjøpe seg ATV når han blei gammal, sa han då han var 80 år. Og når han vart 90 så kjøpte han seg ein slik" :)
Dette biletet er teke for akkurat 1 år sidan. Og denne køyrde han på 1 veke før han reiste frå oss.

Alltid i våre hjerter!



2 kommentarer:

  1. Kjære Alice
    Så trist å høyre at du har mist morfar din. Du skriv så fint om alt, og eg skjønar godt at det er eit tap å miste ein slik supermorfar!
    Tenkjer på deg, og håpar sola snart skin på deg. Kanskje vi treffast snart?
    Klem, AM i Solflekken

    SvarSlett
  2. Takk for det AM!
    Ja, sola berre MÅ skine no snart altså! Og så må vi no treffast snart! Spent på å sjå korleis de har det oppe i Solflekken :)

    SvarSlett